Kategoriarkiv: barnekultur

Eg gjekk meg ut i skogen

ein vårdag i april. Og på ein liten stubbe tok eg meg ein liten kvil.

Strofa er henta frå min favoritt Thorbjørn Egner sang. Akkurat denne sangen gav meg ein vekkjar i dag.

Ungar elskar song!

Tenk at eg – som syng heile tida, også trengte ei påminning på akkurat dette.

Den nye kvardagen

Me starta jo på måndag med den nye kvardagen – tida der me skal ha minst mulig med kvar andre å gjere. Me har ute-barnehage, med tre åringane (og dei to eldre gruppene), dvs at me er ute heile tida. Me går òg tur! Uteområdet vårt er eit stort edderkoppnett av sperreband, og ikkje særleg spennande å tilbringe ein heil dag på.

Slik ser uteområdet ut i barnehagen for tida.

I dag gjekk me tur oppover byggjefeltet, forøvrig eit smart val, sidan det betydde nedoverbakke på heimvegen. På veg nedatt, sette me oss ned for å vente på bakre tropp, der me sette oss, var det nokre stubbar. Og eg vart inspirert til Vårvise av Thorbjørn Egner.

Jeg gikk meg ut i skogen en vår dag i april, og på en liten stubbe tok jeg meg en liten hvil.

Og ungane fekk stjerner i augene. Og neste gong me skulle kvile, sette me oss ved nokre steinar. Då sa dei; kan du synge om steinar no? Nett slik som dei gjorde i fjor, når dei var to år, og kom bort med gule bilar og ville at eg skulle «synge den», eller griser for at eg skulle «synge den». No har me vore frå kvarandre i mange veker, einaste samlinga eg har hatt på lenge, er dei digitale samlingsstundene eg la ut på bloggen, sjå her og her. Eg får liksom ikkje plass til ein samlingsboks oppi kohort-tursekken min. Men sang er viktig for ungane uansett! Dei elskar at me syng, dei tykte det var fint å høyre at eg sang ein song dei ikkje har høyrt før!

Fin turdag!
Me har mange fine områder like i nærleiken til barnehagen.

I morgo trur eg at me tek ei kohort-samlingsstund med min og samarbeidskohorten. Den vert utan så mange konkretar, men eg trur det går fint alikevell.

Du finn samlingsboksen på Facebook og instagram.

Klem,

Gudrun

Lille Larven Aldrimett

Korleis pleier du å lese bøker? Her ser du meg lese Lille Larven Aldrimett. Merk at dette ikkje er ei full samling, eg les berre boka og har ein leik på slutten. Eg har aldri samling utan masse song.

Dette her er ei av favoritt bøkene mine, å snakke om favoritt bok er nesten som å snakke om favoritt sang, for det er så mange av dei. Men Lille Larven Aldrimett, av Eric Carle er ei fin bok til 2-3 åringar.

Eg har jo mange samlingsboksar, og Lille Larven Aldrimett har fått sin heilt eigne boks.

Dialogisk lesing

Eg har brukt larven til dialogisk lesing og språktrening, men også som bok i samlingsstunda. Eg veit at mange ikkje likar bok i vanleg samlingsstund, fordi det er vanskeleg å treffe alle, men viss du gjer det spennande nok, så vert det bra lell. Sjå her for mine tips til lesing i samlingsstunda.

Inni boksen er det masse rart, sjå berre her;

Lille Larven Aldrimett

I boksen har eg boka, Lille Larven Aldrimett handdokka, nokre tre frukt; eple, pære, jordbær og appelsin. Eg har klipt ut og laminert all maten Larven Aldrimett et seg gjennom. Eg har fleire sommarfuglar, bilder av frukter, ein artig sak med ein larve i eit eple og eit rytmeinstrument.

Lille Larven Aldrimett
Lille Larven Aldrimett

Kims leik er ein fin aktivitet for å få inn meir språktrening, eg brukar fargenavn og fruktnavn; «Eit raudt eple».

Lille Larven Aldrimett

Tanken er då, og det vert gjennomført slik òg, at eg kan ha ei heil samlingsstund berre med Larven Aldrimett og det som eg finn oppi boksen. Det kan vere moro å halde seg til «temaet», men det fører med litt jobbing på førehand, med å finne sangar som passar, eg ville kanskje valt «Hysj, kan du høyre», alle salgs edderkoppar osv, då hadde eg hatt eit insektstema. Men elles likar eg å velge den songen eg eller ungane har lyst til å synge akkurat no.

I mindre grupper pleier eg ha Kims leik, slik som eg har på videoen, og me pleier bruke rytmeinstrumentet til å synge ein navnesong.

Du finn samlingsboksen på Facebook. Kom gjerne innom.

Håper du har ein fin dag! Del gjerne innlegget vidare viss du likte det <3

Klem,

Gudrun

Hurra for alle som har bursdag i april!

Eg kunne ikkje ta påskeferie før me hadde hatt aprilbursdagssamling! Gratulera med dagen til alle som har bursdag i april, spesielt til dei to som vart 4 år på Knubben, dei to som vert 5 år på Maurtua, dei to som vert fem og ho som vert seks år på Bjørnehiet, og til dei tre som vert tre på Vetlebekken og Nyperusti, og dei to som vert to på Nyperusti og Kleivadn. Men òg til alle andre ungar i heimebarnehage som har bursdag i april.

Håpar de får ein fin bursdag alle saman! Og god påske!

Del gjerne posten vidare viss de likte bursdagssamlinga <3

Påskeklem til alle ungane mine fra Gudrun

Handdokke sjiraff
Gudrun og Sjiraffen Laffen

Samedagen – Eventyret om reven og kråka.

Sjekk ut salet i nettbutikken!!

Denne veka markerer dei fleste barnehagar Samedagen. Me skal ha stor feiring på torsdag, og i moro skal eg ha samling med samedagen som tema. Eg har valgt ut eit eventyr som eg fann hjå NAFO. Ungane mine er tre år, så dette var passe skummelt. Dei andre eventyra eg har funne har vore litt for skumle.

Som du ser, lever eg meg alltid veldig inn i historia. HER finn du andre historier eg lever meg inn i; Historia om guten som fekk den finaste bursdagspresangen og Historia om då ulven ville invitere små grisene i bursdag.

Kråka og reven


Historia nedanfor handlar om då Kråka måtte gi frå seg egg til Mikkel. Eg endra fra RAVN til BJØRN fordi eg ikkje hadde nokon som kunne spele ravnen. Eg har ikkje øvd så veldig på eventyret før eg filmar, men det er heller ikkje poenget. Poenget er å gi deg eit enkelt, fint eventyr å dramatisere.

Viss eg skal gi deg berre eit tips til å gjere samlinga meir spennande, så er det heilt klart HANDDOKKER! Det løfter ei kvar samlingsstund fleire hakk. I denne historia bruker eg som du ser samlingsboksen sin Mikkel Rev og Bamse Brakar, i tillegg til at ei ugle har fått rolla som Kråke. Ugla er stjelt heimafrå, frå ein av ungane mine, uvisst kor ho kjem fra. Men «man tager hvad man haver» heiter det.

Har du noko gode tips til feiring av samedagen? Korleis gjer de det i din barnehage? Del!

Følg meg gjerne på
FACEBOOK
INSTAGRAM

og bli med i facebookgruppa vår!

Ha ein fin dag!
klem,
Gudrun

7 bøker til to åringen

Eit spørsmål som ofte dukkar opp på diverse barnehageforum, er «Har du forslag til bøker som passar til…?»

Etter 21 år som barnehagelærar og mange år på toårsgruppe, skal du no få mine favorittbøker til nettopp toåringen.

1. Lille Larven Aldrimett

Lille Larven Aldrimett. Det er nok ikkje nokon overrasking at dette er ei av mine favorittar. Eg har laga meg ein eigen Larve-samlingsboks til dialogisk lesing av nettopp denne boka. Oppi samlingsboksen har eg konkretar, både treleiker og mat klippa ut i papp. Handdokke, sommarfugl og sommarfuglvinger. Det fine med denne boka, er at den rommar so mykje. Du får inn ernæring, utvikling, tal… osv. Det dukkar opp nye element etterkvart som du bruker boka. Eric Carle har òg fleire andre bøker som passar godt til 2 åringane.

(Den lille larven Aldrimett – Eric Carle)
  2

2. Storemonster og Veslemonster

Storemonster og Veslemonster. Dette er ein serie bøker om to monster, i kvar bok føl me det eine monsteret. Dei to første i serien var «Storemonster gret ikkje» og «Nei! sa Veslemonster» Etter desse har det komme fleire andre. Det eg likar med desse bøkene er at me får sjå historiar frå fleire perspektiv. Veslemonster er lei av at Storemonster bestemmer og får Veslemonster med på ting han ikkje vil, men han torer ikkje seie noko, før det plutseleg smeller og han brøler NEI! Og Storemonster kjempar med tårene, fordi Veslemonster får til alt som ikkje Storemonster greier. Men Storemonster gret ikkje. Heilt til Veslemonster ler av pappaen hans. Bøkene byggjer seg opp med ei konflikt, men dei to vert alltid venner tilslutt. Me får òg vere med på ein kjempe krangel i Monsterbråk og treffer sjuke monster i Monsterpest. Og det vert skikkeleg skummelt i Monster i mørket.

(Nei sa veslemonster – Kalle Güettler m.fl.)

3. Besj på hovudet

«Den lille muldvarpen som ville vite». Denne handlar om den vesle moldvarpen som fekk ein besj på hovudet sitt og starta med å jakte på gjerningsdyret. Han treffer mange dyr med forskjelleg besj, før han endeleg finn syndaren og får legge igjen ein besj på hovudet hans. Kjempe moro med tabu.

(Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans – Werner Holzwarth)

4. Monster i Dunderly

Dunderly. Me har ein bokkasse med tre bøker om Moi og dei andre monstera i Dunderly. Moi om morgonen. Moi om kvelden. Moi blir borte bø. Skikkeleg favorittbøker for 2 åringar! Moi prøver på mange stunt, blant anna nektar ho å leggje seg om kvelden. Men det vert skikkeleg skummelt åleine, ein gong ikkje superhelt-drakta virkar.

(t.d. Moi om morgenen – Endre Lund Eriksen)

5. Pål-bøkene

Pål-bøkene. Desse små bøkene med superenkel tekst, er perfekte på småbarnsavdeling. Me får vere med Pål på forskjellege krumspring, t.d. så kranglar han om ein bil i Påls bil. Historiane er lett gjenkjennelege for dei små, og språket er enkelt, som ein toårings språk. Dette er bøker som fengjer to åringen.

(t.d. Påls bamse – Barbro Lindgren og Eva Eriksson)

6. Kai-bøkene

Kai-bøkene. Liknar litt på Pål bøkene. Eg har ikkje brukt desse sjølv, men har fått vere med på samlingsstunder der ein medarbeidar har lest/dramatisert desse. Kjempe moro! Og veldig fengjande. Me får i den eine boka vere med på å finne ut korleis Kai skal få tak i eit eple som heng høgt oppe.

(t.d. Kai sier hei – Mats Leten)

7. Vrimlebøkene

Vrimlebøkene. Dette er bøker som veks med ungen, og med den som leser. Det er ikkje tekst i dei, men store innhaldsrike bilder frå ein by. Kvar bok startar på samme plass og inneheld ei mengd historiar som kjem etter kvart som du vert kjent med bøkene. Eg har brukt vinter, vår, sommar og haust Vrimlebøkene, men det er komme endå fleire i serien. I boka så forflyttar me oss i byen, saman med menneska og dyra, og me endar opp på samme plass. I årstid Vrimlebøkene følgjer me byen eit heilt år og får sjå endringane. Me ser blant anna at ein barnehage vert til.

