Månedlige arkiver: juni 2015

Eit av mine tidlege barndomsminner.

Eg er medlem av forskjellege «barnehage»-grupper på facebook, og i ein tråd på ei slik gruppe, dukka ein sang som eg lærte då eg gjekk på «førskulen» for 34-35 år sidan.

Eg brukar sangen ofte i barnehagen i dag òg, ikkje så mykje i samlingsstunda, men meir som «ventesang», mens me ventar på mat, på kviling eller liknande.

Tombai

Tombai – tombai – tombai – tombai
tombai – tombai – tombai.

Tombai – tombai – tombai – tombai
tombai – tombai – tombai.

(me slår oss rytmisk på låra)

Trallala – trallala – trallalala – lalla

(me klappar i hendene)

Trallala – lalla – trallala – lalla
trallala – lalla – lalla.

(me slår på låra og klappar i hendene)

Artig å finne songen på youtube, frå eit heilt anna land, men likevel så likt.

DSC01295 (800x600)

Ynskjer deg ein flott sommar, del gjerne bloggen min, og følg meg på Facebook. Du finn meg òg på instagram, snapchat og pinterest, som Samlingsboksen <3

klem,
Gudrun

Songleikar

Eit av mine første minner om songleikar, er frå Jonsok-feiringane heime. Me leikte slå på ringen, både ungar og vaksne. Det var moro! Alt vart meir moro når dei vaksne var med.

Slå på ringen

Slå på ringen, slå på ringen,
slå på den du vil.
Slå på ringen, slå på ringen,
slå på den du vil.
Slå på kjærasten din om du vil.

Me song aldri «Den du slår…» Me stod i ein ring, ein gjekk utanfor, og slo på «kjærasten din om du vil», og så sprang begge, i kvar sin retning, så fort som berre pokker. Det var grisespennande!

Det var fint med eit slikt fellesskap av vaksne og ungar.

rosehagetorn

Eg føler at songleikar er ein del av barnekulturen som har gått litt i gløymeboka, ungane no til dags leikar ikkje songleikar, ikkje hoppar dei strikk heller, når eg tenkjer meg om. Det var det me gjorde i friminutta, leikte songleikar og hoppa strikk.

Eg fortalte ganske tidleg om mine første skuleår, på ein fådelt grendaskule med til saman 27 elevar, viss det var gode år. Det var år med berre ein i kullet òg, altså, men det var veldig skjeldan, eg veit berre om ein gong.

Men me leikte altså songleikar i friminutta. Og i gymtimane på grendaskulen min. No offence, men det er kanskje like greit at skulen vart nedlagt for 26 år sidan.

DSC01292 (600x800)

Mitt kull bestod av seks jenter og ein, stakkars, gut, men med så få elevar, så leika me saman med alle. Dei to klaraste minna frå songleikar-friminutta, har eg fortalt om tidlegare ein gong, men eg gjentek dei her. Begge er frå eg gjekk i første klasse.

Me hadde ein stor, flat leikeplass, me held kvarandre i hendene og starta på den eine enden, med «Lang- lang- rekke». På hin enden av plassen, gjekk den høggravide læraren til 3. klasse. (Hugs eg var i første klasse, så ho kjente eg ikkje.) Eg var jo litt bekymra for korleis det skulle gå når me tok ho att, og, gode venner som eg alltid har hatt, enda det jo sjølvsagt med at eg vart most inn i rumpa til denne svære dama.

Lang lang rekke,
Gudrun ut av rekka gå.
Lang lang rekke,
Hilde ut av rekka gå.

Det andre minnet, handla om Berget det blå. Eg går framleis i første klasse, og det var gutar i 3. klasse. Desse kjenner eg sjølvsagt ikkje, er du gal! Eller eg kjenner sjølvsagt søskenbarnet mitt, som går i tredje. Men han er ikkje med i dette minnet. Berget det blå handlar om kjærestar og slikt, og det er ein som skal velge seg ein kjærest. Og ein av desse gutane i tredje, som er veldig skumle, velger vesle meg. Kjenner framleis kor pinleg det var.

Det kom to jenter frå Berget det blå,
og dei spurte jo som så,
er det kjærestar å få.
Og vil du vere kjæresten min,
så rekk meg handa di.

Eg skal skrive eit innlegg med fleire songleikar, både nye og gamle. Har du ein songleik du ikkje gløymer? Del han i kommentarfeltet, eller på Facebook, så kjem han med i neste songleik-innlegg.

Ønskjer deg ein flott forsommar. Me hadde sommarfest i barnehagen til guten min i dag, og der vart «Du skal ikkje tru det vert sommar» framført. Og eg må seie, med nattefrosta som var faretruande nær i natt, så var dette ein svært passande tittel.

-Gudrun-