Endeleg; den magiske boksen

Endeleg! No er den mykje omtala boksen min ferdig. Det er veldig enkelt å lage seg ein slik boks, så her kjem ei lita oppskrift.
Du startar med ei pappøskje, skoøskjer passar supert. Eg brukte ei stor ei, for eg har masse eg vil ha oppi.
For å gjere øskja litt finare, klær eg ho med papp. Denne gongen vart det rosa og raud papp. Eg brukar limstift til å feste pappen. For å forsterke den magiske boksen min, har eg hatt på gaffateip/McGyver-teip; det ser jo ut som sølv!! Vakkert 😉
Eg vurderte å klistre på artige bilder av dyr, blomar og anna, men eg enda opp med kun eit raudt hjarta! Det enkle er ofte det beste <3
Er ikkje boksen min fin??
No har eg starta på jobben med å fylle inni den. Den inneheld nokre kort om kjensler, frå Go’boken, ABC-kort og 123-kort frå Sjarmtrollparty, nokre dyr frå bl.a. Forut, ikkje mindre enn 2 edderkoppar, sidan dette er og blir ein favorittsang blant toåringane mine. Eg har òg arva ein gummislange frå dotter mi, sidan «Gå ein tur i jungelen» òg er ein favoritt.
Elles inneheld den sjølvsagt sangkort ala Gudrun. No syng me Bamsens fødselsdag, Lillebrors vise, Kom vesle kvite snøkorn og andre snøsangar. Og me har begynt å øve oss på Mikkel Revs vise, for me skal nemleg vere revar på teateret vårt (ala karneval) om Hakkebakkeskogen. 😉
Dessutan, som du kan skimte på det første bildet; ein vakker, raud, liten boks, som sikkert kan brukast til noko spennande, og eit rytmeinstrument.
«Kom aldri tomhendt til ei samling»
Kom med fleire tips til kva DU ville hatt i DIN boks, me lærer av å dele med kvarandre!
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.