Månedlige arkiver: oktober 2014

handdokker av bjørn, rev, larven aldrimett, sjiraff og dei tre små griser og ulven

Sju steg til spennande lesing

Å lese bøker i samlingsstunda, kan ofte vere utfordrande. Det krever ein del av den som les. Her gir eg deg mine enkle steg, som gjer at lesing blir moro.

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

1. Kjenn boka. Det er viktig at du kan boka godt nok til at du ikkje er avhengig av teksten. Du må kunne lese boka oppned, eller kunne legge frå deg boka for å spele handlinga for ungane.

2. Konkretar. Ta med noko for å illustrere teksten. Dette gjer lesinga meir spennande, og du får med deg dei ungane som ikkje er så språkleg sterke.

Me las Lille larven Aldrimett i haust, då hadde eg med meg handdokka, og eg hadde laga dei forskjellege tinga larva åt seg gjennom. Desse hang eg opp på veggen, og brukte dei som kulisser.

Larve i korg
Larve i korg

3. Stemma di. Du må bruke stemma di til å fange inn ungane. Det nyttar ikkje å lese med monoton stemme.

Når eg les om ein krangel mellom den største grisen, Pelle Gris, og ulven, brukar eg stemma til å krangle med. Eg snakkar i munnen på meg sjølv.

4. Augo dine. Augo dine er ein del av underhaldninga. Du skapar kontakt med ungane ved å sjå dei alle inn i augo medan du spelar, eller eg meiner les… Ansiktet ditt spelar dei forskjellege kjenslene du plukkar opp i boka.

Når ein av dei små grisene, Puslegrisen eller Sporty Bust, møter ulven, sperrer eg opp augo og krymper meg litt.

5. Kroppsspråk. Du må bruke heile deg dersom du skal lese i samlingsstunda for heile gruppa. Viss det ikkje skal verte eit einaste langt «HYSJ!!»

Når eg les bøker i samlingsstuda, går armar og hender i eitt. Dei kan brukast til å illustrere noko lite, eller noko stort, til å vere redd, eller vere glad, til å sove, til å vakne.

6. Medvirking. Få med deg ungane. Viss du gir dei oppgåver, hentar du dei innatt.

Når me las Hakkebakkeskogen for eit par år sidan, var t.d. ungane med og uuuula som reven. Viss me les om dei tre små griser, kan dei vere med å blåse med ulven osv.

7. Merksemd. Du må vere med sjølv. Det er ikkje rett å gøyme dette punktet til slutt, det er alfa omega. Du kan ikkje planlegge middag medan du kommuniserer med andre menneske. Dei merkar det. Når du les boka for ungane, må du ha fokus på det du gjer!

Eg har sagt det før ein gong; viss eg syng feil, er det fordi eg ikkje er tilstades. Kan godt hende det er fordi eg ser innover, på det som skjer inni meg, som t.d. viss me har framvisning i barnehagen, så er det litt stressnivå ute å går, då kan det hende at eg mister fokus.

Nåja, det hender eg mister fokus elles òg altså, men viss du mister fokus, så vit at det vert oppdaga, du kan ikkje lure deg unna.

Fingerdokker Dei tre små griser og ulven

Kva med deg, likar du å lese bøker? Og likte du tipsa mine? Del gjerne vidare med andre!

-Gudrun-

Av og til må du sjå deg tilbake…

I dag vil eg snakke om 48-timars regelen. Alle med barn i barnehagealder og alle som jobbar i barnehage, veit kva eg snakkar om. Alle har høyrt om det, og alle veit noko om det, men no skal eg gi deg eit bilde som kanskje gjer det enklare å overhalde regelen, sjølv om ungen er super frisk og kjempe energisk i to dagar, og du har veldig mykje du skulle ha gjort på jobben.

Kvifor skal du ta hensyn til dei andre ungane og foreldra i barnehagen? De er jo ferdige med spysjuka, det er ikkje ditt problem meir.

Jau, det kan verte ditt problem att. Når du har hatt ein omgang med spysjuka, så er du imun i 14 dagar, før du kan få det att. (Og JA!! Eg veit av personleg erfaring at dette slett ikkje berre er ei myte, både eg og ungane har fått det att to – og tre – gonger i samme omgang.) Så det seier seg sjølv at det fort kan verte ditt problem att, viss du ikkje overheld 48-timars regelen, ikkje sant?

Viss du ikkje overheld 48-timars regelen med ditt barn, smittar ditt barn nye (eller dei som alt har hatt det ein gong) barn, som kanskje også har foreldre ikkje overheld 48-timars regelen, og som då smittar ditt barn igjen. Og du sit att med svarteper og må tørke spy.

sjuk_igjen

Det er her tilbakeblikket kjem inn. Når du får lyst til å sende ungen fortidleg i barnehagen att etter spysjuka, sjå nett tilbake på den dagen då ungen låg bleik og tusk på sofaen og sprang i skytteltrafikk mot do. Av og til rakk han det, av og til ikkje. Vil du gjere dette att om 14 dagar?

Neivel? Så overhald regelen då! 

Takk! Min peikefinger i dag, me er ferdig med dette barnehageåret sin første omgang, måtte det verte den siste!

-Gudrun-

 

Pelle Gris, den rettferdige storebroren

Pelle Gris er ein alvorleg og fornuftig liten gris, han er vant til å ta ansvar og er løysningsfokusert, ei evne han alltid viser fram i møte med Missjø Knit Grybin, ulven i nabolaget.

Mens småbrødrene er opptekne av å leike og ha det moro, gjer Pelle alltid unna plikter og oppgåver før han finn på leik og sprell. No skal du få høyre om kva han gjorde den dagen han skulle byggje seg hus.

La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.
La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.

Pelle Gris gjekk rundt i nabolaget for å finne den perfekte plassen til huset sitt. Omsider fann han ut akkurat kvar han ville sette det opp. Han fann seg ein liten bakketopp, der han hadde fritt utsyn til alle kantar. Han likte å sjå om det kom nokon, viss vennene kom, kunne han lage klar saft og finne fram kjeks. Og viss det kom nokon som ville ete han, kunne han låse att døra og gøyme seg.

Då han hadde bestemt kor huset skulle stå, oppå den fine bakketoppen, begynte han å tenkje på kva han skulle byggje hus av. Han ville ha eit solid hus, som ikkje kom til å blåse vekk i Dagmar-stormar ein gong. (Dagmar var ein kraftig storm som velta trær og bles av hustak.)

Pelle Gris

Akkurat då han stod og tenkte, kom det ein bonde forbi. Han køyrde traktor, og bak traktoren hadde han ein tilhengar som var lasta med murstein. Pelle Gris spurde bonden om han kunne få kjøpe all mursteinen som bonden hadde i tilhengaren. Og det fekk han. Bonden kobla hengaren av og let Pelle Gris få låne traktorhengaren til han var ferdig med å byggje huset.

Pelle reiste så rett bort til murebutikken og kjøpte seg resten av utstyret han trengde, ei murskei, som ser ut som ein liten, rar spa, og nokre sekker med mørtel til å mellom mursteinane.

Så var han klar til å begynne med huset sitt. Han mura i veg og bestemte seg for å gjere seg heilt ferdig med huset sitt før han begynte med noko anna. Pelle Gris treivst med å jobbe, han tralla og song mens han mura stein for stein, heilt til huset var ferdig.

Då han var ferdig, og godt nøygd med seg sjølv, fann han ut at han fortjente ein belønning fordi han hadde vore så flink. Han for avgårde glad og førnøygd til butikken, der fyllte han oppi ein stor pose med smågodt som han ville kose seg med om kvelden i det nye huset sitt.

(Ein annan gong skal eg fortelje deg om korleis det gjekk då han var på veg heim med godteposen sin og møtte Missjø Knit Grybin på vegen. Historia ligg klar på pc’en min.)

Det er moro å dikte nye historiar, kjekt å verte kjend med karakterane, som Pelle Gris i dette tilfellet. Eg lagar ofte historiar på direkten. Viss du har lese ein del historiar og har litt fantasi, spinner du berre vidare på ein idè. Her kan du lese det forrige innlegget mitt om då eg brukte dei tre små grisene og Grybin til å fortelje to åringane mine eit eventyr med likheitstrekk med Bukkane Bruse.

Likar du bloggen min, så fortel meg gjerne om det. Blir veldig glad for tilbakemeldingar og kommentarar. Ut veke 41 er det haustferietilbod på hand- og fingerdokker i nettbutikken. Blant anna settet med Puslegrisen, Sporty Bust, Pelle Gris og Missjø Knit Grybin.

Ha ei fin haustferieveke, om du har fri eller om du er på jobb. Eg har fått ein dag haustferie, kanskje eg får tid til å lage endå fleire historiar?

Klem,
-Gudrun-