Månedlige arkiver: januar 2013

Snø

Eg veit ikkje korleis det er elles i landet, men her er det ikkje så voldsomt mykje snø akkurat. Det er så vidt kvitt, men heller ikkje meir. Til gjengjeld er det styggkaldt, vore rundt -10 lenge no.

Men min plan seier Snøsangar, så då vert det snøsangar uanlell 😉

Eg gjekk tur hin dagen, oppover ein times tid, der fann eg dette flotte motivet <3 Nedatt gjekk det eit kvarters tid, med livet som innsats, på rompeakebrett. Heilt åleine, vaksne dama. Moro var det, sjølv om det rista som berre pokker i "hestaspori" (les turvegen min er ein ynda turveg for hestar òg) Så dagens treningsanbefaling i sangbloggen min; ta med rompeakebrett eller anna akebrett, og ha det moro ned att ;)
Som eg har fortalt på Facebook-sida mi, er favoritt snø sangen min «Kom vesle kvite snøfnugg» Sangen er omsett til nynorsk tidlegar, men eg prøver meg med ei ny omsetting, som held seg litt nærmare bokmålsvarianten. Etter ei lita google-økt, fann eg ut at sangen var dansk (eg såg ikkje den komme!!) Men sjølv om eg no har uttrykt undring over at danskane har laga ein SNØ sang, så kjem mange av mine favorittar (som er langt over 100 sangar)frå Danmark.
Kom vesle kvite snøfnugg
(mi oversetting)
Kom vesle kvite snøfnugg
og set deg på mi panna.
Fortel om alle stjernene
og om dei fjerne landa.
Kom vesle kvite snøfnugg 
og hels på mine hender.
Fortel om kor du kjem i frå
og kor di reise ender.
Kom alle kvite snøfnugg
kom ned, kom ned på bakken,
så eg kan senda storebror
ein snøball midt i nakken.
Eg har åtte 2-3 åringar i barnegruppa mi, og alle åtte er småsøsken. Eg treng vel ikkje fortelje at alle sammen tykkjer det er stas med snøballen 😉 Versjonen vår er «Kom vesle kvite snøkorn» Men neste vinter vert det denne nylaga versjonen som skal innlærast 😉
Ein annan snøsang, takk til Vibeke på facebooksida mi for forslag, er Snøgubber, snøgubber. Det er ein artig bevegelsessang, og eg treng vel ikkje seie at eg likar bevegelsessangar 😉
Snøgubbar, snøgubbar
Me er små snøgubbar, bom fallera,
snøgubbar, snøgubbar, bom fallera.
Me likar oss best når me fryser og fryser,
rett som det er kan det hende me nyser
-aaaaatsjo
Me er små snøgubbar, bom fallera,
snøgubbar,snøgubbar, bom fallera.
Me likar oss minst når me smeltar og smeltar,
rett som det er kan det hende me veltar.

Eg er veldig glad i Alf Prøysen, han har òg ein snøsang, eller ein snømannsang, Bustebartepinn Eg har aldri brukt den sjølv i barnehagen, så vidt eg kan hugse, men vil likevel nevne den 😉

Har du fleire snøsangar? Del dei gjerne med meg og lesarane! I barnehagen syng me i tillegg til snøkorn-sangen «Det snør, det snør» og «Huttetu so kaldt det er». (Og ein til, men den klarer eg berre rett og slett ikkje å komme på…)
Kos deg resten av vinteren <3
-Gudrun-

Ein bitte liten bokse oppdatering :)

No er boksen innvidd i barnehagen, både med «mine» toåringar og treåringane på gruppa over oss. Det magiske ordet for å få opna boksen vart Abrakadabra. Litt vanskeleg ord å seie, men òg veldig morosamt ord.

Det som, for meg, er aller mest moro med Abrakadabra, er at eg kan «lure» ungane med «Hokkus pokkus». Seie med magisk stemme «1-2-3; Hooookuus poookuuus filiooookuuus» men INGENTING skjer, boksen opnar seg ikkje, KVA er problemet?? Då kjem dei fram til at det er feil passord 😉

Det er pr dags dato ein krokodille, slange og tiger i boksen. Når alle tre dukkar opp, er det «Gå i jungelen» som er sangen. Elles kan tigeren dukke opp saman med løva (handdokke som ligg attmed Sabeltannkikkerten), då er det «Ein tiger er for diger»-sangen. Den omtala kikkerten kan brukast til Sabeltann og Sortebill. Det er to edderkoppar oppi, ein «bitte liten» og ein DIGER, han kan òg vere sint 😉 (Ved nærmare ettertanke kan òg den vesle verte eitrande sinna…. *been there – done that*)

Det er ein liten frosk oppi boksen, som kan vere «MÆ sa ein liten grøn frosk» eller «Små rumpetroll» som kan dukke opp (ved nærmare ettertanke, igjen, så veit eg ikkje om eg har sunge Små rompetroll nokon gong, frivillig iallefall)

