Rett og gale, god og vond

Ting er ikkje alltid som dei ser ut...
Ting er ikkje alltid som dei ser ut…

Denne hausten har eg virkeleg fått brukt mine kreative forfattarevner. Takka vera god oppbacking frå helviktekst.no. Ho har oppmuntra meg til å dikte eventyr til dokkene mine, og eg har virkeleg fått blod på tann.

Eg har dikta nokre heilt nye eventyr, bl.a. om då Puslegrisen og Bæbæ Lillelam kom oppi trøbbel med Missjø Grybin. Og eg har teke tak i gamle, kjente eventyr, og lagt til ein Gudrun-twist. T.d. om grisane som skulle til sæters for å plukke bær og ekorna som skulle på fuglebrettet for å ete seg feite. Og det litt meir klassiske tre små griser og ulven eventyret.

Gudrun-twisten er at ting ikkje alltid er slik ein skulle tru, verda er ikkje god og vond, eller rett og gale. Og ei sak har alltid to sider, minst.

Veit du heile sanninga?
Veit du heile sanninga?

Dessutan er eg veldig glad i «happy endings». Derfor er det jo supert å dikte for barn, for då meiner eg det godt kan vere ein lukkeleg slutt. Eg veit at ikkje alle barn har det bra, men alle kan få drøyme seg bort i ei god verd.

Eg skreiv om Bjørnen og Reven, og sosial kompetanse, for ei tid tilbake. I eventyra mine får me sjå saka frå fleire sider, både den gode, t.d. grisane, og den vonde, Missjø Grybin. Å lære seg til å sjå heile biletet, å sjå andre sine synsvinklar, å ta forskjellege perspektiv, meiner eg er god sosial kompetanse. Eg drøymde at eg krangla med ein av kollegaene mine, like før me skulle begynne å jobbe i lag, og sjølv i draumen såg eg saka frå begge sider, eg såg kva me begge gjorde feil. (Eg er veldig glad for at me krangla i draume kvardagen, for eg har ikkje krangle med ho i den verkelege kvardagen.)

Då eg gjekk på lærarhøgskulen for «eit par» år sidan, fekk me utdelt eit eventyr, som eg hugsar hovudtrekka frå den dag i dag.

Det handla om det einsame trollet under brua, som var på jakt etter venner, men ikkje heilt visst korleis han skulle gå fram. Og enda opp forslått, blaut og sønderknust i elva.

Så i mine eventyr får storebroren, Pelle Gris eller den største Nøtteliten eit nytt personlegheits trekk. Storebroren, den klokaste av dei alle, ser den redde, lei seg Missjø Grybin eller sinte Dompappen. Gjenkjenner den einsame, redde personen bak den tøffe maska.

Dette er vel og bra i eventyret, men kva vil eg lære ungane med dette her? Kva er tanken bak desse eventyra? Riktig, me er tilbake til temaet mobbing, som eg jo har skrive om frå «offer-sida»tidlegare.

-Og du; det er ikkje alltid mobbaren har det så greit. Viktig å tenkje på det òg…

…skreiv eg i oktober 2013, og det står eg fortsatt for. Sjølvsagt er det feil framferd av trollet å skremme dei små bukkane, men han har ikkje lært nokon annan måte å gjere det på. Han brukar den einaste måten han veit om for å få merksemd, for negativ merksemd er betre enn inga merksemd….

No vil eg ikkje vere noko talerøyr for mobbarar, men det er viktig å hjelpe mobbaren til nye, meir hensiktsmessige måtar å gå fram på.  Torbjørn Røe Isaksen tek til ordet for å flytte mobbarar til ein annan skule. Kva skal eg seie om dette? Tja, viss nokon skal flyttast, så stemmer eg for mobbaren, altså. Men det finst betre måtar, trur eg.

Ei venninne løyste mobbeplagene til sonen på denne måten:

Guten vart plaga av ein annan gut i klassen. Så ho inviterte den andre guten med heim, slik at gutane kunne få ein betre relasjon.

Ein flott måte å reagere på.

Eg trur me må ta tak i relasjonen, slik som denne mora gjorde, me må lære ungane våre korleis dei skal vere mot andre. Me må lære dei (og oss sjølve?) å sjå saka frå fleire sider, sette seg inn i andre sin situasjon.

La oss løfte fram «Den gyldne regel».

Den gyldne regel

Likte du bloggen? Hugs å dele den med andre. Og skriv gjerne ein kommentar viss du har tankar om emnet.

Klem,
Gudrun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.