Karneval :D

Det er karnevalstid, og det betyr sambarytmar!

Min favoritt sambasang, som var gjengangar kvar einaste februar i mange år (dvs mens eg jobba 100 % som ped.leiar og bestemte alt sjølv 😉 ) er denne danske favoritten frå lærarskuletida.

Byen er måla

Byen er måla raud, gul og grøn og blå.
Alt det triste og grå,
har fått farge på.

Kvifor er byen raud,
gul og grøn og blå.
Kvifor har alt det grå,
no fått farge på?

Jo,
for det er karneval i gatene,
solskin på fasadene.
Heile byen vil danse,
all trafikken må stanse.

Dei dansar på fabrikkane
og inne i butikkane.
Heile byen vil danse,
er ikkje til å stanse.

Ba-barab-ab-bababa osv…
improvisasjon

Ein annan sang, som passar godt i desse karnevalstider, er Giraff-sangen. Denne sangen går ikkje an å synge utan at me dansar….
Giraffen Laffen
Giraffen Laffen, gir alltid blaffen,
i om det er fløyte nok i kaff’en.
Giraffen Laffen, sa sist eg traff’an
KARAFELL VAFF
Tjo og hei på deg gamle ven,
tiddeli tuddeli, smått om sen.
Rumba, samba og så ein vals,
sjå no eg syng her av full hals:
Improvisasjon
Kva er dine favoritt karneval- og samba-sangar? Kva forhald har du til karneval? Moro? Pes? Kler du deg ut? Korleis er det å levere barna denne dagen? Har barnehagen din/barna dine sin barnehage tradisjonelt karneval?
Tok verkeleg av med spørjinga i dag, men eg er veldig interessert i temaet. 😉
Kan fortelje korleis det er her hjå meg og sonen min. Sonen min sin barnehage hadde eit vanleg, tradisjonelt karneval i dag, der ungane fekk velgje sjølv kva dei ville vere. Eg spurde om gutungen ville vere prinsesse, men han svara resolutt at han skulle vere Tantein Ta-el-ann. Noko som gleda meg stort, sidan storebroren allerede hadde sjørøvar-kostyme. Eg gløymde å ta med i betraktningane at storebroren på snart 8 slett ikkje var interessert i å låne vekk kostymet sitt til veslebroren på 2,5… (Kostymet var litt for stort til to åringen og alt for lite for åtte åringen.) Etter visse overtalelsar fekk han låne kostymet og vart ein glad og fornøygd Kaptein Sabeltann.
I min eigen barnehage, jobbar me med Hakkebakkeskogen no. Me skal ikkje ha tradisjonelt karneval, men jobbar med å lage kostymer i barnehagen. Eg og gjengen min skal vere Mikkel Rev (for dei som ikkje veit det… 😉 Mulig eg har nemd det tidlegare…)
Håpar du hjelper meg å lage litt engasjement på temaet, anten i kommentarfeltet eller på Facebooksida mi. Eg har med vilje ikkje sagt noko om kva løysning eg tykkjer er best 😉
Ha ein flott dag, i dag er det Valentinsdagen, så eg burde jo teke med nokre kjærleikssangar, men… Det vart sambarytmar i standen for. Eg har plass til fleire samba- og karnevalssangar.
-Gudrun-
PS; bildet hadde ikkje noko med karneval å gjere egentleg, men er eit bilde av ein smilande bolle 😉 Have fun!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.