Kategoriarkiv: haust

Bamse Brakar og Mikkel Rev i barnehagen.

Rollespel og dramatisering er ein fin måte å vise ungane ting som skjer i barnehagen kvar dag. Som eg skreiv om i forrige innlegg, har me vaksne i barnehagen brukt rollespel til å vise ungane korleis ein kan oppleve det dersom ein ikkje får vere med i leiken, og korleis det er å vere ny i barnehagen, og forskjellege måtar «gamle» barn kan ta i mot nye.

Vi Vil Vere Venner

Sosial kompetanse – å hjelpe.

I videoen i starten her, viser eg korleis me bruker handdokker til å spele forskjellege situasjonar for ungane. I denne filmen viser eg ein garderobesituasjon, og korleis me kan hjelpe kvarandre. I etterkant er det fint å påpeike eller ta ungane på fersken i å gjere det me viste i samlinga. Sidan denne handla om å hjelpe, er me observante på hjelpsomme handlingar i etterkant, og kommenterer dette; «Gro, no såg eg at du hjelpte Berit. Akkurat som me snakka om i samlinga i dag. Så fint gjort av deg. No var du ein god venn.»

10 korte snuttar.

Eg har, som eg fortel i filmen, laga 10 korte snuttar med tilhøyrande refleksjonsspørsmål. Det er 10 heilt vanlege situasjonar som barn og vaksne opplever dagleg, og alle handlar om samhandling og sosial kompetanse. Nokre er litt kranglete og nokre er glade, her er heile spekteret.

Fordelen med å bruke handdokker, er jo at du kan spele fleire rollar. Det er dessutan spennande å sjå på.

Me har brukt snuttane òg som inspirasjon til personalsamarbeid, at me omgjer dei til praksisforteljingar, det er berre fantasien som set grenser. Ein kan også lage seg nye historiar, utfrå eiga barnegruppe, og hente inspirasjon frå eiga avdeling.

Me har starta utprøving i full gruppe, dvs 19 barn i alderen 2,5-4 år, men eg ser føre meg at det kan verte gode samtalar i mindre grupper, der alle ungane får komme til orde.

Dess meir sosial kompetanse, livsmestring og god sjølvfølelse me kan gi ungane i barnehagen, dess tryggare barn som veit skilnad på rett og gale, får me. Mobbing kan førebyggjast, me må la ungane få bli kjende med seg sjølve.

Lykke til i oppstarten, alle saman. Del gjerne i kommentarfeltet korleis de jobbar med vennskap og sosial kompetanse no i denne gruppebyggjingsfasen.

Klem,

  • Gudrun <3

 

PS; vil du kjøpe pakken, så kostar den 375,- på intropris, pluss evt porto på 75,- send mail til gudrun(at)samlingsboksen(dott)no

 

Korleis tilrettelegge for ein god oppstart?

Korleis kan ein gjere tilvenninga i barnehagen best mogeleg?

Godt med litt støtte i motbakkar.
Godt med litt støtte i motbakkar.

Dei fleste ungar byrjar i barnehagen når dei er rundt eitt år, og eg vil ikkje gå inn på diskusjonen om barnehage er bra for eittåringar eller ikkje. Eg vil heller fortelje litt om kva me gjorde i fjor haust, då me ved oppstart fekk 11 eittåringar på avdelinga, alle heilt ferske barnehagebarn.

1. Me gira ned. Alle dei vaksne sette seg ned på golvet, og laga plass til dei som trong det på fanget, det kunne til tider verte trongt. Me hadde overhovudet ingen fancy planar om ting me skulle gjennom. Me hadde eit mål og ein plan; å gjere ungane sitt møte med barnehagen så godt som mogeleg.

2. Song. Me song for ungane, heile dagen. Me skapte gode augneblikk. Er det eit oppstartstips eg vil trekke fram, så er det; SYNG!

3. Leikar med lyd. I starten så hadde me leikar med lyd i overflod. Funka fint som avleiing. Høyrest rart ut, men lydleikane var til god hjelp i oppstarten.

4. Tid og rom. Bruke barnehagen, uterom og innerom. Me skifta beite, var det mykje skrik inne, kledde me på oss og gjekk ut. Når ungane var leie og skreik ute, gjekk me inn. Eit sceneskifte hjelpte ofte på humøret.

5. Tilpassing. Med 11 ungar på mellom 11 og 16 månadar, hadde dei sjølvsagt ikkje like rutinar. Me hadde mat og soving heile dagen den første tida, slik at alle skulle få mat, og alle skulle få sove når dei trong det. Me prøvde ikkje å få ungane inn i same rutine, men let dei behalde si rutine, sjølv om me hadde matservering heile dagen.

