Mobbing – kva kan me gjere?

Det har vore mykje i media siste tida, om mobbing og bursdagsfeiring.

DSC01238

Utestenging er noko som eg er oppteken av, det kjem nok av sterk rettferdigheitssans, og eigne opplevingar. Eg fekk ein behandling med kinesologi, eller eg betalte for den då altså. Behandlaren fjerna bl.a. eit skal rundt hjarta. Eg kan ikkje nok om kinesologi til å gå inn på dette, men vil fortelje deg om ein følelse ho fjerna. Eg skjønte med ein gong kva ho snakka om, det var ei rar oppleving.

Ho fjerna ei kjensle av avvising frå då eg var rundt fem år (+/- eit år) Og akkurat den episonden sit som spikra, det er beklagelegvis eit av mine første barndomsminner. Eg gjekk i førskule to ettermiddagar i veka. Veka før hadde eg hatt fri torsdagen fordi eg var på hesteutstilling. Eg kom på forsida av avisa, sittande oppå ein hest. Vår hest, Bauna. Det var halvsidefoto. Tysdagen etter skulle me besøke den eine assistenten i førskulen, istadenfor å vere der me pleidde. Ein av dei vaksne ringde for å seie dette til mamma. Me kom fram dit, og alle saman fekk vere med inn i dokkestova til jenta som budde der. Ei jente som var like gammal som meg, og gjekk saman med meg i førskulen. Alle saman leikte inni dokkestova, unnateke ein, MEG, eg fekk ikkje bli med inn. Eg vart klart avvist. Eg hugsar dei vaksne sat inne og drakk kaffi og pratte, mens eg svirra litt rundt dei, og lot som ingenting. Var mest mogeleg usynleg. Eg trur ei av dei vaksne spurde om eg ikkje skulle ut og leike med dei andre, men eg trur ikkje eg svara på det. Og grunnen til at eg vart avvist denne dagen, var eg heilt inneforstått med, det var fordi eg ikkje var der forrige gang, og fordi eg hadde vore på framsida av avisa. Men det er ein av dei klaraste minna eg har frå tidleg barndom, kor åleine og einsam eg var denne dagen. Og kor skamfull eg var, kor hardt eg kjempa for å halde maska framfor dei vaksne, slik at dei ikkje skulle oppdage det. Eg ville ikkje sladre. Og eg fekk ikkje inn i dokkestova den dagen, eg var åleine heile tida, dvs eit par timar.

Eit  liknade minne er frå 4. eller 5. klasse. Me skulle gå opp på eit friområde eit stykke frå skulen, og eg oppvaksen frammi Dalen, hadde jo ikkje peiling på byggjefelt. Men eg hadde ingen å gå saman med opp. Eg fulgte etter nokon av gutane, som det viste seg skulle gå fordi der dei budde for å hente seg is. Og det var jo sjølvsagt ein omveg. På veg ned att, hugsar eg dei relativt dårlege venninnene mine erta meg med at dei hadde lese Gudmundur H på ein postkasse. Jepp, det var kallenavnet eg fekk når me skifta frå fådelt grendaskule og ned på ein skule med tre parallellar. Eg HATA det kallenavnet, djupt og inderleg. Eg er sikker på at kinesologen kunne ha funne avtrykk frå skuleåra 4.-9. klasse, ganske mange dersom ho hadde leita.

Jepp, utestenging ligg mitt hjarta nærme, og er noko eg snakkar meg ungane mine om mykje; «Er det nokon som er åleine?» Og eg er veldig obs på om nokon av ungane mine i barnehagen går åleine. (Ikkje i år då, sidan alle ungane er berre eit år.) Eg håpar eg hadde plukka opp meg sjølv viss eg var vaksen i den episoden.

Og så over på gebursdagsfeiringar. Om det å invitere alle og det å gå i gebursdag til alle. Det er kanskje kvardagen som tel mest, men mobbing og utestenging vert meir synleg, og meir skammeleg for ungen, når det er snakk om selskapelegheiter.