(t.d Vinter-vrimlebok – Rotraut Susanne Berner)

 

Sjå her for mine tips til korleis lese bøker litt meir spennande.

Sju steg til spennande lesing

 

Klem

Gudrun

Bjørnen og Reven som handdokker
Bamse Brakar og Mikkel Rev

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

Krakksetebruri – ei segn frå Sogn

Heilt frå eg var lita jente, har eg høyrt segna om Krakksete brura eller Hausesølvet.

Steinen som vert kalla Huldrekyrkja.
Steinen som vert kalla Huldrekyrkja.

Inga var budeie på stølen til truloveden sin, Ivar frå Hausa. Dei andre budeiene på Krakksete hadde reist ned att, men Inga vart att på stølen for å gjere ferdig veven sin.

Medan ho dreiv på med veven, fekk ho besøk i stølshuset, det var eit heilt fylgje med huldrefolk som kom inn.

Huldrefolket pynta Inga til brud, og ropte at han dei ville ho skulle gifta seg med skulle «Nysse ho!» Huldrefolket kunne ikkje seie kyss ho.

Inga tok ei stålnål mellom tennene, for ho visste at dette verja ho mot trollskapen.

På stølsvollen gjekk hesten til truloveden hennar, han Ivar. Hesten fatta at noko var gale, og reiste heim etter husbonden sin. Ivar og hesten for tilbake til stølen på Krakksete so fort dei kunne.

Ivar reiv opp seldøra og skaut inn i rommet, slik at eit av spira på brurekruna som Inga hadde på seg, fall av.

Huldrefolket skreik opp og freista å riva av Inga både kruna og anna pynt, men rakk det ikkje før Ivar bar den komande brura si ut. Dei to rei ned att til bygda med huldrepakket etter.

Då dei kom ned att til gardane, rei dei gjennom ein byggåker, der vegane gjekk i kors. Der kunne ikkje huldrefolket ferdast.

Huldrefolket svor hemn fordi Ivar og Inga drog av med huldresølvet; «Det skal verte eit tøle i kvart bøle i ni til ti ledd!» (Det skal verte fødd ein tulling i kvar generasjon i ni til ti ledd. Eg er gift med ein av etterkommarane, og kan bekrefte at i den slekta er det berre tyl og tullingar….)

Brurekruna vart på garden i lang tid, men det avskotne spiret nekta å verte feste på kruna att, sjølv kor mykje dei beste sølvsmedar i Bergen prøvde. Kruna står no utstilt på museet i Bergen.

masse_smart 402

Dette er ikkje huldrefolk, men dei er etterkommarar av Krakksetebruri.

Håpar du kosa deg med segni frammaotte Sogndalsdalen. Kom gjerne med forslag til andre segn som ikkje må gå i gløymeboka.

klem,

Gudrun.

 

 

 

Eit av mine tidlege barndomsminner.

Eg er medlem av forskjellege «barnehage»-grupper på facebook, og i ein tråd på ei slik gruppe, dukka ein sang som eg lærte då eg gjekk på «førskulen» for 34-35 år sidan.

Eg brukar sangen ofte i barnehagen i dag òg, ikkje så mykje i samlingsstunda, men meir som «ventesang», mens me ventar på mat, på kviling eller liknande.

Tombai

Tombai – tombai – tombai – tombai
tombai – tombai – tombai.

Tombai – tombai – tombai – tombai
tombai – tombai – tombai.

(me slår oss rytmisk på låra)

Trallala – trallala – trallalala – lalla

(me klappar i hendene)

Trallala – lalla – trallala – lalla
trallala – lalla – lalla.

(me slår på låra og klappar i hendene)

Artig å finne songen på youtube, frå eit heilt anna land, men likevel så likt.

DSC01295 (800x600)

Ynskjer deg ein flott sommar, del gjerne bloggen min, og følg meg på Facebook. Du finn meg òg på instagram, snapchat og pinterest, som Samlingsboksen <3

klem,
Gudrun

Songleikar

Eit av mine første minner om songleikar, er frå Jonsok-feiringane heime. Me leikte slå på ringen, både ungar og vaksne. Det var moro! Alt vart meir moro når dei vaksne var med.

Slå på ringen

Slå på ringen, slå på ringen,
slå på den du vil.
Slå på ringen, slå på ringen,
slå på den du vil.
Slå på kjærasten din om du vil.

Me song aldri «Den du slår…» Me stod i ein ring, ein gjekk utanfor, og slo på «kjærasten din om du vil», og så sprang begge, i kvar sin retning, så fort som berre pokker. Det var grisespennande!

Det var fint med eit slikt fellesskap av vaksne og ungar.

rosehagetorn

Eg føler at songleikar er ein del av barnekulturen som har gått litt i gløymeboka, ungane no til dags leikar ikkje songleikar, ikkje hoppar dei strikk heller, når eg tenkjer meg om. Det var det me gjorde i friminutta, leikte songleikar og hoppa strikk.

Eg fortalte ganske tidleg om mine første skuleår, på ein fådelt grendaskule med til saman 27 elevar, viss det var gode år. Det var år med berre ein i kullet òg, altså, men det var veldig skjeldan, eg veit berre om ein gong.

Men me leikte altså songleikar i friminutta. Og i gymtimane på grendaskulen min. No offence, men det er kanskje like greit at skulen vart nedlagt for 26 år sidan.

DSC01292 (600x800)

Mitt kull bestod av seks jenter og ein, stakkars, gut, men med så få elevar, så leika me saman med alle. Dei to klaraste minna frå songleikar-friminutta, har eg fortalt om tidlegare ein gong, men eg gjentek dei her. Begge er frå eg gjekk i første klasse.

Me hadde ein stor, flat leikeplass, me held kvarandre i hendene og starta på den eine enden, med «Lang- lang- rekke». På hin enden av plassen, gjekk den høggravide læraren til 3. klasse. (Hugs eg var i første klasse, så ho kjente eg ikkje.) Eg var jo litt bekymra for korleis det skulle gå når me tok ho att, og, gode venner som eg alltid har hatt, enda det jo sjølvsagt med at eg vart most inn i rumpa til denne svære dama.

Lang lang rekke,
Gudrun ut av rekka gå.
Lang lang rekke,
Hilde ut av rekka gå.

Det andre minnet, handla om Berget det blå. Eg går framleis i første klasse, og det var gutar i 3. klasse. Desse kjenner eg sjølvsagt ikkje, er du gal! Eller eg kjenner sjølvsagt søskenbarnet mitt, som går i tredje. Men han er ikkje med i dette minnet. Berget det blå handlar om kjærestar og slikt, og det er ein som skal velge seg ein kjærest. Og ein av desse gutane i tredje, som er veldig skumle, velger vesle meg. Kjenner framleis kor pinleg det var.

Det kom to jenter frå Berget det blå,
og dei spurte jo som så,
er det kjærestar å få.
Og vil du vere kjæresten min,
så rekk meg handa di.

Eg skal skrive eit innlegg med fleire songleikar, både nye og gamle. Har du ein songleik du ikkje gløymer? Del han i kommentarfeltet, eller på Facebook, så kjem han med i neste songleik-innlegg.

Ønskjer deg ein flott forsommar. Me hadde sommarfest i barnehagen til guten min i dag, og der vart «Du skal ikkje tru det vert sommar» framført. Og eg må seie, med nattefrosta som var faretruande nær i natt, så var dette ein svært passande tittel.

-Gudrun-

Samlingsboksen – inspirasjon

samlingsboksen_inspirasjon_pakka

Dersom ein skal få plass til alt, må det pakkast godt.
Men du har eit vell av idear, inspirasjon, improvisasjon,
ingen samling treng verte lik, det poppar opp
songar og eventyr, kun fantasien set grensene.

samlingsboksen_inspirasjon_fullt

Mikkel, Bamse Brakar og Sjiraffen Laffen er sjølvsagde i mine samlingsboksar.
Her er òg eigenproduserte songkort.

samlingsboksen_inspirasjon_fullt2

Boksen er ei gammal skoøskje, som eg har kledd med papp og «Mc Gyver»-tape.

samlingsboksen_inspirasjon_griser

Dei tre små grisane, Puslegrisen, Sporty Bust og Pelle Gris, og ulven, Missjø Grybin
må jo sjølvsagt òg få vere med i samlingsboksen.
Me syng Alf Prøysen sin «Puslegrisen», me syng «Tre små griser»,
«Med krøllet hale» og så brukar eg dei til å dramatisere eventyra mine.
Den raude boksen brukar eg kun som underhaldning. Det vert so
mykje meir spanande å trekke frå samlinsboksen når
konkreten ligg opp i denne raude boksen. (Ja, eg veit mange har
julekuler oppi slike, men mi julekule overlevde ikkje diversse juletre-fall.)

samlingsboksen_inspirasjon_dyr

Eg og misten rydda på rommet hans,
då fekk eg arve mange flotte plastdyr. Slike finst det flust av
i barnehagane rundt om, stapp dei oppi boksen din.
Det er mykje meir spanande å synge «Be be lille lam» når du
trekker fram ein sau, mot som berre å seie;
«No syng me Be be lille lam».

samlingsboksen_inspirasjon_insekt_dyr

Eg likar visst dyr i samlingsboksen min.
Musa er ei katteleike, kjøpt på ein matbutikk, i anledning Skinnvotten-prosjektet me hadde i fjor. Eit åringane var Pilemus Silkehår.
Fisken fekk plass i boksen under Olav Stedje-prosjektet vårt.
Eg fann han i lagerutsalet mitt. Det var egentleg ein fiskekrok.
Men han funkar flott som konkret. Me brukar han, sjølvsagt, til «Bobb-bobb-dedi-dedi» (Dei tre små fisk), men me har òg sunge «Fiskeskjer». Ingebrigt Davik og Taremareby er òg ein ide i fiske-konkreten.
Kyllingen høyrer påsken til. Billig påskepynt frå Europris.
Viss du bruker augene godt, så ser du ein liten edderkopp attmed fisken. Eg må ha med edderkopp i samlingsboksen min, for det er rett og slett den artigaste songen eg veit om. Det finst eit vell av forskjellege edderkoppar rundt om. Eg har arva edderkoppen frå dotter mi, som  har utstyrt samlingsboksen min med mykje rart oppgjennom.
Frosken er frå Forut sin barneaksjon. Me syng «Små froskene» og «M-Æ» når me trekker fram denne.

samlingsboksen_inspirasjon_jungel

Når desse tre kjem ut av samlingsboksen samtidig, er det sjølvsagt «Gå ein tur i jungelen» eg har lyst til å syngje. Og dette er alltid ein ønskjesong frå ungane, så her er me bra på nett. Eg har framsnakka rørslesongar både tett og ofte. Litt rørsler gjer songen mykje betre å syngje.
Av og til kjem berre tigeren fram, då syng me «Ein tiger er for diger», kjem berre krokodillen, er det «Nyss så møtte jeg en krokodill» eller «Krokodille i ditt badekar» som poppar fram.

