Piktogram sangar

Piktogram sangar er sangar på ein kjent melodi med bilder (piktogram) som tekst. Ikkje naudsynt med nokon samanheng i teksten. Døme;

Frosk og fisk og krabbe, 
regn og paraply,
ekorn, bjørn og hare, 
og måne bak ei sky.
Alle barnehagane i kommunen som eg jobba i, har like piktogram sangar, som er kopiert, og har vore der sidan eg byrja å jobbe i barnehage for 15 år sidan. Alle desse sangane (fleire) er merka med navnet SIV med store bokstavar. Så her kjem dagens etterlysning, noko eg har lurt på i alle desse år, KVEN ER SIV?? 
Eple, pære, stikkelsbær,
paradis og kirsebær.
Hoppetau og karameller,
flugesopp og kantareller.
Hestehov og løvetann,
hestehov og løvetann.
Eg googla sjølvsagt piktogram sangar, og kom over denne sida. Så her kjem dagens anbefaling, mange vanlege barnesangar med bilder!
No skal ikkje eg påstå at desse rimeleg tullete sangane er mine favorittar (SIV-sangane), men det kan vere moro å synge dei for ungane, dei leser teksten utfrå bilda.
Fly og bil,
katt og pil.
Hest og ku og brille.
Båt og brev,
ball og rev,
og fire krokodiller.
Men det er som sagt ikkje desse sangane eg brukar mest 😉 Kva tykkjer du om piktogram sangane? Og har de desse sangane andre stader òg? Og er dei merka med SIV andre plassar òg…?? KVEN ER SIV??
Og tykkjer du eg er ein snobb som ikkje likar desse sangane noko særleg..? Eg burde jo hatt bilder av sangane her, og det skal komme ein gong, lovar!
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *