Månedlige arkiver: oktober 2012

Sangar for tyngre stunder

Det er ikkje alltid du er super-happy og glad, av og til kjem det tyngre dagar. For meg er 28. oktober den svartaste dagen i året.

broren

Eg var so heldig å vekse opp med ein storebror, som var verdens beste. Sjølv om eg og søstra mi vaks frå han på mange måtar, så passa han alltid på jentene sine, og tok storebror-pliktene alvorleg. Broren min er nok ein av dei som har påvirka meg mest her i livet, og gjennom han vart eg kjend med mange andre mennesker med psykisk utviklingshemming. Flotte og gode mennesker alle sammen.

I dag er det 9 år sidan me mista han, og me vart sittande ribba tilbake, kun med minna. Jenta mi var nesten 1,5 år gammal då han døydde, og sjølv om ho var så pass lita, leita ho etter Onkel, eller Kokkom som ho kalla han på den tiden

Når eg møter sorg, brukar eg rolege sangar, då er det ikkje tjo og hei. Ein flott sang om å miste er denne:

Sigla for utan vind
Kven kan sigla for utan vind?
Kven kan ro utan årer?
Kven kan skiljast frå vennen sin,
utan å felle tårer?

 Eg kan sigla for utan vind.
Eg kan ro utan årer.
Men ei skiljast frå vennen min,
utan å felle tårer.

 

Og ja, eg veit at denne i utgangspunktet er på svensk, men eg oversette den kjapt til nynorsk, sidan eg ikkje kan svensk rettskriving, og ikkje orka å google.

Eg spurde òg på facebook-sida mi i går om nokon hadde tips til sangar for tyngre stunder, og fekk svar frå Inger Merete og Irene, tusen takk <3

Blåmann
Blåmann, blåmann bukken min,
tenkj på vesle guten din.
Bjørnen med sin lodne fell,
kan deg taka seint i kveld

Ein annan sang det kom forslag om, er ein sang eg har høyrt i mange gravferder; Eg ser av Bjørn Eidsvåg.

Eg hadde forresten lenge eit trøblete forhald til ein annan Bjørn Eidsvåg sang, ikkje akkurat den tristaste han har laga, men dog; Shalala. Eg fekk alltid tårer i augene når eg sang «Livet e kje akkurat eit ball» for det visste eg jo veldig godt at det ikkje var.

Eg fekk òg eit tredje tips; Ikkje en spurv til jorden. Denne sangen kan eg ikkje, så her må det litt studiar til.

 Fager kveldssol
Fager kveldssol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

 Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
høyr kor strekt det susar
i den stille kveld.

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
inga klokka bæra
honom kvilebod.

 Så mitt hjarte stundar,
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds fader arm.

DSC01292 (600x800)

 Må avslutte med denne <3 Det er ein song me i familien alltid har med når me følgjer våre til siste kvilestad.

Tenner eit lys i kveld <3

-Gudrun-

Samling med små barn

Eg hadde ein spørjeundersøkelse for ei tid tilbake, der det var fleire som hadde lyst til å få tips til samlingsstunder med eit åringar. Og med eitåringar tenkjer eg ENKELT! Du må ha enkle sangar, enkle eventyr, enkel dramatisering.

Dersom du skal ha eit drama med eit åringar, må du sjå nesten lik deg sjølv ut, berre med noko lite som gjer deg annleis enn vanleg. Td. ei hue, eit skjerf e.l. noko heilt enkelt, som ikkje gjer deg skremmande og framand. Og det må vere kort og enkelt. Du kan bruke eventyr, men kutt ut masse! Og gjer det enkelt. Og kort. Som eventyr, er jo Bukkane Bruse ein slager, men det er ingenting i vegen med å bruke teksten til ein sang som inspirasjon. Ha med nokre småting til å dramatisere med, dersom du ikkje brukar deg sjølv. Me brukte (med våre toåringar, rettnok) ein løve-bamse, ei lita tre-mus og eit nett som eg laga av piperensarar, til å illustrere ein fabel frå Malawi. Meir trengde eg ikkje, og ungane sat som tente lys.

Sangar med eit åringar gjeld jo mykje det samme. Gjer det enkelt, syng tydeleg og SAKTE! Ein sang eg lærte av ein logoped på PPT, er ganske enkelt. «Bil-bil-bil…osv» på Bæ-bæ melodien. Du kan bruke kva slags ord du vil. Bruke interessene til ungane. Elles er jo dei vanlegaste av dei vanlege barnesangane, som Mikkel Rev, Alle Killebukkane, Lille Petter Edderkopp (sjå ein av dei første postane i bloggen!!), Bæ bæ lille lam (Sjå òg her ein tidlegare post) osv.

Lag enkle sangar sjølv, denne lærte eg på eit kurs for mange år sidan, og tekst og melodi er av Sanne Agatz, sangen er genial til små barn og ein. (Kjære Sanne, håper det er greit at eg deler den, dersom du ikkje likar det, så ta kontakt 🙂 )

Tre små griser
Tre små griser
la-lu-la-lu-la-luDe sang på veien
la-lu-la-lu-la-lu
Så kom ulven
la-lu-la-lu-la-lu

Grisene ble redde
la-lu-la-lu-la-lu

Hva tror du så de gjorde
la-lu-la-lu-la-lu

De sprang hjem til mamma
ha-ha-ha-ha-ha-ha
samlingsboksen_inspirasjon_griser
Slik er ein perfekt småbarnssang, som passar veldig godt til eit åringar. Få ord, enkel tekst. Melodien finn du

Bøker til eitåringar; Pål-bøkene! Dei er virkeleg tilpassa små barn!
Reknar med det er fleire som har meir erfaring med eit åringar i barnehage der ute, del gjerne dine tips med kva som funkar!! Og dersom du har ein eit åring sjølv, kva likar han/ho? Kva er topp for tida? Saman vert me sterke! La oss hjelpe kvarandre med å utvikle oss vidare <3
Hugs å lik bloggen på Facebook og få eindå fleire tips til ein kreativ kvardag.
-Gudrun-

Det snør det snør…

Vinteren har sett sitt grep, marka er kvit vorten. (Bilder er rettnok frå i vinter, då heimplassen skifta navn frå Lauvhaug til Snøhaug) Og då passar det jo bra å begynne å tenkje på snøsangar.

Nokon som har ein fin snøsang å komme med? Kva syng de om vinteren?

Det snør
Det snør, det snør,
tiddelibom.
Det er det det gjør,
tiddelibom.
No snør det mykje meir enn før.
Tiddelibom og hutte-meg-tu
Så kaldt det er,
tiddelibom.
Eg kjenner det her,
tiddelibom.
Eg kjenner det på mine tær,
tiddelibom og hutte meg tu.
Sjå opp
Sjå opp snør det?
Ja, det gjer det.
Tett-i-tett-i-tett.
Snø i nakke, nese,
snø i heile fjeset.
Sjå opp, snør det?
Ja, det gjer det,
tett-i-tett-i-tett.
Har mange fleire vintersangar, som eg skal komme tilbake til. Kom gjerne med dine vintersangar! Viss me deler, får me meir <3
Klem frå meg, som er glad for at vinterdekka er påkomne 😉

Improvisasjonssangar

I forrige post, dikta eg ein ny sang, på sparket, inspirert av Forut sin Landsbybarna i Bawatele-aksjon.

