Enkle språkråd

Her er eit knippe med språkråd for barn med språkvanskar, eller små barn som skal lære seg språk. Her er litt blanding av barnehage- og foreldreråd, ta til deg det som passar 🙂

  • Enkle sangar, med få ord, og hugs; syng LANGSOMT.
    Døme på Bæ, bæ-melodien; Bil-bil-bil-bil-bil, bil-bil-bil-bil-bil osv. Bytt gjerne ut bil med eit anna ord, anten som er interessant eller som er noko de vil øve på.
  • Snakk langsomt med enkle ord og korte setningar.
  • Les langsomt, bruk ei enkel bok med enkel tekst. Samtale om boka undervegs, ikkje ved å stille spørsmål. Barnet lærer meir av å «ta» ordet i munnen sin og seie det. Tips til barn som ikkje likar bøker; bruk ein pose eller ei øskje fyllt med ting som de kan snakke eller synge om.
  • Mindre grupper, rolegar omgivelsar. Dele gruppa opp.
  • Lære ungane å vente på kvarandre. Alle må få seie det dei vil, lære barna at «Du skal ikkje avbryte meg når eg snakkar». La alle snakke ferdig utan å verte avbrotne, og lær dei å vente på snakketur.
  • Sjå på kvarandre når de snakkar saman.
  • Ikkje snakk for barnet ditt.
  • La språk følgje handling; «no tek me sokken på foten din, så tek me skoen på, og på med borrelåsen.»
  • Ver ein god lyttar.
  • Utnytt mimikk, tonefall og kroppsspråk.
  • Bruk korte, eintydige setningar. Del opp beskjedar i fleire ledd.
  • Bruk av modellsetningar når de spelar spel, det tydeleggjer og skapar oversikt over reglar og turtaking.  «Eg fekk…No er det din tur til å trekke. No er det min tur…»
  • Og hugs, sjølv om eg veit det er vanskeleg, ikkje baser kommunikasjonen på spørsmål. Vaksne har ein tendens til å stille mange spørsmål som barnet ikkje maktar å forhalde seg til. Men KVA er enklare enn KVIFOR.
  • Gje alternativ dersom barnet har problem med å hugse ord, «Vil du ha eple eller banan?»
Vart ikkje så mykje sangar i denne posten, men eg tykkjer det ligg litt i samme gata 😉
-Gudrun-

2 kommentarer til “Enkle språkråd

  1. Hei på deg Gudrun:) Jeg verken jobber med barn eller har små barn, men jeg er ganske..eh…barn selv ;)) Når jeg leste overskriften på bloggen din; det med å like morsomme barnesanger, fikk jeg så lyst til å dele den morsomste jeg vet, nemlig denne Trond Viggo-perlen…


    Ha denne på lur, og det blir aldri et kjedelig øyeblikk i huset!;))

  2. Tusen takk, Ellen! Den er kjempemorsom!! Skal nok inn i ein post ein dag 😉
    Eg hadde forresten eit til språkråd, som eg berre glatt ignorerte; «Begrens omfanget av sangar» 😉 Det var eit råd som overhovudet ikkje passa til meg 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.