Kategoriarkiv: samlingstips

Eit viktig aspekt i samlingsstund.

#læringsinnlegg for barnehagefolk.

No i Korona-jobbinga har eg laga ein del filmar, eller rettare sagt tre. Ei vanleg digital samlingsstund, ei bursdagssamlingsstund og ei bok-lesing, som ikkje er publisert endå.

Når eg lagar filmar til vanleg, prøver eg å gjere dei så korte som mogeleg, for at folk skal gidde å sjå dei. Dette gjeld ikkje minst når eg skal sjå på andre sine filmar, viss filmane vert for lange, så gidd eg ikkje bruke tid på det.

Men no når eg filmar til ungane, så filmer eg i eit, og klipper minst mogeleg. I vanlege filmar klipper eg vekk all dautid. Men ikkje i samlingsstund-filmar. For i samlingsstunda er tid eit viktig aspekt. Eg gir ungane tid til å respondere, me brukar tida saman, og samlingene vert gjerne lange. Slik som mine digitale samlingsstunder vart. 13 minuttar og 18 minuttar, vanlegvis held eg meg under 10 i filmane mine, fordi folk gidd ikkje sjå på lange filmar, alt skal gå fort.

Men ungane treng tid! Dei treng tid til å tenkje, dei treng tid til å svare og respondere. Ikkje stress samlingene dine, gi ungane tid til å vere med.

Sjå på klippa under, tida eg brukar på å introdusere ein sang eller eit eventyr.

Kor mykje meir moro er det ikkje for deg og ungane å gjere det på denne måten, i staden for å seie; «No skal me synge Gå ein tur i jungelen – 1-2-3!»?

Tenkjer du over dette i samlingsstundene dine? Eller stressar du deg gjennom? Hugs;

Du har tid!

De skal ikkje rekke noko som helst, gi ungane tida tilbake! <3

Samlingsboksen på Facebook
og på Instagram.

Klem,

Gudrun

Hurra for alle som har bursdag i april!

Eg kunne ikkje ta påskeferie før me hadde hatt aprilbursdagssamling! Gratulera med dagen til alle som har bursdag i april, spesielt til dei to som vart 4 år på Knubben, dei to som vert 5 år på Maurtua, dei to som vert fem og ho som vert seks år på Bjørnehiet, og til dei tre som vert tre på Vetlebekken og Nyperusti, og dei to som vert to på Nyperusti og Kleivadn. Men òg til alle andre ungar i heimebarnehage som har bursdag i april.

Håpar de får ein fin bursdag alle saman! Og god påske!

Del gjerne posten vidare viss de likte bursdagssamlinga <3

Påskeklem til alle ungane mine fra Gudrun

Handdokke sjiraff
Gudrun og Sjiraffen Laffen

Dårlige samlingsstunder

…eller historia om den gongen eg var innesperra åleine med 15 ungar…

Dette er historia om dårlege samlingsstunder. Det er ikkje alltid det er super-dupert. Av og til er organiseringa skikkeleg teit, og du vert sittande åleine med 15 barn i ein times tid. Då er det jammen bra om du ikkje misliker samlingsstunder i tillegg.

Dårlege samlingsstunder – me har alle vore der!

I fjor så hadde eg ei samling som eg tenkte at denne, denne skal eg bruke som eit dårleg eksempel på korleis ein barnehagekvardag kan utarte seg.

Eg kom på jobb til vakta mi, skulle vere støttepedagog, og hadde to ungar eg skulle fordele tida mi på. Alle ungane på avdelinga var samla på samlingsrommet då eg kom. På avdelinga var det fullt av kinesarar som skulle høyre på eit føredrag. «Du må ta samling!» sa ho som skulle vere med ungane, mens ei var på morgomøte og ei var saman med to ungar på testing av fysioterapeut.

Du må ta samling!

«Ehe, ja, det kan eg», svara eg, «men eg likar best å ha min eigen boks, kan eg hente den?» Nei, det var det ikkje tid til. «Du kan bruke denne», sa ho, og kom med ein light-variant. Boksen min stod i garderobeskapet mitt, eg pleidde ikkje få ha samlingsstund på denne avdelinga, og hadde slutta å dra den med meg.

Så; der skulle eg ha samlingsstund, den første på denne avdelinga, åleine med 15 ungar og med ein boks som ikkje inneheld det boksen min gjer.

Jaudå, første kvarteret gjekk veldig bra, eg elskar jo å halde samlingsstunder. Så kom det att ein vaksen, me tenkte at no er det nok snart slutt. Det gjekk 25 minuttar til, og fire av ungane skulle vidare på opplegg med ein annan avdeling, desse snik seg forbi føredraget saman med den andre vaksne.

Det kjem ein ny vaksen inn. Smertegrensa på ei samlingsstund er 45 minuttar. Og då må eg vere mentalt førebudd, og ha min samlingsboks med mine ting og mine songar, ja, med min energi. Egentleg er 20-30 minutt det mest perfekte. Og der sat eg og hadde hatt samling i ein time, på ein boks med begrensa utval. Me hadde atpåtil fått beskjed tidleg i samlinga at me måtte vere stille, fordi me forstyrra føredraget. Då det var passert ein time, tok me gjengen med oss forbi heile føredraget. Då trengde ungane å bevege seg og eg var heilt utslitt.

Hei, eg heiter Joy! reddar dagen!

Så; alle mine samlingsstunder er ikkje super-dupre. Men eg er veldig glad for at eg er så trygg på det å halde samlingsstunder at eg faktisk greidde å redde i land denne samlinga med hovudet høgt heva. Fekk til og med ei god og positiv avslutting for både meg og ungane med «Hei, eg heiter Joy», som er ein bevegelsessong som er veldig fengjade og slo skikkeleg godt an blant ungane.

Ofte skjer det ting i barnehagekvardagen, som gjer at eg er glad for å ha «Sju steg til ei spennande samlingsstund» i ryggraden. I facebook-gruppa til kurset, vil det verte ein idebank med sangar etterkvart.

Har du eksempel på dårlege samlingsstunder? Del gjerne <3 Besøk meg gjerne på Facebook.

Klem, Gudrun

Samedagen – Eventyret om reven og kråka.

Denne veka markerer dei fleste barnehagar Samedagen. Me skal ha stor feiring på torsdag, og i moro skal eg ha samling med samedagen som tema. Eg har valgt ut eit eventyr som eg fann hjå NAFO. Ungane mine er tre år, så dette var passe skummelt. Dei andre eventyra eg har funne har vore litt for skumle.

Som du ser, lever eg meg alltid veldig inn i historia. HER finn du andre historier eg lever meg inn i; Historia om guten som fekk den finaste bursdagspresangen og Historia om då ulven ville invitere små grisene i bursdag.

Kråka og reven


Historia nedanfor handlar om då Kråka måtte gi frå seg egg til Mikkel. Eg endra fra RAVN til BJØRN fordi eg ikkje hadde nokon som kunne spele ravnen. Eg har ikkje øvd så veldig på eventyret før eg filmar, men det er heller ikkje poenget. Poenget er å gi deg eit enkelt, fint eventyr å dramatisere.

Viss eg skal gi deg berre eit tips til å gjere samlinga meir spennande, så er det heilt klart HANDDOKKER! Det løfter ei kvar samlingsstund fleire hakk. I denne historia bruker eg som du ser samlingsboksen sin Mikkel Rev og Bamse Brakar, i tillegg til at ei ugle har fått rolla som Kråke. Ugla er stjelt heimafrå, frå ein av ungane mine, uvisst kor ho kjem fra. Men «man tager hvad man haver» heiter det.

Har du noko gode tips til feiring av samedagen? Korleis gjer de det i din barnehage? Del!

Følg meg gjerne på
FACEBOOK
INSTAGRAM

og bli med i facebookgruppa vår!

Ha ein fin dag!
klem,
Gudrun

Inspirasjon – samlingsstund med store barnegrupper.

Eg tykkjer det er moro med samlingsstund uansett – om det er fem eller femti ungar. Men eg veit jo det at for mange andre, så er det meir innafor komfortsona å ha fem ungar enn femti.

Men høyr her, jobben er uansett den samme, ikkje sant? Dei fem har like stor rett på ei god samlingsstund som dei femti, og omvendt.

Vil du sjå mine to historiar?

I vår barnehage har me delt i storbarn og småbarn i år, og ein gong i månaden har eg fått lov å ha fellessamling på storbarn, som vil seie ca 55 ungar og ca 12-15 vaksne.

Eg har med min vanlege samlingsboks, der mitt gull ligger, og eg har planlagt ei dramatisering som har med bursdagsfeiring å gjere. Viss du vil sjå dei to historiene eg har brukt, så finn du dei HER

Eg har nokre enkle køyrereglar;

  1. Dei som møter tidsnok, skal ikkje sitte og vente på dei som er seine. Me hadde avtalt at felles bursdagssamling skulle starte kl 11 i lavvoen. Avdelinga mi gjekk inn kl 10.56, fann plassane våre blant avdelinga som allerede sat og venta. Men me mangla ei avdeling. Eg har då 34 ungar som er klare, men manglar dei 18 siste. Kva skal eg gjere? Jau, kl 11 startar eg. Eg har 34 utolmodige ungar sittande, kvifor skal dei verte endå meir utolmodige fordi den siste avdelinga er for sein?
    Eg praktiserer dette i vanlege samlingsstunder òg, nokre ungar – og vaksne – er naturleg seine, dei må alltid ventast på, vel, eg ventar ikkje. Samlinga mi vert bedre av at eg startar mens etternølarane finn plassen sin, enn at eg må bruke mykje krefter på å hente inn att dei som er leie av å sitte allerede fordi me berre sit og ventar.
  2. Eg konsentrerer meg om ungegruppa, og forventar at dei andre vaksne skal ta evt trøstejobbar osv. Når eg har samlingsstunda, er eg der for GRUPPA, viss eg sit åleine, så sender eg ut ungar til nokon andre vaksne viss dei må ha trøst eller liknande. Eg brukar ikkje tid på enkelt ungar mens dei andre sit utolmodig og ventar. Med unnatak av deltaking i samlinga sjølvsagt. Men i store fellessamlingar opnar eg lite opp for individelle deltakarar, nettopp fordi då er det så lett å miste gruppa. Dei andre 51 ungane tykkjer ikkje det er moro å høyre på ein annan unge synge Bæ bæ lille lam viss det ikkje betyr at dei òg får synge solo. Og du kan ikkje late 52 ungar synge solo.
  3. Fokus – fokus – fokus! Den vaksne må vere tilstede! Du må kose deg, vere der med heile deg. Me har vel alle vore med på vår del av inspirerande samlingsstunder, der du egentleg held på å sovne? Viss du ikkje er tilstede, får du heller ikkje ungane med deg.

Ikkje alltid andre me må vente på….

Eg får litt pes av den «Eg ventar ikkje»-regelen, for av og til er det min avdeling som er sein, men eg ventar ikkje på dei heller. Leie ungar er eit dårleg utgangspunkt for ei god samlingsstund.

Samlingsboksen

Det er dramatiseringa som er bærebjelken i samlingsstunda, men samlingsboksen er viktig den òg. HER og HER finn du inspirasjon fra min boks.

I samlingsboksen har eg mange konkreter som minner meg om songar, eller gir ungane inspirasjon til å komme med forslag. Den vesle raude boksen er virkelig ein slager! Forrige samlingsstund eg hadde fekk eg spørsmål fra ein av dei eldste ungene; «Kan ikkje du ha den boksen når du skal ha bursdagssamling for meg?» Eg svara at «Jau, det skal eg!» Eg hadde nemleg ikkje hjarta til å fortelle ho at «neste gong du har bursdag, har du begynt på skulen.»

Meir inspirasjon

Bli gjerne med i facebookgruppa mi, der legg eg ut ein del songvideoar og anna spennande som eg ikkje tørr poste offentleg.


Klem,

Gudrun

Sju steg til ei spennande samlingsstund.