6. Tilknyting. Så langt det let seg gjera, fekk ungane velje kven dei ville vere med. Så la me vaksne av oss alle våre såre kjensler, kontakten med alle kom etterkvart.

Lykke til med oppstarten alle søte små, alle foreldre og alle tilsette. Kjenner du nokon som kan ha nytte av tipsa? Del gjerne bloggen vidare! Og del i kommentarfeltet om du har gode tips andre treng.

Klem
-Gudrun-

Så fint at du kom

Eg har lært ein ny navnesang. Trine, som eg jobbar med, har lært den frå vår tidlegare felles barnehage. Eg har prøvd å google den, men den dukkar ikkje opp i søket mitt, så då skriv eg den ned her, for at andre skal finne den. Den er så fin <3

Så fint
Så fint at du kom,
hei, hei, morn, morn, goddag.
Her sitter du,
her har me deg.
Hei på deg, Gudrun
Hei på deg, Gudrun.
Så fint at du kom,
så fint at du kom, kom, kom, kom, kom.
Me har jo, som før nemt, starta med sangsamling med eit åringane våre. Kvar haust syng eg mange navnesangar i samlinga, viser til postar i fjor haust. No i starten, syng eg alltid navnesangar med eit vers til kvar, slik at barnet får ei bekrefting spesielt på seg. Seinare syng me sangar med mange barn i samme vers.

Facebook er fine greier!! Her fekk eg greie på at denne er ein Forut sang, nærmare bestemt Indrani. Cd’en kostar berre 99,- og er velanvendt pengar! Alle Forut-cd’ane er fine <3

-Gudrun-

Småbarns boks

No har det gått 2 veker sidan barnehageoppstarten, og det er på tide å innføre sangstund til verdens skjønnaste eit åringar. Og, sjølv om eg allerede har ein (HAHHA; prøv snart 10) boks, så må eg nesten ha ein ny samlingsboks til eitåringane mine.

Hjarteboksen skal få vere med inn på besøk til dei store treåringane som eg hadde i fjor, me må inn til dei å synge litt òg.

No skal du få vere med på reisa det er å lage ein boks. Eg har juksa litt, og funne meg ein ferdig boks. Eg er egentleg stor tilhengar av skoøskje-boksar, for dei er flotte å bruke. Men no har eg fått tak i nokre boksar som er ferdige og fine, utan at eg må gjere noko meir. Så då vert det ein slik boks. Her er bilde av loket, som er av gull <3

Boksen har fine gullstriper på sidene. Som eg skreiv på Facebook sida mi, så såg eg boksar på Søstrene Grene, viss du ikkje vil ta jobben med skoøskje. Og med tanke på prisane det er i den butikken, reknar eg med at det ikkje kosta stort.

Her skal det fyllast inn mykje spennande. Eg veit iallefall at det skal komme oppi ein gris. For eg har tenkt å innføre «Tre små griser» sangen. Eg søkte litt på nettet i går, og fann melodien på youtube. Og edderkoppen får nok, sjølvsagt, fast plass. Eg har funne meg ein liten båt, som skal oppi, og har nokre små venner som allerede ligg og ventar på morgodagen:

Den vesle musa har ei bjølle, som eg ser føre meg vert spennande for dei små.

I tillegg til «Tre små grise», så har me òg ein månadssang me skal bruke litt tid på. Det er «Bringebær-slått». Det er ein «ny» sang for meg, eg kan den, men har aldri brukt den i barnehagen før. Men det er ein passande sang no om hausten, dei andre ungane i barnehagen har plukka masse ville bringebær no i haust. <3

Bringebærslått
Bringebær er gøtt, sann,
rødt og surt og søtt, sann.
Kom skal vi synge ein bærplukkarslått.
Plukke, plukke bær, sann,
laga god dessert, sann.
Skrape av skåla med sleikepott.
Tralla lala la…
Eg kjem attende med fortsettelse av boks-posten. Med bilder av innhald og kvifor det har fått plass. 😉 Har du boks i din barnehage? Kva har du i boksen din? Kor gamle er barna dine? Del med meg i kommentarfeltet eller på Facebook. Post gjerne bilder på Facebooksida! 
Gledar meg til sangstund i morgo, 
klem,
-Gudrun-

Kva treng ungane i barnehagen?

