Hopp i det – ha det moro!

Eg jobbar i ein barnehage med tre små barnsavdelingar og tre storbarnsavdelingar. I dei tre storbarnsavdelingane er det ca 55 ungar tilsaman. Tidlegare år har me hatt felles adventssamlingar, og det har alltid vore ein kjekk aktivitet. Men sist desember me hadde muligheit (2019, pre-korona) ville ikkje dei andre samarbeide om å ha felles adventssamling. Grunnen var at dei vaksne ikkje ville ha samling med så mange barn (og eller kanskje helst vaksne, mistenker eg.)

Kva kan du gjere?

Eg skjønnar at det kan vere skummelt å ha samling med 55 ungar og 12 vaksne. Men EG tørr! EG som ikkje sa eit ord frivillig høgt i klassen frå 4. klasse til ut lærarskulen, ja, fortsatt kan eg ta meg i å unngå å snakke i klassesamanhengar.

Men eg elskar samlingsstunder, berre sjå her, kva eg gjorde den dagen eg var sliten og lei. Ungane mine kjem til meg og spør; «Når skal me ha samling?»

I 2012, som eg har fortalt so mange gonger, var eg vikar i ein barnehage, og eg fann ut kva som var mi gåve til verda. Mi gåve er at eg er skikkeleg god på å ha samlingsstunder, og det vil eg gjerne lære vekk til deg òg. Derfor vart bloggen min «Gudrun sine sangsskattar» starta på WordPress, før eg kjøpte domene, som du les på no, samlingsboksen.no. Eg bestemte meg for samlingsboksen fordi den er ein så viktig del av samlingsstunda mi. I åra som kom, kjøpte eg også inn ein drøss med handdokker frå yangzhouhuinitoys, jepp, det er ein butikk i Kina, og i januar 2014 var eg til London, på Experts Acadamy med Brendon Burchard. Og i ein av bolkane i EA, såg «Sju steg til ei spennande samlingsstund» dagens lys. Men kun i form av rammeverket. I 2019 lanserte eg kurset fysisk, så i januar 2020 starta eg opp i eit kurs hjå Stine Bustillo, og endeleg fekk eg digitalisert kurset. Eg har brukt både Brendon Burchard sitt Total Product Blueprint og Stine Bustillo sitt Onlinekurs som selger som støtte i utforminga av kurset.

Kor vil eg hen med dette?

Jo, eg ser jo at mykje moro vert stoppa fordi dei vaksne ikkje tørr. Det er kjempe kjekt å vere på fellessamling, og få ein felles opplevelse. Me vert kjende på tvers av avdelingane, me får fellesskapsopplevelse, me vert ein barnehage.

På ein planleggingsdag hadde me ein førelesar, på teams i desse koronatider, som sa det at; «Samlingsstunda er det minst pedagogiske me har i dagens barnehage.»

Det treng ikkje vere slik! Samlinga treng ikkje vere eit einaste langt Hysje-kor. Du må tenkje over kva du vil med samlingsstunda di. Eg personleg la att «Kva dag er det i dag» på 90-talet ein gong! Det er ikkje moro! Ikkje pleier eg lære om dyrespor heller. Eg meiner at samlinga skal vere moro! Viss det sit 18 ungar i alderen 3-6 år, så klarar du ikkje å fengje alle med slikt. Nokon begynner å bråke og du eller dei andre vaksne begynner å hysje.

Visst skal dei lære!

Eg meiner ikkje at me ikkje skal lære ungane kva dagane heiter, eller lære dei om forskjellige fuglar, men du treng ikkje bruke samlingsstunda til det! Det kan du gjere i påkledninga, når de går tur, eller i små grupper.

I samlinga er det perfekt å få felles opplevelser, til gruppebygging, til å skape vi-kjensla. Me kan ha det moro, me kan synge saman (som er flott språktrening), me kan dramatisere, fortelle historiar.

I morgo skal eg og dei andre eg jobbar med, ha samling med 90 fem-seks åringar, det vert spennande, 19 av dei er våre, men dei andre 70 kjenner me ikkje. Men me hoppar i det, og vil ha det moro!

klem,
Gudrun.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.