Epler, nye haustsangar ;)

Sler eit slag for Paint att i dag 🙂 Illustrasjonen er kjapt teikna med det enkle gratisprogrammet som ligg og ventar på deg inne på maskina di 😉

Dagens tema er Eple-sangar. Det passar perfekt til hausten. Vart inspirert av minstemann på 2 år, som fekk heilt dilla på Høgt i eit epletre i dag

Høgt i eit epletre
Høgt, høgt, høgt i eit epletre,
kiker to små epler ned.
Eg ristar på treet so hardt eg kan,
ned fell epla.
Nam-nam-nam.
Her ligg den vaksne på golvet, med knea opp og ungen oppå leggene, mens «eplet» kiker ned, og vert rista ned og ete opp (=sussa på kjaken). Lenge sidan me har sunge denne sangen, som me har lært på Baybsang på Armeen, og Minsten likte den veldig godt! Eg måtte òg ta to rundar med 7 åringen, som er stor, lang og tung, til glede for både den store og den vesle broren. (Men då vart eg fort sliten, ja!)
Men det finst fleire eplesangar, denne har me plukka framatt på jobb, får litt morgonstrekk på kjøpet;
Epler og pærer
Epler og pærer,
dei vekse på træet.
Når dei vert modne,
so dette dei ned.
Stekke seg etter epler og pærer, og falle ned på golvet. Syng den mange nok ganger og du har fått deg ei fin trimøkt 😉
Og her kjem endå ein Armè sang, med rørsler (Eg kan skrive opp rørslene dersom nokon ønskjer det)
Epletreet i hagen
I hagen står eit epletre,
med fullt av blomar som du ser.
Der byggjer fuglane sitt bu,
og søv der trygt og godt i ro.
Så hender det ei stille natt,
der kjem det fram ein svolten katt.
Og skremmer fugle mor og far,
so godt at fuglar vinger har.
Siraland
Ro ro til Siraland.
Femtan kake og fira mann.
Dao dei kom ti’ Siraland,
aott’ikkje dei ein matagrand.
Eple, pære og plomme,
putta dei i lomme.
Måtte nett ta med Siraland-sangen òg, sjølv om eg har skrive den i ein tidlegar post.
Eg har lenge lurt på om eg skal begynne i kor, for eg likar veldig godt å syngje (BOMBE!!) Men så er eg veldig individualist når eg syng, eg syng sangen slik eg hugsar den, med den melodien eg hugsar, og det passar vel ikkje heilt inn i eit kor. 
Skal rote litt etter fleire eplesangar, eg veit eg kan fleire. Viss du vil hjelpe med med forslag; YOU KNOW THE DRILL 😉 På førehand takk <3
Ha ein eplekjekk kveld 😉
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *