Broren min

10 år er lang tid, men kjennes som om det var i går.

broren

Her er eg og broren min då me var små, han var 6 år eldre enn meg, og skikkeleg storebror, som passa på. Hugsar då eg var russ, og gjekk i russedress på 17. mai. Då slo storebrorgenet inn; «Du kan ikkje gå slik!» sa han forferda. Snille, gode broren min.

Me har vore på grava og kveikt lys i dag, slik me er kvar 28. oktober. Som eg skreiv i fjor, er nok Kjell Arne ein av dei som har påvirka meg mest. Det var sjølvsagt tider i oppveksten det ikkje var spesielt kuult å ha ein bror med psykisk utviklingshemming, og me kunne krangle som andre søsken (OK, krangla mykje meir med søstra mi, me kan krangle framleis viss me er i det lunet), men stortsett var han verdas beste storebror. Og han fekk vere verdas beste onkel i nesten 1,5 år. Han var så stolt over og glad i onkelungen sin.

Ein sang som han var glad i, og som var ein av dei aller verste eg høyrde, var Vesleblakken. Eg gret kvar gong eg høyrde den, og det gjer eg framleis. Elles likta han Sputnik, han var nok den aller største Sputnik-fanen ever. Han hadde alle kassettane, i mange eksemplar, og videoar osv.

Snakkast på den andre sida! <3 Klem frå ungane dine. (Tek med veslasøsta òg)

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *