Sangkort

Vart inspirert på jobb, igjen, i dag, og reiste (jeps, sogningar reiser frå stova og ut på kjøkken, live with it) heimatt og laga meg sangkort.

Eg har sagt det før, og seier det igjen, det enkle er ofte det beste. Eg klipte ut farga litt tjukt ark, og tegna og skreiv tekst for hand, på vanleg kvitt ark.

Deretter for dei gjennom lamineringsmaskina, og vips har eg 4 kjekke sangkort, med sangane eg elskar <3 (Det vert nok veldig mange etterkvart, ettersom eg elskar mange sangar) Desse fire slapp gjennom nålauga denne gongen; «Gå ein tur i jungelen», «Ford Escort», «Kom og leik» og «Kaffikoking». Med enkle, veldig enkle, illustrasjonar, slik at ungane kan «lese» kva song det er me skal synge. Kaffisangen og Ford Escort står i andre postar på bloggen, men eg dristar meg til å skrive ned «Gå ein tur i jungelen» som eg lærte på engelsk på Barnehagekonferansen på Alexandra for stygg-mange år sidan, den er oversett til god sogning, og er ein sang som fengjer eit breitt spekter av ungar. (Bevegelsessangar er moro!!)

Gå i jungelen
Gå ein tur i junglen – Gå ein tur i jungelen 
(Klakke på lår)
Kva ser du der – Kva ser du der?
(Speide med hand føre augene)
Viss du høyre lydar – Viss du høyre lydar
(Lytte med hand for øyra)
Kva kan det ver’ – Kva kan det ver’?
(Gjenta dette alle tre gongnen)
1. Eg trur da e’ ein slange (ssssss) – Eg trur da e’ ein slange (sssss) – Eg trur da e’ ein slange (ssssss)
So ser etter litt mat – som ser etter litt mat.
2. Eg trur da e’ ein krokodille (klapp-klapp) – Eg trur da e’ ein krokodille (klapp-klapp) – Eg trur da e ein krokodille (klapp-klapp)
So ser etter litt mat – so ser etter litt mat.
3. Eg trur da e’ ein tiger (wreeel-wreeel) – Eg trur da e’ ein tiger (wreeel-wreel) – Eg trur da e’ ein tiger (wreeel-wreel)
So ser etter litt mat – so ser etter litt mat.
Eg håpa’kje da verte meg – eg håpa’kje da verte meg.
Kom og leik er ein sang eg lærte av verdas beste musikklærar på Lærarskulen, teksten var opprinneleg på dansk, men min versjon er sjølvsagt på nynorsk/sogning/knoting. Dette er ein sang eg ikkje har brukt i barnehagen på lenge, men det er ein kjempe flott sang, som eg skal trekke fram frå gløymselen no i år <3
Kom og leik
Kom og leik med meg,
eg leikar so godt med deg.
Du kan gå i min ha-age,
og klø på min ma-age,
viss du vil leika med meg
Og denne kan improviserast i det uendelege:
Kom og hopp…
Kom og klapp…
Kom og syng…
Kom og dans…
Kom og vink…
Kom og promp… (tabu er moro!!)
Kom og suss… (også tabu!)

-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.