handdokker av bjørn, rev, larven aldrimett, sjiraff og dei tre små griser og ulven

Sju steg til spennande lesing

Å lese bøker i samlingsstunda, kan ofte vere utfordrande. Det krever ein del av den som les. Her gir eg deg mine enkle steg, som gjer at lesing blir moro.

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

1. Kjenn boka. Det er viktig at du kan boka godt nok til at du ikkje er avhengig av teksten. Du må kunne lese boka oppned, eller kunne legge frå deg boka for å spele handlinga for ungane.

2. Konkretar. Ta med noko for å illustrere teksten. Dette gjer lesinga meir spennande, og du får med deg dei ungane som ikkje er så språkleg sterke.

Me las Lille larven Aldrimett i haust, då hadde eg med meg handdokka, og eg hadde laga dei forskjellege tinga larva åt seg gjennom. Desse hang eg opp på veggen, og brukte dei som kulisser.

Larve i korg
Larve i korg

3. Stemma di. Du må bruke stemma di til å fange inn ungane. Det nyttar ikkje å lese med monoton stemme.

Når eg les om ein krangel mellom den største grisen, Pelle Gris, og ulven, brukar eg stemma til å krangle med. Eg snakkar i munnen på meg sjølv.

4. Augo dine. Augo dine er ein del av underhaldninga. Du skapar kontakt med ungane ved å sjå dei alle inn i augo medan du spelar, eller eg meiner les… Ansiktet ditt spelar dei forskjellege kjenslene du plukkar opp i boka.

Når ein av dei små grisene, Puslegrisen eller Sporty Bust, møter ulven, sperrer eg opp augo og krymper meg litt.

5. Kroppsspråk. Du må bruke heile deg dersom du skal lese i samlingsstunda for heile gruppa. Viss det ikkje skal verte eit einaste langt «HYSJ!!»

Når eg les bøker i samlingsstuda, går armar og hender i eitt. Dei kan brukast til å illustrere noko lite, eller noko stort, til å vere redd, eller vere glad, til å sove, til å vakne.

6. Medvirking. Få med deg ungane. Viss du gir dei oppgåver, hentar du dei innatt.

Når me las Hakkebakkeskogen for eit par år sidan, var t.d. ungane med og uuuula som reven. Viss me les om dei tre små griser, kan dei vere med å blåse med ulven osv.

7. Merksemd. Du må vere med sjølv. Det er ikkje rett å gøyme dette punktet til slutt, det er alfa omega. Du kan ikkje planlegge middag medan du kommuniserer med andre menneske. Dei merkar det. Når du les boka for ungane, må du ha fokus på det du gjer!

Eg har sagt det før ein gong; viss eg syng feil, er det fordi eg ikkje er tilstades. Kan godt hende det er fordi eg ser innover, på det som skjer inni meg, som t.d. viss me har framvisning i barnehagen, så er det litt stressnivå ute å går, då kan det hende at eg mister fokus.

Nåja, det hender eg mister fokus elles òg altså, men viss du mister fokus, så vit at det vert oppdaga, du kan ikkje lure deg unna.

Fingerdokker Dei tre små griser og ulven

Kva med deg, likar du å lese bøker? Og likte du tipsa mine? Del gjerne vidare med andre!

-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.