I 2014 var eg på kurs i London, Experts Academy med Brendon Burchard. Der laga eg rammeverket til Sju steg til ei spennande samlingsstund. No skriv me 2019, og det er meir enn fem år sidan eg starta på denne reisa. Etter nyttår tok eg tak, planen har alltid vore å lage nettkurs. Men no bestemte eg meg for å starte med fysisk kurs i staden. Og ta eventuelt nettkurs etter kvart.

Det er ikkje alle som gledar seg til å ha samlingsstund. Kanskje du er ein av dei som gruer seg til det er din tur? Føler at du ikkje klarer å fengje ungane? Eller kanskje du ikkje er komfortabel med å ha vaksne tilskodarar?

Eller kanskje du er som meg, elskar samlingsstunda, men har lyst å lære meir, få litt inspirasjon?

Uansett kva du føler og meiner om samlingsstunda, så håpar eg at kurset mitt vil gi deg samlingsglede. I kurset går eg inn på sju modular. Det er start, spennande, sjå og smil, saker, songar, skodespel og slutt. Alle viktige komponentar i ei samlingsstund.

Eg har vore med på, og hatt sjølv, ein del kjedelege samlingsstunder. Dei vaksne brukar meir tid på å hysje og halde ungane i ro enn på å delta i samlinga. Eg hugsar ei samling eg var på som rimeleg fersk førskulelærar, eg hadde eit par urolege gutar, og lurte litt på kva eg skulle gjere med dei. Då sa ho som hadde samlinga; «Det er eg som må prøve noko nytt.»

Det er mitt mantra; Det er mitt ansvar at eg held ei samling som gjer at ungane har fokus fram til det eg driv med. Og det får eg ganske ofte til! Ikkje alltid, sjølvsagt, og av og til driv eg på litt for lenge, men det er jo fordi det er så moro. Eg har hatt samling med heilt små, med store grupper med stort aldersspenn, med store. Og det er stortsett alltid moro.

I år har eg 10 to åringar, dei skrattler når eg «skremmer» dei. Vaksne som er innom avdelinga, skvett mykje meir når eg begynner med sprella mine.

Eg gledar meg til å teste ut kursmateriellet mitt.

Klem,
Gudrun <3

Gudrun sine favorittar – vol 4

Me har hatt nettverkssamling i dag, eg er i fagnettverket til Kunst, kultur og kreativitet, ofte forkorta til KKK, som dotter mi på 16 år tykkjer er ei heilt forferdeleg forkorting.

I dag hadde me deling av songar og songleikar, eg har skrive om førebuinga til denne samlinga her. Me fekk i oppgåve å sende inn tre songar, frå alle som er i nettverket i kommunen. Eg sende inn 7. Den eine vart valgt ut til delinga; Gå i jungelen.

Eg har fått mykje respons både på bloggposten og på Facebookgruppa og tenkjer eg kan dele fleire av mine favorittar med deg.

Opningssongar

Denne er frå mi tid i Stedje barnehage. Godt mulig versjonen min ikkje stemmer heilt med den eg i utgangspunktet lærte, men dette har iallefall vorte min versjon.

Hei alle saman

Hei alle saman vil de vera med og syngja?
Ja, det vil me gjerne!

Kanskje me får heile barnehagen til å gynge.

Ha ha ha ha
he he he he
e – i – o
e – i – o
Å sjubbe-dubbe-dubbe-dua

Ha ha ha ha
he he he he
hi hi hi hi
e – i – o
e – i – o

Denne brukar eg når eg har «fellessamling» med småbarns/mellombarnsavdelingane i barnehagen. Når eg har fellessamling med alle, som eg ikkje har hatt i år, fordi me har vorte ein stor-stor barnehage med 81 ungar, er det denne eg som oftast vel.

Her i barnehagen

Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det gøy – Her har me det gøy
Mykje rart å gjere – Mykje rart å gjere
Og så mykje skøy – Og så mykje skøy

Skvi – skva -skvadulia – Skvi – skva – skvadulia
Skvadulia ååh – Skvadulia ååh
Ari – ari – ari – Ari – ari – ari
Ari – ari – ååh – Ari – ari – ååh

Eg lærte eit nytt ord for denne typen song i dag; call-response, eller rop-svar. Eit passande navn, tykte eg. Me er så heldig i nettverket mitt at me har fått Lena Skjerdal som høgskule-kontakt, og ho er eit oppkomme av kreativ sang.

