Sangleikar om troll ;)

Sangleikar er morsomt. Her kjem ein «skummel» sangleik om eit troll 😉 (Skummelt er eit flott ord å bruke med ungane, for då berre ler dei av deg, som er så rar at du til og med tykkjer sangar er skumle…)

Trylle troll

Eit troll, eit troll, kan trylle med kva det vil.
Korleis, korleis, korleis kan det no gå til?
Eit hopp, eit hopp, han gjer med sin trylle kropp,
og so, og so, og so vert han til ein frosk. (eller andre dyr)

Og mens han hoppar omkring, hoppar omkring,
hoppar alle med,
og mens han hoppar omkring, hoppar omkring,
hoppar alle med.

Og her kjem ein endå skumlare troll-sang:

Trylle-rylle sang

(syng med litt skjelvande stemme…)
Eg er ein dyktig trylle mann,
som alle her forvandle kan.
Eg har eit trylle-rylle ord,
har sterke krefter på vår jord
ABRA-KADABRA no er du ein frosk.
(Hoppe rundt mens de nynnar på verset)
Tra-la-la-la…
ABRA-KADABRA  no er du deg sjølv.

Når eg syng med ungane, brukar eg heile meg, med stemme, bevegelsar, masse drama (bortsett frå når eg syng godnattsangar, då er det ganske roleg og monotont 😉 ) Eg avsluttar alltid sangstunda når eg mister merksemda til ungane. Å sitte og lese eller synge for ungar som ikkje har lyst til å høyre på, det ser eg ikkje heilt vitsen med, det er for å gi dei noko eg gjer det, ikkje for at dei skal gjere meg ei tjeneste. Tenk på det neste gong du har samling eller les med eigne ungar; gi deg mens leiken er god!

-Gudrun-

2 kommentarer om “Sangleikar om troll ;)

  1. Hei Cecilie! Trylle-rylle-songen finst i ei dansk sangbok/musikkoppleggbok som heiter Musikalsk Odyssè av Kirsten og Kjeld Fredens. Skal sjekke litt kor du evt kan finne notar på den andre. Viss ikkje får me ta melodien på telefon 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.