Målet er å gi ungane sommarfuglar i magen.

Eg fekk ein koseleg mail frå ein av kundane mine, som hadde kjøpt Felles opplevelse hjå meg. Det var eit så godt spørsmål at eg vil dele svaret med fleire.

«Har du noen tips til hva man kan gjøre med de barna som forstyrrer, roper og skriker, plager de andre barna osv.?»

Kva gjer me?

Hjå oss må me vere nøye med plasseringa i samling. Det er nokon av ungane som bør unngå å få augekontakt med kvarandre. Alle barnegrupper har nokre ungar som påvirkar kvarandre i litt negativ retning. Me har tilnærma faste plassar, og plasserer strategisk. Til beste for heile gruppa. Me er også nøye på plasseringa av vaksne.

Eg pleier å synge, bevegelsessongar er alltid ein hit. Dramatisere pleier vere populært, det fengjer heile gruppa. Handdokker er eit kjempe flott hjelpemiddel. Øv deg gjerne på korleis du skal føre dokka, slik at du og dokka vert “eit”.  

Eg unngår alltid kjedelege ting. Slike ting som får gruppa til å miste fokus. Pleier t.d. ikkje ha dag, mnd, vær osv. Og andre “læreting”, slikt passar bedre i små grupper, t.d. under påkledning. Når de klær på passar det jo perfekt å snakke om kva slags vær det er. Eg ville ha fjerna alt som var “kjedeleg” frå samlingsstunda. Auka forventinga om at samling er kjekt.

Rutiner.

Rutinar er faktisk til hjelp. Fast plass, faste plassar, fast, velfungerande rammeverk på samlingsstunda, eg likar mine sju steg, overraskande nok. 😉 Ha vertfall ein klar start og ein klar slutt. Men rutinane må ikkje verte rutine. Det må skje noko overraskande, noko dei ikkje forventar.

Viss du deler gruppa, ville eg delt gruppa med tanke på dei som følger med og likar samling – dei som stadig får samlinga si øydelagt. Kanskje dele ujemnt, med dei som forstyrrer på ei gruppe og hine på ei? Og ha korte, spennande samlingar med dei som må øve seg på samling? Og ha kjekke, spennande, lange samlingar med dei som er glade i samling. Når du har nokon som øydelegger samlinga, så ville eg ha gitt dei andre litt også.

Fokus.

Og FOKUS! Ver engasjert sjølv, og gjer ting dei ikkje forventar. Og avslutt når du ikkje har ungane sitt fokus meir, det gjer ingenting om samlinga er fem eller trettifem minuttar. Ha det moro, og avslutt med ein gong det ikkje er moro meir, slik at ungane «forventar»/lærer at samling er moro.

Målet er jo at ungane skal få sommarfuglar i magen når dei høyrer ordet samling.

Følg samlingsboksen på Facebook. Og sjekk ut Sju steg 🙂

Har du tips du vil dele? Skriv dei i kommentarfeltet.

Klem,

Gudrun.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.