Til vanleg songsamling, vel eg oftast «Godmorgon alle saman». Eg tykkjer det er viktig å ha ein fast song til opning av samlingsstunda. Eg pleier berre å starte samlinga med dei ungane som har sett seg. Då kjem dei andre ganske kjapt. Viss eg skal vente til alle har komme og sett seg, er dei som kom først allerede vorte rastlause. Så då likar eg bedre å berre starte.

To frå Kirsti

Eg hadde, som eg har nemd før, Kirsti Ese i musikk då eg gjekk på Lærarskulen. Her kjem to av mine favorittsongar frå ho. Ho lærde oss eit vell av songar, og mange av dei er mine favorittar, men i dag får du berre to.

Kjennerblues

Eg kjenne da i magen – åååå-hååå
Eg kjenne da i ryggen – ååå-håå
Eg kjenne da i føttn – åååå-hååå
Eg kjenne da i håve – ååå-håå

Eg kjenne da her og her og her og her og her og her og her.

Eg er så glad – i heile kroppen.

For dei av dykk som gjekk på Lærarskulen saman med meg, eller har kjennskap til Kirsti Ese; Nei, ho song ikkje denne songen på Dala-dialekt, men eg har gjort han til min, og oversett han til Daling. Eg lærte den på bokmål, viss du vil bruke han og ikkje er komfortabel med kav sognadialekt, så kan du berre oversette han til di dialekt.

Samina

Samina mina eh eh
Waka waka eh eh eh

Samina mina sangelewa
Anawa eh eh

Samina mina eh eh
Waka waka eh eh eh

Samina mina sangelewa
Anawa eh eh

Django eh eh
Django eh eh eh

Samina mina sangelewa
Anawa eh eh

Denne dukka plutseleg opp i ein fotballsong, Shakira som song. Det gleda meg stort! Eg anar ikkje kva denne songen betyr, men både eg og ungane likar han! Tidlegar, når eg bestemte det meste sjølv, var denne songen fast oktobersong, fordi eg tykkjer den passar til solidaritet og barn i andre land. Eg bestemmer ganske masse sjølv fortsatt, så muligens eg skal hente han fram att.

Vil du at eg skal synge inn melodien?

Eg kan gjere som sist, å synge inn songane og legge dei ut i gruppa på Facebook. Dersom du ønskjer video, kommenter under så kjem det om ikkje så brått <3

Klem,

Gudrun

Han va lei seg!

Eg las bok i samlingsstunda i dag. 10 ungar som fyller to år frå juni til desember sat med lys i augene og høyrde på boka om «Storemonster gret ikkje». Kjempe moro!

Me har lese masse bøker i leiketiden, men det var første gong eg prøvde å lese bok i samlingsstunda saman med denne gruppa. Eg valgte ei av mine favoritt bøker.

7 bøker til to åringen

Ungane vart kjempe engasjerte, og gjentok; Han va lei seg! Storemonster va lei seg.

Eg er av den oppfatting at du KAN lese bok i samlingsstunda med full gruppe, VISS du gjer det rett. Her får du mine sju tips til spennande lesing. Du må vere litt skodespelar og bruke stemma di for det den er verdt. Tilbake får du stjerner i augene og glede frå ungane!

Storemonster og Veslemonster

Storemonster og Veslemonster er fine bøker der ungane får sjå saka får fleire sider. Dei to første i serien, «Nei! sa Veslemonster» og «Storemonster gret ikkje» let oss følgje dei to monstera i kvar si bok. Bøkene handlar litt om det samme, men me får sjå det frå begge si side. Veldig lærerike, sikkert mange vaksne som kunne lært litt om andre sin ståstad av å lese desse….

Ha alltid med deg litt konkretar i samlingsboksen din. Viss du har ein boks med ting du likar, nokre handdokker og elles anna som kan knyttast til sangar og eventyr, slepp du gå tom for idear. I min boks er det sjølvsagt, handdokker av Mikkel Rev, Bamse Brakar og Sjiraffen Laffen (Larven har eigen boks) og dei tre små grisane-fingerdokkene frå nettbutikken

I tillegg har eg for tida, ei handdokke av ein sau og ei av ein krokodille. Eg har handdokker av ekkorn, apekatt, løve og tiger òg, men dei er ikkje i boksen no. Handdokker er eit fantastisk verktøy i samlingsboksen din.

Eg har ein leikebil, ein slange, mange edderkoppar med mykje, mykje meir. Det er aldri ei samlingsstund som er lik, nett slik både eg og ungane likar det.

Facebook

Sjå her for facebook-sida til samlingsboksen og her for facebook-gruppa mi. Gruppa er lukka, og der legg eg av og til ut videoar som eg ikkje postar på den opne sida.

 

Klem

Gudrun

 

 

 

 

Sju av mine favorittsongar

Vel vel, her i Indre Sogn jobbar me i fagnettverk. Nettverket mitt er Kunst, kultur og kreativitet. I dag fekk eg innkalling til nettverksmøte og der står som følgjer; Kvar kommune skal sende inn tre songar/songleikar til nettverksansvarleg.

Jammen, eg har jo ei liste av omlag 734 favorittsongar. Og eg skal velgje tre? Saman med resten av dei som er i nettverket mitt frå Sogndal? Kva gir du meg? Då er det jammen godt at eg har bloggen min! Eg skal vere flink å kutte det ned til mine 7 favorittar. Eller rettare sagt; sju av mine favorittar.

1. Gå ein tur i jungelen/Walking in the jungle

1v:
Gå ein tur i jungelen – Gå ein tur i jungelen.
Kva ser du der? – Kva ser du der?
Viss du høyrer lydar – Viss du høyrer lydar,
kva kan det ver’? – kva kan det ver’?

Eg trur det er ein slange – ssssss
Eg trur det er ein slange – ssssss
Eg trur det er ein slange – ssssss

som ser etter litt mat – som ser etter litt mat.

2v:
Gå ein tur i jungelen osv….

Eg trur det er ein krokodille – klapp – klapp
Eg trur det er ein krokodille – klapp – klapp
Eg trur det er ein krokodille – klapp -klapp

som ser etter litt mat – som ser etter litt mat.

3v:
Gå ein tur i jungelen osv…

Eg trur det er ein tiger – grrrr grrrr
Eg trur det er ein tiger – grrrr grrrr
Eg trur det er ein tiger – grrrr grrrr

som ser etter litt mat – som ser etter litt mat.
Eg håpa’kje det vert meg – Eg håpa’kje det vert meg.

Denne songen har eigne konkretar i samlingsboksen min. Eg lærte den i utgangspunktet på engelsk, og eg brukar den ein del på engelsk dersom eg har ungar som er tospråklege med engelsk som det andre språket. Det er ekstra stas for dei at me syng engelsk, og stor stas for alle ungane at me syng ein song dei kan på engelsk. Det er bevegelsar til heile songen, og ein smart måte å hjelpe ungane til å hugse tekst, er å gjere bevegelsen litt før orda kjem.

Denne songen lærte eg på barnehagekonferansen i Loen seint på 90-talet.

2. Sjiraffen Laffen

Sjiraffen Laffen
gir alltid blaffen
i om det er fløyte nok i kaffen.

Sjiraffen Laffen
sa sist eg traff’en
KARAFFEL VAFF

Tjo og hei på deg, gamle venn
tiddeli tuddeli smått om senn.
Rumba – samba og så ein vals
høyr no eg synger av full hals.

Barappardapppa… (improvisasjon)

Det var jo nettopp på grunn av denne songen at handdokka fann vegen til Lauvhaug. Dette er ein av mine signatursongar, det er denne barnehageungane mine hugsar 20 år etter. Den er kjempe fin å danse etter! Og den setter seg lett på hjernen.

