Fellessamling – igjen <3

Ok, som du veit, er eg veldig glad i samlingsstunda i barnehagen, men eg elskar fellessamling. Hjå oss er fellessamling ei samling med ca 55 ungar i alderen 1-(nesten)6 år og ca 15 vaksne i alderen 19-60.

handdokke av rev og bjørn
Reven fekk vere med i fellessamlinga, men utan kompisen Bamse Brakar. Mikkel Rev var konkret i to av songane, «Reven og rotta og grisen» og «Guten gjeter sauen».

I dag vil eg fortelje deg om ei ny fellessamling. Eg vart utfordra av styraren til å ta fellessamlinga på fredag, og tok det på meg utan betenkningstid. Eg elskar fellessamling!

Rammene våre var litt sette med at me skulle repitere songar frå forrige samling; RøysekattenGuten gjeter sauen, Ro til Siraland og Reven og rotta og grisen. Flotte tradisjonssongar frå Sogn.

Men eg og min makker kan ikkje ha ei samling utan dramatisering! Kva kunne me flette inn som teater her?

Eg kom fram til to ting;

  1. Alf Prøysen; Barnehagen har Du og jeg og dompappen som månadssong.
  2. Alle avdelingane jobbar no med ekorn, og brukar songen om Nøtteliten, som òg er Alf Prøysen sin.

Og så blanda eg innatt Bukkane me kjenner so godt frå før, og fekk eit heilt nytt eventyr.

Eventyret om dei tre små ekorna og den sinte dompappen.

Det var ein gong tre små ekorn som skulle på fuglebrettet for å gjere seg feite, og alle tre heitte dei Nøtteliten.
På vegen opp til fuglebrettet, måtte dei gå forbi greina til den sinte Dompappen.

Slik starta eventyret. (Og slutten var sjølvsagt ei overrasking som ingen hadde gjetta seg til. For eg har litt problemer med godt og vont. Ting er ikkje alltid slik dei ser ut.)

Samlinga gjekk slik:

Opning; Her i barnehagen
Oppvarming; eg har lært meg at det er lurt å varme opp stemma mi, og ungane er med på oppvarminga. Me tek nokre rundar med «Minne-monne-manne» og «Går du på glattis»
Boksen; Me har med boks, sjølvsagt. Og opp av den trekker me konkretar. Først ute var ein båt. Som skulle peike mot «Ro til Siraland», men me måtte ein tur innom Kristiansand og Sabeltann før me kom oss til Siraland. Og slik fortsetter det med dei tre andre songane. Røysekatt hadde me ikkje, så då begynte makkeren min å krabbe rundt på golvet og stjele sko som skulle førestille ost….
Eventyret; Ribbeveggen fungerte som tre, med eit grønt teppe på, me hadde med ein liten, tova dompapp. (Tova for sikkert snart 20 år sidan av underteikna då eg var 4H’ar…..) Og me hadde med tre små ekorn. På teppet og ribbeveggen hadde me hengt opp bilder av kongler og nøtter.
Avslutting; Alle legg seg på golvet og me syng «Trollmor» slik me pleier.

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

 Samlinga vara i 45 minuttar, og me var kjempe nøygde med responsen.

Likar du bloggen min, klikk på «Like»-knappen og del gjerne vidare. Og viss du vil «snakke» med meg, legg igjen ein kommentar.

Klem, Gudrun

2 kommentarer om “Fellessamling – igjen <3

  1. Hallo. Mye spennende og morsomt her. Jobber mye med «Den lillelarven Aldimett» Hvor har du fått tak i din larve ?

    mvh Mai Britt Haug

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *