Improvisasjonssangar

I forrige post, dikta eg ein ny sang, på sparket, inspirert av Forut sin Landsbybarna i Bawatele-aksjon.

Her i barnehagen vår,
her hopper alle saman når eg begynner å hoppe…
osv..
Dette er ein typisk sang du kan improvisere vidare på. Hoppe og snurre som eg tok med i mitt vers, klappe, nikke, synge, hinke, gjeipe (veldig morsomt med tabu, som eg har nemd før), trampe, susse, vinke osv…
Eg var på eit kurs med «SG-musikkterapi», eller rettare sagt har eg vore på to kurs med dei, for «nokre» år sidan. (OK, det var muligens i forrige årtusen, men samma det, det var velanvendte pengar for arbeidsgivar, for eg hugsar fortsatt mykje av det eg lærde) På desse kursa lærde me eit hav av improvisasjonssangar, og eg dristar meg til å skrive nokre av dei her.
Alle sammen liker 
Alle sammen liker laurdagskvelden,
alle sammen liker laurdagskvelden.
Alle sammen, alle sammen, alle sammen, alle sammen,
alle sammen liker laurdagskvelden.
Og så skal kvar og ein seie kva dei likar å kose seg med på laurdagskvelden, noko som kan bli utfordrande å syngje 😉
Godteri og cola heile kvelden, det vil Gudrun ha
godteri og cola heile kvelden, det vil Gudrun ha
godteri og cola, godteri og cola,
godteri og cola heile kvelden.
Dette var eit relativt lett vers å synge, men prøv dette her.
Raudvin, fløytegratinerte poteter og pepperbiff heile kvelden, det vil Gudrun ha
raudvin, fløytegratinerte poteter og pepperbiff heile kvelden, det vil Gudrun ha
Raudvin, fløytegratinerte poteter og pepperbiff,
raudvin, fløytegratinerte poteter og pepperbiff,
raudivn, fløytegratinerte poteter og pepperbiff heile kvelden.
Potetgull, mjølkesjokolade, solobrus og seigmenn heile kvelden, det vil Gudrun ha
Det kan bli veldig mange ting og få med når ungane, eller dei vaksne, får tenkt seg lenge nok om 😉
Og for endå lenger sidan, mens eg gjekk på lærarskulen og hadde musikk i 1. klasse, lærte eg desse:
Kom og syng
Kom og syng ein sang og klapp med meg.
Den som vil bli med må rappe seg.
For når dette verset snart er slutt.
Tek me pause i eit kort minutt.
Kom og syng ein sang og tramp med meg.
Den som vil bli med må rappe seg.
For når dette verset snart er slutt.
Tek me pause i eit kort minutt.
vink, dans, smil, vrikk…osv…osv…berre fantasien set grenser.
Eg har mange fleire improvisasjonssangar på lager, og dei skal eg nok grave fram og dele med dykk om ikkje så brått. Sangar som ikkje er like frå gang til gang er morsomme å synge, og det kan verte mykje bra til slutt, berre prøv!
Ha ein kreativ og fantasirik kveld vidare 😉
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *