Månedlige arkiver: januar 2014

Skinnvotten

Me jobbar med Skinnvotten i vinter, for alle ungane i barnehagen. Me på minste avdelinga har fått tildelt «Pilemus Silkehår». Me skal lage oss enkelt kostyme, har tenkt å sy øyrer på huer og lage oss ein musehale.

Vidare skal me lage mus som me skal pynte med på avdelinga, trolldeig, silkepapir, tegne, måle. Me jobbar med eventyret i nokre veker, og avsluttar med dramatisering, der me skal vere Pilemus, som sagt.

samlingsboks

Uttrykket «Når katten er borte, dansar musene på bordet» har vel knapt vore meir passande enn då styraren vår var borte frå jobb på fredag, den vanlege «Fellessamlingsdagen». Styraren vår, som er super flink, pleier alltid å ha desse samlingane. Men ikkje på fredag, nei, då såg eg og ein av dei andre ped.leiarane vårt snitt, og kuppa heile greia. Eg og Anne Kristin jobba saman for 12-14 år sidan òg, og hadde alltid fellessamlingane då i gamle dagar. Og fellessamlingar skal eg love deg at det var, i ein times tid, med ungane som glade deltakarar.

Vel me såg altså vårt snitt att no på fredag, og eg vil virkeleg seie at me oppnådde målet vårt, eg fekk tidenes beste kompliment i etterkant av samlinga; «Du er jammen god til å ha samling», sagt av ein gut på 4 år. Det var eit slikt energirush at eg lever stort på det fortsatt. Når me sit der, men 50 ungar, frå 1-6 år, og 15 vaksne, og eig rommet, det sprudlar av energi og ungane er trollbundne, i 45 minuttar (!!) då har eg det moro på jobb, altså!

Kva gjorde me?

Nummer 1: Me er to damer som slett ikkje er redde for å drite oss ut, sagt på godt sognamål. Det er det aller viktigaste, me brukar oss sjølve maks, og likar at dei som ser på ler av oss. Kan ikkje få sagt dette ofte nok, det er alfa omega; Bruk deg sjølv!

Nummer 2: Samlingsboks! Sikkert ikkje så overraskande. Hadde med boksen eg brukte med 2-3 åringane i fjor, men ein del kjende sangar oppi, som dei kanskje ikkje hadde sunge så masse i år; Ford Escort, Gå i Jungelen osv. Kjekt gjensyn.

Nummer 3: Dramatisering. Me dramatiserte Skinnvotten historia. Med særs enkle kostyme. Me valgte ein farge til kvart dyr, og tok på oss ei skjorte eller ein jakke e.l. i den fargen. Ingen vart redde, men alle sat som fjetra. Det er viktig å tenkje på med drama med så små barn (1 åringane) at du ikkje må verte ukjenneleg. Me trekte òg ungane med, me sang ein sang for kvart dyr, og ungane kom med forslag. (Me hadde skrive opp kriseforslag, slik at me ikkje skulle verte sittande å lure.) Det er ein fordel å kunne eventyret godt, som så ofte i barnehagekvardagen, er det ikkje mykje tid til overs til gjennomgang. Me hadde omtrent null tid til førebuing, ein liten kort telefonsamtale torsdagskvelden.

Eg skal skrive ein litt meir utfyllande beskrivelse av samlinga, som dei som vil kan lese, men desse tre punkta er essensen.

Og ja, me tek på oss oppdrag, berre ta kontakt, så stiller me opp, viss lønna er bra nok 😉

Klem,

-Gudrun-

Er du flink i matte?

Eg vil dele eit tankekors med deg i dag! Det var vekkande for meg då eg høyrde det, og så sant så sant!

Eg var i London forrige helg, på Experts Academy med Brendon Burchard. Ein svært fornuftig mann. Ein av dei tinga han sa, var at me ikkje skulle vere redde for å ta kontakt med folk. Grunnen til at me var det, stamma ofte frå ein tosk som hadde såra eller avvist oss ein gong. Me sat 500 mennesker i salen, og han gjorde ein liten demonstrasjon med oss, på kor dårleg matte det var å late dette styre oss. Han byrja med å få dei som kunne navngi ein som hadde avvist, så det sette spor, om å reise seg. Noko sjølvsagt alle gjorde, så gjekk han oppover, han stoppa på 20. Då reiste tre i salen seg. Så tok han det omvendt. Alle som kunne navngi ein som hadde vore grei, skulle reise seg. Alle reiste seg på 500 og 1000… (Me var jo 500 greie folk i salen, og eg snakka med dei fleste av dei… på engelsk ja, og gav dei mine innerste tankar.) Viss du hadde 500-1000 til å cover your back, så kunne du ta dei med deg og storme dei 20 som hadde avvist deg.

