Vi er alle sammen ville

På fredag hadde eg ein dårleg dag. Hadde hatt hovudverk i fleire dagar, kom på seinvakt, me mangla vikar, det var byttedag (dvs me skulle bytte fra inne- til uteavdelinga), ungane var heilt oppunder taket. Alt var liksom i mot meg. Kva gjer eg når dagane vert slik?

Jau, eg letar etter energi!

Kva gir meg energi?

Jau, samlingsstunda!

Eg jobbar som pedagog 2 på ei avdeling med 22 fire åringar, som då betyr at eg har ein pedagogisk leiar til å bestemme på avdelinga. Men stressa-sure-dårleg-dag-Gudrun spør ingen, ho overkøyrer alle og tek samling. Samling med rytmeinstrument! Kanskje ikkje det du ville valgt på ein dårleg dag, men for meg funker det fjell!

Det høyrer med historia at me ikkje har brukt rytmeinstrument før dette barnehageåret, men det går akkurat slik eg hadde håpt det skulle.

Korleis?

Eg fekk ordenssjefane til å dele ut eit instrument til kvar. Når alle hadde fått sitt instrument, byrja me å spele. Me spelte so høgt me kunne! Og so spelte me so lågt me kunne. Og so spelte me så høgt, og ja, du skjønnar teikninga.

Når me hadde spelt litt slik, så byrja eg å syngje «Vi er alle sammen ville»

Vi er alle sammen ville.
Elle ville med å spille.
Prøv om du kan vere stille nå!/Det er alle som skal spille nå!/Det er Nyperusti/Vetlebekken/Gudrun/alle ungane/dei vaksne….osv som skal spille nå

Lært på Sogndal Lærarhøgskule av Kirsti Ese ein gong på 90-talet.

Vi er alle sammen ville er ein lett sang å bruke instrument til, og eg valgte den sidan det som sagt var første gong me brukte instrumenta i år. Det er ein improvisasjonssong som du kan lage så mange vers til som du berre klarar å komme på.

Etter me hadde spelt instrument ei stund, pakka me dei ned att og tok litt «vanleg» samling. Eg har litt annleis vanleg samling, eg synger og underheld, det er ikkje mykje «Kva dag er det i dag» i mine samlingsstunder. Eg fokuserer på felles opplevelse framfor kjedeleg innlæring. Kva dag det er i dag, passar godt å snakke om i påkledninga til dømes, det passar ikkje like godt med 22 ungar som tykkjer det er kjedeleg å høyre på.

Det gjekk fint

Eg unnskylde meg til ped-leiaren min, for at eg overkøyrde, eg trur ikkje det var eg som skulle ha samling ein gong. Men ho tilgav med ein gong, og det var bra, for det var akkurat det eg trengte denne dagen, å ha ei samling det virkelig spruta av.

I tillegg til Felles opplevelses-kurset, er Sju steg-kurset som eg òg har digitalisert. Dette kurset kostar 999,- på intropris, og fullprisen vert 2499,- når eg har lært nok teknisk. Prisane gjeld for enkelt personar, ta kontakt for tilbod til barnehagar. Nettbutikken finn du som alltid her.

Samlingsboksen på Facebook

Kva er det som gir deg mest energi i barnehagekvardagen?

Gudrun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.