Her i barnehagen vår,
her hopper alle saman når eg begynner å hoppe…
osv..
Dette er ein typisk sang du kan improvisere vidare på. Hoppe og snurre som eg tok med i mitt vers, klappe, nikke, synge, hinke, gjeipe (veldig morsomt med tabu, som eg har nemd før), trampe, susse, vinke osv…
Eg var på eit kurs med «SG-musikkterapi», eller rettare sagt har eg vore på to kurs med dei, for «nokre» år sidan. (OK, det var muligens i forrige årtusen, men samma det, det var velanvendte pengar for arbeidsgivar, for eg hugsar fortsatt mykje av det eg lærde) På desse kursa lærde me eit hav av improvisasjonssangar, og eg dristar meg til å skrive nokre av dei her.
Alle sammen liker 
Alle sammen liker laurdagskvelden,
alle sammen liker laurdagskvelden.
Alle sammen, alle sammen, alle sammen, alle sammen,
alle sammen liker laurdagskvelden.
Og så skal kvar og ein seie kva dei likar å kose seg med på laurdagskvelden, noko som kan bli utfordrande å syngje 😉
Godteri og cola heile kvelden, det vil Gudrun ha
godteri og cola heile kvelden, det vil Gudrun ha
godteri og cola, godteri og cola,
godteri og cola heile kvelden.
Dette var eit relativt lett vers å synge, men prøv dette her.
Raudvin, fløytegratinerte poteter og pepperbiff heile kvelden, det vil Gudrun ha
raudvin, fløytegratinerte poteter og pepperbiff heile kvelden, det vil Gudrun ha
Raudvin, fløytegratinerte poteter og pepperbiff,
raudvin, fløytegratinerte poteter og pepperbiff,
raudivn, fløytegratinerte poteter og pepperbiff heile kvelden.
Potetgull, mjølkesjokolade, solobrus og seigmenn heile kvelden, det vil Gudrun ha
Det kan bli veldig mange ting og få med når ungane, eller dei vaksne, får tenkt seg lenge nok om 😉
Og for endå lenger sidan, mens eg gjekk på lærarskulen og hadde musikk i 1. klasse, lærte eg desse:
Kom og syng
Kom og syng ein sang og klapp med meg.
Den som vil bli med må rappe seg.
For når dette verset snart er slutt.
Tek me pause i eit kort minutt.
Kom og syng ein sang og tramp med meg.
Den som vil bli med må rappe seg.
For når dette verset snart er slutt.
Tek me pause i eit kort minutt.
vink, dans, smil, vrikk…osv…osv…berre fantasien set grenser.
Eg har mange fleire improvisasjonssangar på lager, og dei skal eg nok grave fram og dele med dykk om ikkje så brått. Sangar som ikkje er like frå gang til gang er morsomme å synge, og det kan verte mykje bra til slutt, berre prøv!
Ha ein kreativ og fantasirik kveld vidare 😉
-Gudrun-

Solidaritet

Det er oktober, og FN-dag i morgo, og i barnehagen, og skulen, og forhåpentlegvis heime, er det ei tid for solidaritet.

Barnehagen til minsten hadde foreldremiddag-markering av FN-dagen i dag, me i min barnehage skal ha det i morgo. Og me skal ha konsert!! Me skal syngje to sangar, som er heilt nye og som me har øvd på no i dei siste vekene. Desse sangane har me lært frå ein cd me har frå Forut og det er May Britt Andersen som syng dei. Til min, og ungane si, store glede, og min mann sin fortvilelse, selde dei cd’en på foreldrekaffien i dag, og me sikra oss det einaste eksemplaret!! **YUHUU**

Eg kjem herved med to anbefalingar; Den første «I landsbyen vår» Det er ein sang som er morsom og enkel å lære seg, når ein kjem forbi den litt vanskelege melodien. OG nesten best av alt, det er ein sang som er enkel å spinne vidare på, og lage sine eigne vers. Sangen begynner slik

Her i landsbyen vår
her synger alle sammen
når je begynner å synge…
Mitt vers:
Her i barnehagen vår,
her hoppar alle saman
når eg begynner å hoppe.
Her i barnehagen vår,
her snurrer alle sammen 
når eg begynner å snurre.
Kan du hoppe som eg kan?
Ja, eg kan!!
Kan du snurre som eg kan?
Ja, eg kan!!
Kan du hoppe som eg kan?
Ja, eg kan!!
I barnehagen, her på …..
Utruleg morsom sang, som kan improviserast vidare på akkurat som du vil, utan at du er super-kreativ eller har diktarevner. Det einaste du treng er litt fantasi 😉
Den andre sangen me skal synge i morgo er nr 7, Malawi Pop. Vanskeleg sang å lære seg, men med ein refreng 2 åringane tek lett som ein plett. Det er egentleg ein historie, og alle tre versa må syngast, her held det ikkje med eit. Det handlar om Victor som reiser til marked, men gløymer heilt kvifor han skulle dit 😉
Kvardagen er travel for tida, med masse både på jobb og på kveldstid. Eg lovar å dele ein supermorsom julesang når den tid kjem. Og lovar å oppdatere bloggen litt oftare enn eg har gjort i det siste. 
Men dagens oppfordring; vis solidaritet! OG Forut har alltid morsomme sangar, cdane deira er verd pengane!
-Gudrun-

Piktogram sangar

Piktogram sangar er sangar på ein kjent melodi med bilder (piktogram) som tekst. Ikkje naudsynt med nokon samanheng i teksten. Døme;

Frosk og fisk og krabbe, 
regn og paraply,
ekorn, bjørn og hare, 
og måne bak ei sky.
Alle barnehagane i kommunen som eg jobba i, har like piktogram sangar, som er kopiert, og har vore der sidan eg byrja å jobbe i barnehage for 15 år sidan. Alle desse sangane (fleire) er merka med navnet SIV med store bokstavar. Så her kjem dagens etterlysning, noko eg har lurt på i alle desse år, KVEN ER SIV?? 
Eple, pære, stikkelsbær,
paradis og kirsebær.
Hoppetau og karameller,
flugesopp og kantareller.
Hestehov og løvetann,
hestehov og løvetann.
Eg googla sjølvsagt piktogram sangar, og kom over denne sida. Så her kjem dagens anbefaling, mange vanlege barnesangar med bilder!
No skal ikkje eg påstå at desse rimeleg tullete sangane er mine favorittar (SIV-sangane), men det kan vere moro å synge dei for ungane, dei leser teksten utfrå bilda.
Fly og bil,
katt og pil.
Hest og ku og brille.
Båt og brev,
ball og rev,
og fire krokodiller.
Men det er som sagt ikkje desse sangane eg brukar mest 😉 Kva tykkjer du om piktogram sangane? Og har de desse sangane andre stader òg? Og er dei merka med SIV andre plassar òg…?? KVEN ER SIV??
Og tykkjer du eg er ein snobb som ikkje likar desse sangane noko særleg..? Eg burde jo hatt bilder av sangane her, og det skal komme ein gong, lovar!
-Gudrun-

Mine beste samlingstips :)

 Her får du mine sju beste samlingstips, det enkle er ofte det beste.
Mine beste samlingstips
  1. Vær GLAD, SMIL, ha eit «VAKE» blikk

 

  1. Syng HØGT, KLART og SAKTE
    (med KLART meiner eg klar uttale, gjer ingenting om du syng som ei kråke, berre du er engasjert)

 

  1. Rørslesangar er moro! Gjer rørslene STORE og ENERGISKE.
    Rørslene gjer at det vert enklare for ungane å hugse teksten, gjer rørsla pitte litt i forkant, då hugsar ungane teksten lettare.

 

  1. SJÅ ALLE UNGANE INN I AUGENE!
    Hank dei inn med blikket, la kvar og ein føle seg spesiell. HEILT TIDA!

 

  1. Drama er moro!
    Du treng ikkje vere skodespelar eller ha eit fansy kostyme, ein skeiv hatt på hovudet, og du er eit troll. Og du får ungane med på ein heilt anna måte. Endre litt på stemma di, og du er plutseleg ikkje Gudrun meir, men ei gammal heks, eller ein liten frosk.

 

  1. Kom aldri tomhendt til ei samling.
    Ha med eit eller anna, noko for å få ungane fokusert. Ei lita kiste med spennande ting, nokre sangkort for å illustrere det du vil ha fokus på.

 

  1. Slutt mens leiken er god.
    Har du ikkje lenger fokuset til ungane, så avslutt, eller finn på noko sprøtt for å hente dei innatt.

 

Eit av dei viktigaste råda er faktisk det siste! Har du ikkje ungane med deg lenger, så avslutt. Du er ei servicebedrift, du skal gi ungane service, det er IKKJE dei som skal gjere noko for deg. Har du klart å underhalde dei i berre 5 minutt, slutt likevel! Har du ikkje fått lese alle bøkene du tenkte, slutt likevel!

Og GLØYM dei vaksne som er med deg, det er heller ikkje dei som betaler for å høyre på deg 😉

KOS DEG! Ungane merkar det, veit du! Ver tilstades mentalt.

Likar du mine samlingstips? Del dei gjerne vidare.

-Gudrun-

smil