samlingsboksen_inspirasjon_køyretøy

Køyretøy er òg alltid moro! Har du ein båt, kan du syngje «Sortebill» og «Sabeltann», du kan innom «Ro til Siraland», «Ro din båt», «Kven kan segla for utan vind», «Ro til fiskeskjer» og alle andre båt-songar du kan. Mine to toåringsgutar påstår alltid at dette er ei skute, så me startar med Sabeltann før me går over til robåtane våre.
Eit tog er alltid kjekt å ha i samlingsboksen, me syng «Tøffe toget» og «Nede på stasjonen». Dette mini-toget trur eg kom i eit kinderegg ein gong. Det er eit knøtt lite tog frå Thomas-toget. (Eg veit ikkje akkurat kva dette heiter…) Bilen er ein gjengangar, me syng alltid «Ford Escort», men du kan kanskje andre bil-songar? 

samlingsboksen_inspirasjon_kort

Desse ordkorta om følelsar likar eg godt. Kjøpte dei gjennom go’boken. Det er ein liten tekst på baksida òg, for å underbygge illustrasjonane.

samlingsboksen_inspirasjon_tal

Tal- og bokstavkort er fine å ha i boksen. Desse har eg laga sjølv, men både sjarmtroll og Alfabetika har ABC og 123 kort som er fine.

Dette var min boks pr i dag. Nøtteliten og Bolla Pinnsvin har òg plass, pga Alf Prøysen-prosjektet vårt. Dessutan ligg det eit rytme-egg eller ein marakass, som ungane spelar på når me syng navnesongar.

Har du boks i samlinga? Kva har du oppi samlingsboksen din? Dersom du fekk idear frå innlegget, er det flott om du deler det med andre, og eg set stor pris på nye idear!

Kos deg med samlingsstunda.

Klem, Gudrun

Ikkje for utålmodige pyser!

Som eg så vidt har nemt før, har eg bestilt meg nokre «samlingsboksen.no»-handdokker. Avtala var grei, tidsaspektet såg flott ut. Eg bestilte, førehandsbetalte og begynte å vente. To månadar skulle det gå, ein månad til produksjon og ein månad til transport, frå Kina.

samlingsboksen_no_tagg

Eg bestilte 18. desember. Eg håpte dei skulle komme i februar, men fekk ein heil masse unskyldningar. Eg trudde dei skulle komme i mars, men så var det noko problem med å få sent det. Eg var sikker på at dei kom i april, spesielt sidan eg var på ferie dei siste 14 dagane av april. Stressa litt og håpte dei kom før eg reiste.

Så kom mai, no gjekk forventningane kraftig ned, eg håpte dei skulle komme, men trudde det ikkje. I juni hadde eg egentleg gitt opp håpet og rekna med eg hadde fått meg den dyraste lærepengen eg nokon gong hadde fått. Og ingenting dukka opp i juni heller. Eg lova faktisk mannen min at eg skulle spandere middag ute på han, dersom dei dukka opp.

Så kom juli; og der kom første boks med mine eigne sjiraff-handdokker! Eg held på å gå i dørken! Og dei 17 neste boksane er til fortolling i Oslo! (Ja, 17, jentungen sa òg at eg var sprø!)

sjiraff handdokker frå Samlingsboksen.no

Eg køyrde i gong ein konkurranse på facebook og instagram, der eg trekker ei gratis dokke blant dei som kjem med tips til korleis dei vil bruke sjiraff-handdokka i samlingsstunda, eller andre plassar. Samme konkurransen går til blogglesarane, som ikkje følger på facebook eller instagram. Skriv tipsa dine som ein kommentar under her; Korleis vil du bruke sjiraffen Laffen?

Handdokkene kjem for sal om ikkje så brått, viss du har kjempelyst på ei NOOO!! så ta kontakt, så ordnar me det.

Dei andre dokkene er Reven og Bjørnen, Lille larven Aldrimett og dei Tre Små Griser og ulven, som er fingerdokker. Desse kjem snart, og eg lover å vise dei så snart dei kjem på tunet!

Klem, Gudrun