Mange nye foreldre er usikre på kva ungane faktisk treng å ha med seg i barnehagen. På planleggingsdagen fredag, sette me på avdelinga oss ned og skreiv ei «Utstyr som trengs i barnehagen»-liste.

Her er den:

  • 2-3 sett med byteklær. (Dersom ungen nett har slutta med bleie, må de ta med mange truser og bukser. Hugs dessutan på å fylle på med det som vert brukt. Ofte vert berre buksa blaut, då treng du berre ta med bukse, ikkje eit heilt sett. Det pleier nemleg ofte å hope seg opp med gensarar og teskjorter i bytekorgene 😉 )
  • Regnklær og støvlar
  • Tynn dress (haust/vår-dress)
  • Bleier, ikkje Up and go! Stellekrem.
  • Vogn/vognpose for dei som treng det.
  • Koseklut/smukk for dei som brukar det.
Vinteren
  • Ulltøy/fleece til å ha under dressen
  • Tjukk og romsleg vinterdress
  • 2 par vottar (viktig at dei ikkje er for store!! Strikka vottar er supre til små hender.)
  • Hue med god passform/halshue
  • Hals eller buff, ikkje skjerf.
Ønskjer alle ungar og foreldre ein fin oppstart i barnehagen, og avsluttar med det viktigaste; MERK ALT, ALLTID!! 😉

Del gjerne med andre som treng det, og følg gjerne bloggen på Facebook.

-Gudrun-

Solidaritet

Det er oktober, og FN-dag i morgo, og i barnehagen, og skulen, og forhåpentlegvis heime, er det ei tid for solidaritet.

Barnehagen til minsten hadde foreldremiddag-markering av FN-dagen i dag, me i min barnehage skal ha det i morgo. Og me skal ha konsert!! Me skal syngje to sangar, som er heilt nye og som me har øvd på no i dei siste vekene. Desse sangane har me lært frå ein cd me har frå Forut og det er May Britt Andersen som syng dei. Til min, og ungane si, store glede, og min mann sin fortvilelse, selde dei cd’en på foreldrekaffien i dag, og me sikra oss det einaste eksemplaret!! **YUHUU**

Eg kjem herved med to anbefalingar; Den første «I landsbyen vår» Det er ein sang som er morsom og enkel å lære seg, når ein kjem forbi den litt vanskelege melodien. OG nesten best av alt, det er ein sang som er enkel å spinne vidare på, og lage sine eigne vers. Sangen begynner slik

Her i landsbyen vår
her synger alle sammen
når je begynner å synge…
Mitt vers:
Her i barnehagen vår,
her hoppar alle saman
når eg begynner å hoppe.
Her i barnehagen vår,
her snurrer alle sammen 
når eg begynner å snurre.
Kan du hoppe som eg kan?
Ja, eg kan!!
Kan du snurre som eg kan?
Ja, eg kan!!
Kan du hoppe som eg kan?
Ja, eg kan!!
I barnehagen, her på …..
Utruleg morsom sang, som kan improviserast vidare på akkurat som du vil, utan at du er super-kreativ eller har diktarevner. Det einaste du treng er litt fantasi 😉
Den andre sangen me skal synge i morgo er nr 7, Malawi Pop. Vanskeleg sang å lære seg, men med ein refreng 2 åringane tek lett som ein plett. Det er egentleg ein historie, og alle tre versa må syngast, her held det ikkje med eit. Det handlar om Victor som reiser til marked, men gløymer heilt kvifor han skulle dit 😉
Kvardagen er travel for tida, med masse både på jobb og på kveldstid. Eg lovar å dele ein supermorsom julesang når den tid kjem. Og lovar å oppdatere bloggen litt oftare enn eg har gjort i det siste. 
Men dagens oppfordring; vis solidaritet! OG Forut har alltid morsomme sangar, cdane deira er verd pengane!
-Gudrun-

Meire eple

I oktober passar det godt med epler. I barnehagen vår skal me plukke eple på fredag, og lage syltetøy som me skal selgje til inntekt for Forut. Så i den forbindelse har eg leita etter fleire eplesangar.

Denne snakka me om på pauserommet (om me er dedikerte i jobben?? Klart det!!)

Nede i vår hage
(Napolion med sin hær)
Nede i vår hage, der står eit epletre,
å nede i vår hage, der står eit epletre,
ånede i vår hage, 
å nede i vår hage,
å nede i vår hage der står eit epletre.
Me skal plukke eple i to raude spann,
å me skal plukke eple i to raude spann,
å me skal plukke eple,
å me skal plukke eple,
å me skal plukke eple i to raude spann

Og her er endå ein;

Eple
Eg har eit lite eple,
som eg har fått av mor.
Der inne er eit frøhus,
der ti små frøbarn bur.
I kvart eit rom i huset,
to frøbarn kvile får.
Der ligg dei fint og drøymer
om sol og lys og vår.
Me skal jo ha eple som tema, så då må me fylgje opp med sangar, ikkje sant?? 😉
Og så tek eg med ein plommesang som eg hugsar frå min eigen barndom/tidleg skulegang;
Plommer
Viss du eige tusen plommer,
kan du ete heile året.
Har du hol i dine lommer,
kan du klø deg sjølv på låret.
Eg har korkje tusen plommer,
eller hol i mine lommer,
men eg har eit godt humør 
og eg klør meg når eg klør.
Har du andre frukt- eller grønsakssangar som du vil dele, så ikkje nøl :))
-Gudrun-

.

Epler, nye haustsangar ;)

Sler eit slag for Paint att i dag 🙂 Illustrasjonen er kjapt teikna med det enkle gratisprogrammet som ligg og ventar på deg inne på maskina di 😉

Dagens tema er Eple-sangar. Det passar perfekt til hausten. Vart inspirert av minstemann på 2 år, som fekk heilt dilla på Høgt i eit epletre i dag

Høgt i eit epletre
Høgt, høgt, høgt i eit epletre,
kiker to små epler ned.
Eg ristar på treet so hardt eg kan,
ned fell epla.
Nam-nam-nam.
Her ligg den vaksne på golvet, med knea opp og ungen oppå leggene, mens «eplet» kiker ned, og vert rista ned og ete opp (=sussa på kjaken). Lenge sidan me har sunge denne sangen, som me har lært på Baybsang på Armeen, og Minsten likte den veldig godt! Eg måtte òg ta to rundar med 7 åringen, som er stor, lang og tung, til glede for både den store og den vesle broren. (Men då vart eg fort sliten, ja!)
Men det finst fleire eplesangar, denne har me plukka framatt på jobb, får litt morgonstrekk på kjøpet;
Epler og pærer
Epler og pærer,
dei vekse på træet.
Når dei vert modne,
so dette dei ned.
Stekke seg etter epler og pærer, og falle ned på golvet. Syng den mange nok ganger og du har fått deg ei fin trimøkt 😉
Og her kjem endå ein Armè sang, med rørsler (Eg kan skrive opp rørslene dersom nokon ønskjer det)
Epletreet i hagen
I hagen står eit epletre,
med fullt av blomar som du ser.
Der byggjer fuglane sitt bu,
og søv der trygt og godt i ro.
Så hender det ei stille natt,
der kjem det fram ein svolten katt.
Og skremmer fugle mor og far,
so godt at fuglar vinger har.
Siraland
Ro ro til Siraland.
Femtan kake og fira mann.
Dao dei kom ti’ Siraland,
aott’ikkje dei ein matagrand.
Eple, pære og plomme,
putta dei i lomme.
Måtte nett ta med Siraland-sangen òg, sjølv om eg har skrive den i ein tidlegar post.
Eg har lenge lurt på om eg skal begynne i kor, for eg likar veldig godt å syngje (BOMBE!!) Men så er eg veldig individualist når eg syng, eg syng sangen slik eg hugsar den, med den melodien eg hugsar, og det passar vel ikkje heilt inn i eit kor. 
Skal rote litt etter fleire eplesangar, eg veit eg kan fleire. Viss du vil hjelpe med med forslag; YOU KNOW THE DRILL 😉 På førehand takk <3
Ha ein eplekjekk kveld 😉
-Gudrun-

Oktobersangar

Oktober er ikkje heilt her endå, men det er på tide å tenkje på oktobersangane lell. Her hjå meg er det ein sang som ruler, og som alltid har vore med i oktoberrepertoaret dersom eg har fått bestemme:

Samina
Samina mina e e
waka waka e e e
samina mina sangelewa
anawa a a
Samina mina e e
waka waka e e e
samina mina sangelewa
anawa a a
Django e e
Django e e e
Samina mina sangelewa
anawa a a
Som så ofte med desse «utanlandske» sangane, anar eg ikkje kva det betyr, eg hadde faktisk ikkje peiling på kor den kom frå heller, før eg høyrde Shakira sin vm-sang 😉 Då fekk eg bekrefta at den var afrikansk i allefall, som eg hadde mistanke om. Så dei som vil ha melodi på denne, så finst den her, eller kor som helst på nettet 😉 Berre google waka waka.
Ein annan oktobersang, er sjølvsagt Lillebjørn Nilsens Barn av regnbuen, sjølv om den egentleg er vorten ein julisang no, tragisk nok. Men det er ein nydeleg sang, som fortjenar å verte henta fram i oktober.
Eg bør vel egentleg forklare litt om kva eg meiner med oktobersangar. Oktober pleier alltid handle om solidaritet i barnehagane. Grunnen til at dette er tema i denne månaden, er jo sjølvsagt FN-dagen, 24. oktober. Derfor vel eg sangar handlar om solidaritet og verdas barn, og sangar frå andre land.
Navnesanger i oktober, vert sjølvsagt Navnesangen frå Zaire, Oh Libala. Eg har skrive den i ein navnesangpost, og lurer framleis på kva sangen betyr. (Samina òg, forresten)
Ein sang me brukte på Knøttekoret i Frelsar Armeen er Hamba Nathi, morosam sang å syngje.
Hamba Nathi
Hamba nathi mkululu wethu.
Hamba nathi mkululu wethu. 
Hamba nathi mkululu wethu. 
Hamba nathi mkululu wethu. 
mkululu, mkululu, mkululu wethu,
mkululu, mkululu, mkululu wethu,
mkululu, mkululu, mkululu wethu,
mkululu, mkululu, mkululu wethu.
I Song for deg og meg står det fleire vers på norsk òg, så då får eg reklamert for ei nynorsk songbok denne gongen *hurra*
Ein ring av gull,
ein riktig stor,
med plass til alle hender.
Det er ingen som er størst,
det er ingen som er minst,
det er ingen som er først,
det er ingen som er sist.
Me held godt fast, 
så alle kjenner,
at ringen er smidd av gode venner.
Barnehagane eg har jobba i, har samarbeida med http://www.forut.no/ Dei har alltid mange flotte sangar!
Har du fadderunge? Me har ei jente på 10 år frå Somaliland. Ho er fødd 3 dagar seinare enn vår 10 åring. Stas! Det kostar jo ikkje so mykje, men det betyr mykje for «jenta vår» <3
-Gudrun- 

Haustsangar

(Bildet samsvarer, som vanleg ikkje heilt med innhaldet, det er teke på ein nyyyyydeleg haustdag på veg til Nuken, det kvite teppet er skylag som ligg som eit lokk over resten av bygda, det var magisk!)

Egentleg ville eg ha skrive om sol og vakre haustfargar når det er snakk om haustsangar, men det passar desverre mykje bedre med Ingebrigt Daviks «Vi marsjerer i gummistøvlar». Det er forøvrig ein kjempe fin sang, og min favoritt Ingebrigt Davik-sang. Eg har veldig lyst til å skrive teksten i bloggen, men let det vere til eg har fått lov til å bruke den. Men eg sler herved eit slag for marsjering i gummistøvlar 🙂

Sigbjørn Obstfelder har eit kjent dikt om regn, som er flott rytme i.

Regn
En er en, og to er to,
vi hopper i vann,
vi triller i sang.
Zikk, zakk vi drypper på tak,
tikk takk, det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn,
øsende regn,
pøsende regn.
Regn, regn, regn, regn,
deilig og vått,
deilig og rått.
En er en, og to er to,
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Zikk, zakk, vi drypper på tak,
tikk, takk, det regner i dag.

Me må vel berre innsjå at det regnar, og det regnar MASSE, iallefall på Vestlandet. Og så får me heller prøve å gjere det beste ut av det. Dei fleste ungar elskar vatn, og diggar å hoppe i vasspyttar. Det set store krav til støvlar og regnklær, og eg sler herved eit slag for godt utstyr i barnehage og skule. Min midterste hadde utedag på skulen på fredag, og det REGNA (med store bokstavar), han kom att heilt gjennomvåt, men lukkeleg. Han hadde hatt ein super dag, fekk referat frå alt dei hadde gjort. 
Eg er veldig glad i Alf Prøysen sine månadssangar. Eg er generelt vorte meir og meir glad i dei tradisjonelle barnesangane. Kanskje eg skal plukke dei fram att?
HØST
Hausten kommer, adjø då sommer.
Takk for sol, takk for lys.
Høyr no tutar vinden,
stryker deg om kinnet.
Det er haust, det er haust.
(Henta frå «Labbetussemann», eit sanghefte som florerte i barnehagane for 15 år sidan.)

Nyt hausten, med eller utan regn!
-Gudrun-