Tal

1, 2, 3 – tal omgir oss over alt. Her i familien, har me ein 10 åring som gjer ALLE matteleksene på måndag, slik at ho er ferdig med det, og ein 7 åring som svarte på 3. klasse spørsmål når han gjekk i barnehagen. I barnehagen sniker me inn litt tal med toåringane våre med å telje kor mange vaksne som er der, kor mange ungar som er der og å telje til tre før me syng. (Me har forresten hatt foreldremøte i dag, og me fekk tilbakemelding på at ungane sang masse heime, YUHUU!!)

Kor me enn snur oss, møter me tal. Barn som leikar med tal lærer seg å stole på dei. Bruke dei. Nyfikenheita er medfødt, og du lærer aldri så fort og så mykje som du gjer i årene før du byrjar på skulen. Å lære om tal og teljing gjennom lek, gjer barnet kjent med tala – og trygg på dei før skulestart. Og guess what?? Eg kan nokre talsongar!! (BOMBE!!)

Indianarsangen
Ein og to og tre indianarar,
fire, fem og seks indianarar,
sju og åtte og ni indianarar,
ti indianarar små

Alle so hadde dei fjær på hovudet (håve)
alle so hadde dei pil og båge,
alle so var dei so stolte og krye,
for bamsen skulle dei ta.

Hysj, der høyrde eg noko som braka,
hysj, der høyrde eg noko som braka.
Der kjem bamsen so stor og diger,
kom la oss skunde oss heim.

So vart da ti og ni og åtte indianarar,
sju og seks og fem indianarar,
fire, tre og to indianarar,
ein indianar igjen.
Han var ikkje redd for den store bamsen,
han tok og skaut han og bums der falt han.
So tok han med seg heile hamsen,
og so gjekk han heim til dei ni.

So vart da
Ein og to og tre indianarar,
fire, fem og seks indianarar,
sju og åtte og ni indianarar,
ti indianarar igjen.

Min versjon, syng den med INNLEVELSE. Eg oppdaga det på jobb i dag (eller det er ikkje noko nyoppdaging, men fekk ei påminning), du må vere tilstades for å nå alle ungane, straks dine tankar vandrar til andre ting, forsvinn ungane si merksemd. Du må vere med sjølv, vere levande, energisk og leiken, sjå alle ungane og hanke dei inn med blikket. Du må vere der, her og no!

Ingebrikt Davik, igjen, har sangen Telja til ein og telja til to, ein morosam sang dersom ein høyrer på teksten 😉 Høna går ikkje med strømper og sko, liksom?? Telja til fem og telja til seks, er du eit troll, blir du gift med ei heks. Morosamt og spennande å synge! Og litt småskummelt.

7 åringen lærte ein 10ar sang på skulen no i 2. klasse.

Ti’ar venn sangen
(Tyven tyven)
Ein og ni er ti det ser du.
To og åtte like så.
Tre og sju, ja berre le du,
fire og seks skal saman stå.
Fem og fem er ti,
alle saman vi,
rekna kan til ti,
og vi skal flinke bli.

Det finst mange flotte talprodukt hjå sjarmtrollparty forresten, eg likar godt aktivitetskorta, med tal og bokstavar, der ein kan skrive med whiteboard penn på! (Skal få teke bilete)

Sjå etter tal rundt dykk i kvardagen, hadde me klart oss utan? Me er ganske avhengige!

-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.