Og det er jammen sant. Jadå, du kan treffe på ein tosk, viss du strekker ut handa og ber om noko, eller tilbyr noko, men sansynlegheita for at det er ein grei person er mykje større.

Tenk på det!

gylne regel

Eg hadde ei flott oppleving då eg kom att på jobb på måndag, kunne nok hende at det var søvnmangel som gjorde at eg vart litt rørt, men no skal du høyre. Me er jo ei gruppe med eit åringar, og i samlingane pleier me å spele marakass mens me syng «Hei på deg». Me sender instrumentet rundt, og syng eit vers for kvar unge (og av og til for kvar vaksen.) Dei største i barnegruppa, som vert to i løpet av våren, har vore litt meir deltakande med å sende vidare og å spele på marakassen, men på måndag, då spelte alle ungane og alle sende den vidare til neste mann. Det var stas å sjå! <3 Ta vare på dei små gledene i livet!

Klem,
-Gudrun-

Mobbing – kva kan me gjere?

Det har vore mykje i media siste tida, om mobbing og bursdagsfeiring.

DSC01238

Utestenging er noko som eg er oppteken av, det kjem nok av sterk rettferdigheitssans, og eigne opplevingar. Eg fekk ein behandling med kinesologi, eller eg betalte for den då altså. Behandlaren fjerna bl.a. eit skal rundt hjarta. Eg kan ikkje nok om kinesologi til å gå inn på dette, men vil fortelje deg om ein følelse ho fjerna. Eg skjønte med ein gong kva ho snakka om, det var ei rar oppleving.

Ho fjerna ei kjensle av avvising frå då eg var rundt fem år (+/- eit år) Og akkurat den episonden sit som spikra, det er beklagelegvis eit av mine første barndomsminner. Eg gjekk i førskule to ettermiddagar i veka. Veka før hadde eg hatt fri torsdagen fordi eg var på hesteutstilling. Eg kom på forsida av avisa, sittande oppå ein hest. Vår hest, Bauna. Det var halvsidefoto. Tysdagen etter skulle me besøke den eine assistenten i førskulen, istadenfor å vere der me pleidde. Ein av dei vaksne ringde for å seie dette til mamma. Me kom fram dit, og alle saman fekk vere med inn i dokkestova til jenta som budde der. Ei jente som var like gammal som meg, og gjekk saman med meg i førskulen. Alle saman leikte inni dokkestova, unnateke ein, MEG, eg fekk ikkje bli med inn. Eg vart klart avvist. Eg hugsar dei vaksne sat inne og drakk kaffi og pratte, mens eg svirra litt rundt dei, og lot som ingenting. Var mest mogeleg usynleg. Eg trur ei av dei vaksne spurde om eg ikkje skulle ut og leike med dei andre, men eg trur ikkje eg svara på det. Og grunnen til at eg vart avvist denne dagen, var eg heilt inneforstått med, det var fordi eg ikkje var der forrige gang, og fordi eg hadde vore på framsida av avisa. Men det er ein av dei klaraste minna eg har frå tidleg barndom, kor åleine og einsam eg var denne dagen. Og kor skamfull eg var, kor hardt eg kjempa for å halde maska framfor dei vaksne, slik at dei ikkje skulle oppdage det. Eg ville ikkje sladre. Og eg fekk ikkje inn i dokkestova den dagen, eg var åleine heile tida, dvs eit par timar.

Eit  liknade minne er frå 4. eller 5. klasse. Me skulle gå opp på eit friområde eit stykke frå skulen, og eg oppvaksen frammi Dalen, hadde jo ikkje peiling på byggjefelt. Men eg hadde ingen å gå saman med opp. Eg fulgte etter nokon av gutane, som det viste seg skulle gå fordi der dei budde for å hente seg is. Og det var jo sjølvsagt ein omveg. På veg ned att, hugsar eg dei relativt dårlege venninnene mine erta meg med at dei hadde lese Gudmundur H på ein postkasse. Jepp, det var kallenavnet eg fekk når me skifta frå fådelt grendaskule og ned på ein skule med tre parallellar. Eg HATA det kallenavnet, djupt og inderleg. Eg er sikker på at kinesologen kunne ha funne avtrykk frå skuleåra 4.-9. klasse, ganske mange dersom ho hadde leita.

Jepp, utestenging ligg mitt hjarta nærme, og er noko eg snakkar meg ungane mine om mykje; «Er det nokon som er åleine?» Og eg er veldig obs på om nokon av ungane mine i barnehagen går åleine. (Ikkje i år då, sidan alle ungane er berre eit år.) Eg håpar eg hadde plukka opp meg sjølv viss eg var vaksen i den episoden.

Og så over på gebursdagsfeiringar. Om det å invitere alle og det å gå i gebursdag til alle. Det er kanskje kvardagen som tel mest, men mobbing og utestenging vert meir synleg, og meir skammeleg for ungen, når det er snakk om selskapelegheiter.

Problem ein; Familien har ikkje så god økonomi, og gåve til gebursdagsbarn er ei stor utgift. Til det har eg tre forslag til løysing. 1. Set ein fast sum, her brukar me 50 kr, på første foreldremøtet på skulen. 2. Tenk alternativt; gi vekk ei oppleving. Ungane no til dags har nok ting, men manglar kanskje litt på opplevelsesida. Kva med ein skogstur? Overnatting? Ein filmkveld? 3. Snakk med den andre sine foreldre. Eg hadde gladeleg, og diskret, kjøpt gåve frå ein klassekompis til min gut. Det aller verste som kunne skjedd i dette tilfelle, er at ungen aldri fekk gå i burdag. Og alt bunnar i; Dei vaksne må snakke saman.

Problem to; Ungen min er redd for gebursdagsbarnet og tørr ikkje gå. Ungen din er kanskje ikkje den einaste som er redd bursdagsbarnet. Skal ungane få bestemme om dei skal gå eller ikkje? Eg diskuterte dette med ei anna mor. Her hjå oss er det ein regel på at alle skal inviterast i gebursdagen. Men ho meinte at det òg burde vere regel på at alle skal gå i selskapet òg. Ja, det var eg sanneleg enig i. Viss ungen din er redd snakk med foreldra til den andre. Dei kan vere litt obs? Det kan vere litt vanskeleg å seie dette til dei andre foreldra. Men prøv å set deg i den andre stolen; Nokon er redd for min gullunge. Ville du ikkje likt å få vite dette, heller enn å sitte åleine i selskapet? Då kan du vere litt i forkant for å hindre «bråk».

Problem tre; Ungane leverer ikkje invitasjonen heime for å sleppe selskap. Eller kastar invitasjonen til ein som dei ikkje vil invitere i sitt selskap. Dette er vanskeleg å plukke opp. Men løysinga er vel også her å snakke saman! Snakke med ungane sine, og snakke med andre foreldre. Det er kjempe sårt å oppdage at din unge er den einaste som ikkje er invitert, men det er like sårt å oppdage at din unge har vore med på å stenge ute ein annan.

Problem fire; Ungen min vil ikkje be den og den, og sidan det er min unge sin gebursdag, så let eg han/ho bestemme. Løysing; SKAM deg!! Du er den vaksne og bør ha så pass innsikt at du set deg inn i den utestengde sin situasjon. Ikkje rart det vert mobbing viss me som foreldre godtek slikt! Og det kan godt hende at de velger å utelate 3-4, desse inviterer sikkert kvarandre, tenkjer du kanskje. News to you; Det er alltid EIN som då ikkje vert invitert til nokon. Det vert som læraren min sa på teorikurset til billappen. Alle syklistar du køyrer forbi kjem til å velte! Det har pr dags dato ikkje skjedd (og tru meg, eg køyrer Dalavegen dagleg og køyrer ofte forbi syklistar), men det er greit å ha i bakhovudet. Sjansen for at ein ikkje vert invitert til nokon er ganske stor! Mykje større enn at ein syklist skal velte når du køyrer forbi (men eg tenkjer fortsatt på det kvar gong eg køyrer forbi ein syklist, og bereknar veltesone. Syklistar kan vere takknemlege for Edith sine læresetningar.)

Eg har (også) opplevd å vere den einaste utan invitasjon til eit selskap. Eg gjekk i første klasse saman med 5 andre jenter, gebursdagsbarnet gjekk i andre klasse og var den einaste jenta, og det var tre jenter i tredje klasse. Eg var den einaste jenta på skulen som ikkje var invitert, men berre ei lita stund. Eg fekk kjapt invitasjon, dei hadde berre gløymt meg. (åååå-kor trist er det å vere den einaste dei ikkje hugsa på???)

Svar på spørsmålet i overskrifta; Me snakkar saman!!

Godt nytt år alle saman! 2014 skal verte mitt super år, det beste året hittil. Dette innlegget er nok eit tankespinn-innlegg, som eg kvier meg for å publisere. Men viss eg kan få nokon til å bruke hovudet, så er det OK. Viss berre ein unge får det bedre, viss eg berre hjelper til litt mindre mobbing, så gjer det ingenting at du les nokre av mine mest skamfulle augneblikk. For skamfullt, det er det, veldig! Ikkje no lenger, ikkje so kjempemasse iallefall, men då det skjedde, då var det fælt!

Klem,
ta vare på dei rundt deg.

-Gudrun-