Dette er ein av mange songar som musikklæraren min på lærarskulen lærte meg. Takk til Kirsti Ese, som òg har gitt ut ei flott songbok der mange av mine favorittar finst.

3. Ford Escort

Eg er eit lite stykkje tinn
ingen veit kor eg skal inn.
Har fire hjul og køyrer fort,
eg er ein Ford, ja ein Ford Escort.

Honk – honk
rasle – rasle – rasle
kresj – tut – tut

Honk – honk
rasle – rasle – rasle
kresj – tut – tut

Honk – honk
rasle – rasle – rasle
kresj – tut – tut

Honk – honk – honk – honk – honk

Bevegelsessong igjen. Konkreten til denne er ein heilt alminneleg leikebil. Denne startar i første gir, då går det rimeleg sakte. Og så aukar tempoet etterkvart som me kjem opp i høgare og høgare gir.

Denne songen har eg lært på Knøttekor på Frelsesarmeen.

4.. Tre små griser

Tre små griser – lalu lalu lalu

Dei sang på vegen – lalu lalu lalu

Så kom ulven – lalu lalu lalu

Grisane blei redde – lalu lalu lalu

Kva trur du så dei gjorde – lalu lalu lalu

Dei sprang heim til mamma – haha haha haha

 

Dette er ein ultimat småbarnssong. Eg lærte den av Elisabeth, som var musikklærar på Høgskulen og hadde kurs på barnehagekonferansen seint på 90-talet. Eg dramatiserer denne songen med fingerdokkene. Ungane diggar den, og to åringane syng på den i leiken.

Her er filmen om Tre små griser

5. Kamelen Klara

Ein tiger er for diger,
og ein flodhest er for brei.
Ei mus er for lita,
og ei løve er’kje grei.
Vi har ikkje nok vatn til å kjøpe ein sel,
då veit eg kva vi gjer!
Kva då?
Jo vi kjøper ein kamel.

Så set vi oss og rir på kamelen Klara,
og snart så er vi ved midt i Sahara.
Oh – lakka – lakka – lakka.
Oh – lakka – lakka – lakka.
Jadda – jadda – jadda – jadda.

 

Denne songen er det fleire versjonar av, og eg likar sjølvsagt min versjon best. Det er ikkje min versjon då akkurat, men den versjonen som eg lærte først. Bevegelsessong dette òg.

Lært frå ein vikar som var innom avdelinga mi rundt årtusenskiftet.

6. Oh libala

Oh libala – oh oh
Oh libala – naka songo je je.

Gudrun indie – Karsten indie – Julie indie
naka songo je je.

Dette er ein navnesong frå Zaire. Eg veit ikkje kva det betyr, og veit heller ikkje om songen faktisk er frå Zaire. MEN eg veit at den er veldig fengjande og har fine trommerytmer. Den har eit andre vers, med Oh libala – oh mutema, der mutema er den einaste forskjellen frå første verset. Eg likar egentleg andre verset best, men kutta det ut for nokre år sidan og brukar berre første verset no. Eg trommar rytmen  på låra.

Eg lærte den frå ein vikar med rastafletter for snart 20 år sidan.

7. Apekatten Bongo Bongo

Apekatten Bongo – Bongo,
veit du kva han kan?
Han kan klatre Bongo – Bongo,
heilt til topps han kan.

Apekatten Bongo – Bongo
sitter i eit tre.
Når han ristar Bongo – Bongo,
faller nøtter ned.

aaaauuuu!

Dette er den nyaste av favorittane mine. Lærte den frå ein student som var innom på avdelinga for nokre år sidan. (Takk Lena) Denne er det òg bevegelsar til.

 

Eg har mange fleire favorittsongar. Dei kjem kanskje i eit (eller fleire) anna innlegg. Som du ser, er eg veldig glad i bevegelsessongar – og det er ungane òg.

Eg lagar gjerne video med melodi og bevegelsar dersom det er nokon som ønskjer det. Skriv i tilfelle ein kommentar i kommentarfeltet.

Edit; Har lagt ved to filmar. Det kjem fleire, men for å få med alle, gå inn på Facebook-gruppa.

Klem,

Gudrun.