Snø

Eg veit ikkje korleis det er elles i landet, men her er det ikkje så voldsomt mykje snø akkurat. Det er så vidt kvitt, men heller ikkje meir. Til gjengjeld er det styggkaldt, vore rundt -10 lenge no.

Men min plan seier Snøsangar, så då vert det snøsangar uanlell 😉

Eg gjekk tur hin dagen, oppover ein times tid, der fann eg dette flotte motivet <3 Nedatt gjekk det eit kvarters tid, med livet som innsats, på rompeakebrett. Heilt åleine, vaksne dama. Moro var det, sjølv om det rista som berre pokker i "hestaspori" (les turvegen min er ein ynda turveg for hestar òg) Så dagens treningsanbefaling i sangbloggen min; ta med rompeakebrett eller anna akebrett, og ha det moro ned att ;)
Som eg har fortalt på Facebook-sida mi, er favoritt snø sangen min «Kom vesle kvite snøfnugg» Sangen er omsett til nynorsk tidlegar, men eg prøver meg med ei ny omsetting, som held seg litt nærmare bokmålsvarianten. Etter ei lita google-økt, fann eg ut at sangen var dansk (eg såg ikkje den komme!!) Men sjølv om eg no har uttrykt undring over at danskane har laga ein SNØ sang, så kjem mange av mine favorittar (som er langt over 100 sangar)frå Danmark.
Kom vesle kvite snøfnugg
(mi oversetting)
Kom vesle kvite snøfnugg
og set deg på mi panna.
Fortel om alle stjernene
og om dei fjerne landa.
Kom vesle kvite snøfnugg 
og hels på mine hender.
Fortel om kor du kjem i frå
og kor di reise ender.
Kom alle kvite snøfnugg
kom ned, kom ned på bakken,
så eg kan senda storebror
ein snøball midt i nakken.
Eg har åtte 2-3 åringar i barnegruppa mi, og alle åtte er småsøsken. Eg treng vel ikkje fortelje at alle sammen tykkjer det er stas med snøballen 😉 Versjonen vår er «Kom vesle kvite snøkorn» Men neste vinter vert det denne nylaga versjonen som skal innlærast 😉
Ein annan snøsang, takk til Vibeke på facebooksida mi for forslag, er Snøgubber, snøgubber. Det er ein artig bevegelsessang, og eg treng vel ikkje seie at eg likar bevegelsessangar 😉
Snøgubbar, snøgubbar
Me er små snøgubbar, bom fallera,
snøgubbar, snøgubbar, bom fallera.
Me likar oss best når me fryser og fryser,
rett som det er kan det hende me nyser
-aaaaatsjo
Me er små snøgubbar, bom fallera,
snøgubbar,snøgubbar, bom fallera.
Me likar oss minst når me smeltar og smeltar,
rett som det er kan det hende me veltar.

Eg er veldig glad i Alf Prøysen, han har òg ein snøsang, eller ein snømannsang, Bustebartepinn Eg har aldri brukt den sjølv i barnehagen, så vidt eg kan hugse, men vil likevel nevne den 😉

Har du fleire snøsangar? Del dei gjerne med meg og lesarane! I barnehagen syng me i tillegg til snøkorn-sangen «Det snør, det snør» og «Huttetu so kaldt det er». (Og ein til, men den klarer eg berre rett og slett ikkje å komme på…)
Kos deg resten av vinteren <3
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.