Ole Brum-korta om kjensler, ABC og 123 aktivitetskorta snakka eg så vidt om i forrige post. Dei kan brukast masse! ABC-korta har vore ein slager i heile haust, korta om kjensler er veldig flotte <3 Akkurat passe enkle til 2 åringane, eg har kjøpt dei i ein bokklubb, eller dei kom i ein bokpakke, så eg veit ikkje kor enkelt det er å få tak i dei. Men viss du får tak i dei, så er dei anbefalt. ABC og 123 er å få kjøpt på homeparties. 😉 (I ein butikk nær deg, mange kjekke forhandlare rundt om i landet!)

Marakassen som ligg oppi der, er òg heilt perfekt til formålet, akkurat passe høg, eller lav, lyd. Kjøpt på ein barnehagebasar frå Forut for sikkert 15 år sidan. Jepp, her er jenta si som tek vare på tinga sine 😉 Og så er der ein fisk 😉

Også den vesle raude boksen, som eg fekk som kommentar frå ungane; «Sliken har me òg heime, me har julepynt i den!» Eg måtte berre innrømme at eg òg hadde hatt ein slik til å ha julepynt oppi, men eg hadde ikkje julepynt til å ha oppi meir, for juletreet mitt hadde kvelva… (veldig morosamt for dei vaksne) Legg merke til det, folkens, det er ein kunst å treffe både barn og vaksne med ein «førestilling», du må legge inn nokre skjulte poeng til dei vaksne 😉

Viss du likar bloggen, del gjerne den eller facebooksida med andre. Så kan me revlusjonere barnesangverda i Norge saman 😉 :-*

-Gudrun-

Endeleg; den magiske boksen

Endeleg! No er den mykje omtala boksen min ferdig. Det er veldig enkelt å lage seg ein slik boks, så her kjem ei lita oppskrift.
Du startar med ei pappøskje, skoøskjer passar supert. Eg brukte ei stor ei, for eg har masse eg vil ha oppi.
For å gjere øskja litt finare, klær eg ho med papp. Denne gongen vart det rosa og raud papp. Eg brukar limstift til å feste pappen. For å forsterke den magiske boksen min, har eg hatt på gaffateip/McGyver-teip; det ser jo ut som sølv!! Vakkert 😉
Eg vurderte å klistre på artige bilder av dyr, blomar og anna, men eg enda opp med kun eit raudt hjarta! Det enkle er ofte det beste <3
Er ikkje boksen min fin??
No har eg starta på jobben med å fylle inni den. Den inneheld nokre kort om kjensler, frå Go’boken, ABC-kort og 123-kort frå Sjarmtrollparty, nokre dyr frå bl.a. Forut, ikkje mindre enn 2 edderkoppar, sidan dette er og blir ein favorittsang blant toåringane mine. Eg har òg arva ein gummislange frå dotter mi, sidan «Gå ein tur i jungelen» òg er ein favoritt.
Elles inneheld den sjølvsagt sangkort ala Gudrun. No syng me Bamsens fødselsdag, Lillebrors vise, Kom vesle kvite snøkorn og andre snøsangar. Og me har begynt å øve oss på Mikkel Revs vise, for me skal nemleg vere revar på teateret vårt (ala karneval) om Hakkebakkeskogen. 😉
Dessutan, som du kan skimte på det første bildet; ein vakker, raud, liten boks, som sikkert kan brukast til noko spennande, og eit rytmeinstrument.
«Kom aldri tomhendt til ei samling»
Kom med fleire tips til kva DU ville hatt i DIN boks, me lærer av å dele med kvarandre!
-Gudrun-

Januarpostane

Eg har jo ei Facebook-side der eg har skrive litt om planane for bloggen framover. Men eg tenkte eg skulle skrive det her òg, i tilfelle eg har lesarar som ikkje «likar» Facebooksida mi 😉

Eg skal skrive to postar i jaunar, i tillegg til denne. Den eine skal handle om Snøsangar (sjølv om regnsangar hadde passa bedre hjå oss akkurat no…) og den andre, som eg gleder meg veldig til, skal handle om min nye boks, som er under utarbeiding. Boksen, som eg skal bruke i samlingsstunder, inneheld til no ABC-kort, 123-kort, kort om følelsar, ein liten edderkopp, og ein stor edderkopp, ei løve, eit rytmeinstrument og ein frosk. Ja, og ein heilt magisk, liten, raud boks. Den store boksen er pr i dag berre ei vanleg skoøskje, men snart skal den dekkast med ein fin papp, og KANSKJE kledast med eit flott stoff. Gledar meg til å vise dykk den, for eg veit den vert fin. Eg kan dette med boksar 😉

-Gudrun-