Månedlige arkiver: august 2017

Vi Vil Vere Venner

Eg reknar med det er fleire enn oss som jobbar med vennskap og gruppebygging i desse dagar?

Eg har brukt boka Matias er alene (http://mattiaseralene.no/) og Monsterbøkene (http://skald.no/utgjevingar/nei_sa_veslemonster/) mykje no i oppstarten. (Ikkje sponsa.) Veldig fine bøker.

Samling om vennskap

Eg jobbar i ein barnehage full av flinke folk, og på fredag hadde eg med meg to super-pedagogar, Anne Kristin og Hildegunn, på ei vennskapssamling. Her skal du få vår cirka-plan.

Opning

Me starta med «Her i barnehagen». Det er opningssangen eg og Anne Kristin har brukt på fellessamlingar sidan tidleg på 2000-talet. Så den held me på av nostalgiske grunnar. Alle de som gjekk i Sogndal studentbarnehage på Kjørnes i 2001-2002 var med og sang denne.

Det er alltid greit å ha ein opningssang, gjerne fast. Slik at ungane kjem i rett «state». På vanlege samlingar brukar me God morgen, god morgen eller God morgen alle sammen. Eg har òg innført «Hei alle saman, vil de vera med å syngja?» no i den nye barnegruppa mi.

Og som alltid; syng med innlevelse!

Ein ring av gull

På vennskaps-samlinga, med 38 barn og 8-9 vaksne, tok me alle kvarandre i hendene og sa;

«Ein ring av gull, ein riktig stor, med plass til alle hender. Der ingen er størst, der ingen er minst, der ingen er først, der ingen er sist. Me held godt fast, så alle kjenner, at ringen er smidd av gode venner.»

Vennskapssangar

Me sang Anti-jante-sangen før dramatiseringa og Bjarte Leithaug sin «Skal vi vere venner» etter dramatiseringa. Kjempe fine vennskapssangar, saman med «Stopp! Ikkje mobb!» og ein opprinneleg dansk; «Skal vi ikke vere venner.» Viss du har andre vennskapssangar, så del gjerne.

Dramatisering med masse drama!

Så kom hovudsaken; me skulle dramatiserer. Eg stjal ideen frå Matias er alene. Eg spelte Gudrun som gleda seg til oppstart i barnehagen att, når eg skulle leike med bestevennen min, Hildegunn.

Når eg og kosehunden min kom i barnehagen, sat Hildegunn og leika med ei ny jente (Anne Kristin) som eg ikkje kjende. Eg sette meg attmed dei, men dei såg meg ikkje. Eg leikte med dei samme leikene, klossar, og plutseleg reiste dei seg opp og sprang ut, utan at dei spurde om eg ville vere med. Eg vart både lei meg og sint, og kasta klossar rundt meg mens eg gret og skreik. (veldig effektfullt; «Vart du lei deg på ordentleg?»)

Då eg kom heim sa eg til mamma at eg ville slutte i barnehagen, ho sa det var tull, og at eg hadde det moro saman med Hildegunn. Då begynte eg å gråte, og fortalte mamma om korleis dagen hadde vore.

Dagen etter snakka me med ein vaksen i barnehagen, og eg og Hildegunn vart kalla inn til barnesamtale og det enda med at me vart venner alle tre, både eg, Hildegunn og Anne Kristin.

 

Neste veke skal me ha samling med fokus på Anne Kristin som er ny i barnehagen, og kor vanskeleg det er å komme ny i barnehagen.

Det at vaksne dramatiserer for barna er kjempe virkningsfullt! Anbefalast!

Kjende sangar

Så avslutta me med kjende sangar. Me sang Nøtteliten, og sangar om griser; Inne i fjøsen og Tre små griser. Sidan sangane om vennskap var ukjende, var det OK å bruke sangar som ungane kjende på slutten.

Avslutting

Avsluttinga er noko av det viktigaste i samlinga, fordi det er så lett å gløyme det. Det er så lett berre avslutte med; Nei, no har eg ikkje noko meir sååå ehe, eg trur me sluttar no.

Det er så greit å ha ein avsluttning. Slik at barn og vaksne veit at no er det slutt på samlinga. Eg og Anne Kristin brukte Trollmor på fellessamlingane i gamledagar, så det gjorde me denne gongen òg.

Og heilt til slutt tok me kvar andre i hendene igjen og sa; «Vi vil vere venner!» Eit ordtak me hang over samlingskroken vår i Notsete barnehage det første året eg jobba, i 1997. Me fann på det saman, eg og ungane, skreiv det opp og hengde det på veggen. VI VIL VERE VENNER! Det enkle er ofte det beste.

Samlinga var to avdelingar på 19 barn i kvar avdeling, i alderen 2,5 år til 5,5 år. Med andre ord, dei to store avdelingane.

Viss du trur nokon kan ha glede av denne posten om vennskap, del han gjerne vidare. Viss du brukar nokon av mine idear, så fortel meg om det.

Klem

  • Gudrun –