Problem ein; Familien har ikkje så god økonomi, og gåve til gebursdagsbarn er ei stor utgift. Til det har eg tre forslag til løysing. 1. Set ein fast sum, her brukar me 50 kr, på første foreldremøtet på skulen. 2. Tenk alternativt; gi vekk ei oppleving. Ungane no til dags har nok ting, men manglar kanskje litt på opplevelsesida. Kva med ein skogstur? Overnatting? Ein filmkveld? 3. Snakk med den andre sine foreldre. Eg hadde gladeleg, og diskret, kjøpt gåve frå ein klassekompis til min gut. Det aller verste som kunne skjedd i dette tilfelle, er at ungen aldri fekk gå i burdag. Og alt bunnar i; Dei vaksne må snakke saman.

Problem to; Ungen min er redd for gebursdagsbarnet og tørr ikkje gå. Ungen din er kanskje ikkje den einaste som er redd bursdagsbarnet. Skal ungane få bestemme om dei skal gå eller ikkje? Eg diskuterte dette med ei anna mor. Her hjå oss er det ein regel på at alle skal inviterast i gebursdagen. Men ho meinte at det òg burde vere regel på at alle skal gå i selskapet òg. Ja, det var eg sanneleg enig i. Viss ungen din er redd snakk med foreldra til den andre. Dei kan vere litt obs? Det kan vere litt vanskeleg å seie dette til dei andre foreldra. Men prøv å set deg i den andre stolen; Nokon er redd for min gullunge. Ville du ikkje likt å få vite dette, heller enn å sitte åleine i selskapet? Då kan du vere litt i forkant for å hindre «bråk».

Problem tre; Ungane leverer ikkje invitasjonen heime for å sleppe selskap. Eller kastar invitasjonen til ein som dei ikkje vil invitere i sitt selskap. Dette er vanskeleg å plukke opp. Men løysinga er vel også her å snakke saman! Snakke med ungane sine, og snakke med andre foreldre. Det er kjempe sårt å oppdage at din unge er den einaste som ikkje er invitert, men det er like sårt å oppdage at din unge har vore med på å stenge ute ein annan.

Problem fire; Ungen min vil ikkje be den og den, og sidan det er min unge sin gebursdag, så let eg han/ho bestemme. Løysing; SKAM deg!! Du er den vaksne og bør ha så pass innsikt at du set deg inn i den utestengde sin situasjon. Ikkje rart det vert mobbing viss me som foreldre godtek slikt! Og det kan godt hende at de velger å utelate 3-4, desse inviterer sikkert kvarandre, tenkjer du kanskje. News to you; Det er alltid EIN som då ikkje vert invitert til nokon. Det vert som læraren min sa på teorikurset til billappen. Alle syklistar du køyrer forbi kjem til å velte! Det har pr dags dato ikkje skjedd (og tru meg, eg køyrer Dalavegen dagleg og køyrer ofte forbi syklistar), men det er greit å ha i bakhovudet. Sjansen for at ein ikkje vert invitert til nokon er ganske stor! Mykje større enn at ein syklist skal velte når du køyrer forbi (men eg tenkjer fortsatt på det kvar gong eg køyrer forbi ein syklist, og bereknar veltesone. Syklistar kan vere takknemlege for Edith sine læresetningar.)

Eg har (også) opplevd å vere den einaste utan invitasjon til eit selskap. Eg gjekk i første klasse saman med 5 andre jenter, gebursdagsbarnet gjekk i andre klasse og var den einaste jenta, og det var tre jenter i tredje klasse. Eg var den einaste jenta på skulen som ikkje var invitert, men berre ei lita stund. Eg fekk kjapt invitasjon, dei hadde berre gløymt meg. (åååå-kor trist er det å vere den einaste dei ikkje hugsa på???)

Svar på spørsmålet i overskrifta; Me snakkar saman!!

Godt nytt år alle saman! 2014 skal verte mitt super år, det beste året hittil. Dette innlegget er nok eit tankespinn-innlegg, som eg kvier meg for å publisere. Men viss eg kan få nokon til å bruke hovudet, så er det OK. Viss berre ein unge får det bedre, viss eg berre hjelper til litt mindre mobbing, så gjer det ingenting at du les nokre av mine mest skamfulle augneblikk. For skamfullt, det er det, veldig! Ikkje no lenger, ikkje so kjempemasse iallefall, men då det skjedde, då var det fælt!

Klem,
ta vare på dei rundt deg.

-Gudrun-

2 kommentarer om “Mobbing – kva kan me gjere?

  1. tusen takk for kloke ord ! mobbing og utesteinging , er eit sant helvete som er vanskeleg å få bukt med ! har sjølv 2 barn som har fått erfara faenskapet 🙁

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *