Ein bitte liten bokse oppdatering :)

No er boksen innvidd i barnehagen, både med «mine» toåringar og treåringane på gruppa over oss. Det magiske ordet for å få opna boksen vart Abrakadabra. Litt vanskeleg ord å seie, men òg veldig morosamt ord.

Det som, for meg, er aller mest moro med Abrakadabra, er at eg kan «lure» ungane med «Hokkus pokkus». Seie med magisk stemme «1-2-3; Hooookuus poookuuus filiooookuuus» men INGENTING skjer, boksen opnar seg ikkje, KVA er problemet?? Då kjem dei fram til at det er feil passord 😉

Det er pr dags dato ein krokodille, slange og tiger i boksen. Når alle tre dukkar opp, er det «Gå i jungelen» som er sangen. Elles kan tigeren dukke opp saman med løva (handdokke som ligg attmed Sabeltannkikkerten), då er det «Ein tiger er for diger»-sangen. Den omtala kikkerten kan brukast til Sabeltann og Sortebill. Det er to edderkoppar oppi, ein «bitte liten» og ein DIGER, han kan òg vere sint 😉 (Ved nærmare ettertanke kan òg den vesle verte eitrande sinna…. *been there – done that*)

Det er ein liten frosk oppi boksen, som kan vere «MÆ sa ein liten grøn frosk» eller «Små rumpetroll» som kan dukke opp (ved nærmare ettertanke, igjen, så veit eg ikkje om eg har sunge Små rompetroll nokon gong, frivillig iallefall)

Ole Brum-korta om kjensler, ABC og 123 aktivitetskorta snakka eg så vidt om i forrige post. Dei kan brukast masse! ABC-korta har vore ein slager i heile haust, korta om kjensler er veldig flotte <3 Akkurat passe enkle til 2 åringane, eg har kjøpt dei i ein bokklubb, eller dei kom i ein bokpakke, så eg veit ikkje kor enkelt det er å få tak i dei. Men viss du får tak i dei, så er dei anbefalt. ABC og 123 er å få kjøpt på homeparties. 😉 (I ein butikk nær deg, mange kjekke forhandlare rundt om i landet!)

Marakassen som ligg oppi der, er òg heilt perfekt til formålet, akkurat passe høg, eller lav, lyd. Kjøpt på ein barnehagebasar frå Forut for sikkert 15 år sidan. Jepp, her er jenta si som tek vare på tinga sine 😉 Og så er der ein fisk 😉

Også den vesle raude boksen, som eg fekk som kommentar frå ungane; «Sliken har me òg heime, me har julepynt i den!» Eg måtte berre innrømme at eg òg hadde hatt ein slik til å ha julepynt oppi, men eg hadde ikkje julepynt til å ha oppi meir, for juletreet mitt hadde kvelva… (veldig morosamt for dei vaksne) Legg merke til det, folkens, det er ein kunst å treffe både barn og vaksne med ein «førestilling», du må legge inn nokre skjulte poeng til dei vaksne 😉

Viss du likar bloggen, del gjerne den eller facebooksida med andre. Så kan me revlusjonere barnesangverda i Norge saman 😉 :-*

-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *