Det er alltid mobbaren det er noko gale med

Det er alltid mobbaren det er noko gale med.

Den gyldne regel

Ungane mine dansa BlimE-dansen på skulen denne veka. Og på veg heim frå jobb på fredag, filosoferte eg litt over temaet mobbing. Eg høyrer ofte når det er snakk om mobbing at det vert leita etter feil hjå offeret, eller offeret sine foreldre. «Er ikkje løge han vert mobba, sidan han er slik og slik» eller «Foreldra kan no prøve å gjere slik eller slik, eller ikkje gjere slik eller slik.» Det kan t.d. gå på klede, oppførsel eller utsjåande til offeret.

Men på eit kurs me hadde på jobb, sa dei noko eg beit meg merke i; «Det er aldri offeret sin feil at han/ho vert mobba, det er alltid mobbaren det er noko gale med.» Dette utsagnet filosoferte eg altså på når eg køyrde heim frå jobb. Korleis forklare denne setninga slik at me alle skjønnar?

Då datt det ned i meg; Eg har jo treft mange rare folk på min veg gjennom livet. Mange som har kryssa min sti, har vore merkelege, eg har kanskje til og med ledd av dei for meg sjølv (OK; av og til saman med andre òg….)

Men dersom eg byrjar å plage nokon andre, så er det jo eg som er avvikaren.

Sjølv om eg tykkjer nokon er rare, gir det ikkje meg nokon rett til å begynne å mobbe dei. Det har med min empati å gjere, med mi evne til å sette meg inn i andre sin situasjon, til å skjønne at mine handlingar kan skade andre. Der ligg forklaringa på utsagnet; «Det er alltid mobbaren det er noko gale med.»

Det er den som utfører handlinga som er ansvarleg, ikkje offeret, ikkje foreldra til offeret, ikkje dialekta til offeret, det er den som mobbar som er avvikar, det er hjå han/ho problemet ligg.

Det er mobbaren som manglar evna til å sjå andre, til å sjå at det han/ho gjer påfører andre smerte.

Eg er veldig glad i Kardemommelova; «Du skal ikke plage andre, du skal vere grei og snill, og forøvrig kan du gjøre som du vil.»

Ein ting som eg har sett pris på, og som eg trur dei aller fleste foreldre set pris på, er å få beskjed dersom ein av ungane har vore ugreie med nokon andre. Eg skal ikkje vere so feilfri at eg ikkje fortel at eg har fått både telefonar og meldingar frå andre foreldre om dei to eldste ungane. Då har me fått snakka gjennom det, og funne ei løysing som fungerer for oss, og som alltid har fått skverra opp tinga med «offeret». Me må ikkje vere redde for å snakke med kvarandre! <3

-Og du; det er ikkje alltid mobbaren har det så greit. Viktig å tenkje på det òg…

Nok eit tankespinn-innlegg, og mi røyst i mobbedebatten.
Klem, Gudrun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.