Månedlige arkiver: desember 2013

Julegåve til meg sjølv

Eg hadde verdas beste lærar i musikk på lærarskulen. Me lærde mange spennande sangar. Og ho har gitt ut sangbok. Og den fekk eg hjå meg sjølv til jul i år! 🙂

kirstiese

Eg hugsar ein del av sangane, eg har brukt mange av dei masse i barnehagen. Men det var òg sangar som hadde gått i gløymeboka, men no, med bok OG CD kjem dei inn igjen!

Svært godt nøygd med julegåvene i år 😉 (Eg fekk termodress òg, den gamle gikk i søpla i vår, men no er eg kledd for vinteren igjen!)

Håpar romjulstida di er fin! <3

Klem,
-Gudrun-

Min adventskalendar; 23. desember – kakemenn

Nesten i mål. Veit at ingen bakar kakemenn i dag, men eg vil finne att oppskrifta til neste år, og fortelje deg ein litt artig historie.

snø

Kakemenn

3,5 dl vatn
3,5 dl lys sirup
4,5 dl sukker
60 g smør
Bland dette, kok opp og avkjøl
1 ss hornsalt
Bland med litt mjøl, tilset i blandinga
ca 1,5 kg kveitemjøl
til passe deig.

Kjevle til ikkje alt for tynn leiv, stikk ut kaker, evt juster med meir mjøl.
Steik midt i ovnen på 175 grader til dei er gylne.

Kakemenn har ungane som tradisjon å steike saman med farmora si, så eg kan ikkje hugse at eg har steikt kakemenn med ungane. Men første året eg budde i huset vårt, då var eg flink til å steike kaker skal eg fortelje deg. Mannen min fortalte meg at han likte kakemenn, og eg set i gang. Me hadde nettopp steikt kakemenn i barnehagen, og eg adopterte oppskrifta (denne) og størrelsen på deigen, altså trippel oppskrift meiner eg. Klart at me skulle ha like mange kakemenn som ein heil barnehage!! Veeel, kan seie det slik at me hadde kakemenn heilt til neste jul, tre store, fulle boksar.

Neste år skal me lage kakemenn heime òg, tenkjer eg. Me har allerede ete opp kakemennene som ungane laga med svigermor, så me har plass til meir i skapet.

I morgo kjem jula, uansett om du er klar eller ikkje. Håpar du får ein fin innspurt!

-Gudrun-

Min adventskalendar; 22. desember – julekaffi

snø

Eg dreiv og leita etter dette tredje siste innlegget i adventskalendaren, då eg kom over ei oppskrift på Julekaffi. Oppskrifta fann eg i mi eiga oppskriftsbok, og eg ristar på hovudet av alt eg har funne på å skrive ned.

Julekaffi

2-3 nellikspikar
1 kanelstang
2 dl mjølk
40 g kokesjokolade
1 ss sukker
1/2 liter sterk, gloheit kaffi
1 dl piska kremfløyte

Kok opp mjølk, krydder, sjokolade og sukker, sil det over i fire koppar, hell kaffi over mjølkeblandinga og topp med krem.

I dag kom me oss til skogs for å hente juletre, tidleg ute som alltid. Men me fekk pynta det òg 😉

jul1jul2jul4

Klem frå
-Gudrun-

som stressar vidare og så absolutt ikkje har fått julefreden.

Min adventskalendar; 21. desember – scones

snø

Kjapp nybakst til julefrukosten?

5 dl kveitemjøl eller 2dl sammalt/3 dl fin
(1 ss sukker, viss søt scones)
1,5 ts bakepulver
1/4 ts salt
3 ss margarin
2,25 dl mjølk (søt eller sur)

Bland det tørre. Smelt smør, bland med mjølka. Hell over og kna saman. Lag to like store bollar, klapp dei flate (ca 16 cm). Del kakene i fire og prikk med gaffel. Steik midt i ovnen til dei er gyllenbrune (ca 10 min?) på 225 grader.

Eg har berre laga den grove varianten, og då med brunost eller kvitost som pålegg.

-Gudrun-

Min adventskalendar; 20. desember – kringler frå Kvit

snø

Her er nok ei «barnehage oppskrift». Den er, som du ser av tittelen, frå Kvit avdeling. Desse er enkle, og kjappe. Og det finst jo ikkje sukker i dei. (Joooo, det er jo litt smør, men det finst ikkje sukker i dei!!)
1/2 kg mjølk
200 g smelta smør
1/2 ts salt
50 g gjær
Kveitemjøl til passe deig.

Ingen for-heving. Trill ut kringler. Etterheving mens ovnen vert varm (10 min) 250 g i 10 min.

Gode med smør og ost på 😉 Som om det ikkje er nok smør….

-Gudrun-

Min adventskalendar; 19. desember – pepperkakehuset

snø

Me har, endeleg, fått pynta pepperkakehuset. Ja, eg kjøper husveggane ferdig, eg gidd ikkje lage det sjølv. Men eg lærte noko nytt i år, eller eg spurde om råd på Facebook. Me har alltid sett saman huset etter pynting, for eg har vore så redd for at ungane skal knuse det når dei pyntar. Men i år då, etter tips på Facebook, limde eg saman først og let ungane pynta etterpå. Eg limde veldig! Masse sukker.

pepperkakehus

Som du ser, har eg ikkje lagt meg noko særleg (eller i det heile) borti pyntinga. Dei sat alle tre og berre leste på. Det er minst like masse på andre sida. Men eg har laga ein ny type snø, når eg smelta sukkeret, såg eg at det vart ganske fin snø. Så, i år er det ikkje bomullssnø her i heimen, men etbar sukkersnø.

Kjem ikkje heilt i mål i år heller,
-Gudrun-

Min adventskalendar; 18. desember – dørpynt

Det går framover! I går fekk me nemleg krans på døra 😉 Eller, ikkje krans akkurat, meir som ei grein, men greina var kjempe søt! Tenkte eg skulle vise deg den, viss du treng tips til enkel pynt.

snø

Eg har, som dei som kjenner meg veit, ikkje noko som helst slags pyntegen, så eg er glad for all hjelp eg kan få.

Denne kom jenta mi på 11 år heim med i går, dei laga den på skulen, og eg hengde den storfornøygd opp på døra med ein gong, sant det vart fint?

dørpynt

(Ja, den kvite sløyfa har eg knytt på, det er oppheng…
Veit den ikkje passar heilt inn)

Håpar du har ei fredfylt førjulstid, det er jo det me alle legg opp til, ikkje sant?

klem,
-Gudrun-

Min adventskalendar; 17. desember – dynevask

Hehe, veldig spennande aktivitet i dag.

snø

Eg vaskar dyner i dag. Eg meiner eg har lese at dei skal vaskast 4 gonger i året. Det høyres litt i overkant ut for meg! Men dei får seg ofte ein vask slik nett før jul i allefall, godt mogeleg dei får seg ein runde på sommaren òg, hugsar ikkje akkurat.

For eit par veker sidan, fekk eg jo påvist husstøv midd allergi, så det er vel lurt å vere nøyen med reinhald, dynevask, støvtørk osv no. Derfor må eg altså gjere noko so kjedeleg som å vaske dyner i dag, med alt det medfølgjer; støvsuging av madrass, vask av dyner og puter (3 vaskemaskiner på vaksensoverommet), vask av sengklær (ei maskin), støvtørk, støvsuging osv. Eg vaska gardinene for 2 veker sidan, så dei får henge der.

Det nærmar seg jo jul, med stormskritt. Og eg har heldigvis nettopp lese at ein kan ta julevasken med ro, det er berre noko som heng att frå gamledagar. Då delte dei året inn i forskjellege gjeremål, og husvask var passande vinteraktivitet fordi då hadde dei ikkje ånni og elles mindre å gjere på garden.

Korleis er det med deg, vaskar du vegger, tak, inni og utapå skap, og overalt til jul, eller støvsuger du golvet og set ut litt grønsåpe i ei skål? (Skal ikkje seie kva eg gjer…) Eg vaskar iallefall dynene!

Klem,
-Gudrun-

Min adventskalendar; 16. desember – enkel nisse

snø

I dag deler eg ein idè til ein enkel og dekorativ nisse. Idèen meiner eg det var sjefen min som hadde. Me skal lage oss nokre slike no til jul. Dei skal få plass attmed inngangsdøra.

nisse

Me sager av ei grein, litt skeiv på den eine enden. Der tegna me auge og munn, eller så kan du bruke plastauger. Våre var blaute, veden altså, så me fekk ikkje limen til å henge. Sette på ei raud nissehue, anten som her av strømpe, eller av filt eller du kan strikke eller tove ei. Det enkle er ofte det beste, og svært dekorativt!

-Gudrun-

som begynner å kjenne på stresset no… Har skrive opp «handleliste» for julepresangar og alt no 😉 Jadda, jul vert det lell! I går fekk eg lys i glaset òg.