Mine beste samlingstips :)

 Her får du mine sju beste samlingstips, det enkle er ofte det beste.
Mine beste samlingstips
  1. Vær GLAD, SMIL, ha eit «VAKE» blikk

 

  1. Syng HØGT, KLART og SAKTE
    (med KLART meiner eg klar uttale, gjer ingenting om du syng som ei kråke, berre du er engasjert)

 

  1. Rørslesangar er moro! Gjer rørslene STORE og ENERGISKE.
    Rørslene gjer at det vert enklare for ungane å hugse teksten, gjer rørsla pitte litt i forkant, då hugsar ungane teksten lettare.

 

  1. SJÅ ALLE UNGANE INN I AUGENE!
    Hank dei inn med blikket, la kvar og ein føle seg spesiell. HEILT TIDA!

 

  1. Drama er moro!
    Du treng ikkje vere skodespelar eller ha eit fansy kostyme, ein skeiv hatt på hovudet, og du er eit troll. Og du får ungane med på ein heilt anna måte. Endre litt på stemma di, og du er plutseleg ikkje Gudrun meir, men ei gammal heks, eller ein liten frosk.

 

  1. Kom aldri tomhendt til ei samling.
    Ha med eit eller anna, noko for å få ungane fokusert. Ei lita kiste med spennande ting, nokre sangkort for å illustrere det du vil ha fokus på.

 

  1. Slutt mens leiken er god.
    Har du ikkje lenger fokuset til ungane, så avslutt, eller finn på noko sprøtt for å hente dei innatt.

 

Eit av dei viktigaste råda er faktisk det siste! Har du ikkje ungane med deg lenger, så avslutt. Du er ei servicebedrift, du skal gi ungane service, det er IKKJE dei som skal gjere noko for deg. Har du klart å underhalde dei i berre 5 minutt, slutt likevel! Har du ikkje fått lese alle bøkene du tenkte, slutt likevel!

Og GLØYM dei vaksne som er med deg, det er heller ikkje dei som betaler for å høyre på deg 😉

KOS DEG! Ungane merkar det, veit du! Ver tilstades mentalt.

Likar du mine samlingstips? Del dei gjerne vidare.

-Gudrun-

smil

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.