Månedlige arkiver: juli 2015

Krakksetebruri – ei segn frå Sogn

Heilt frå eg var lita jente, har eg høyrt segna om Krakksete brura eller Hausesølvet.

Steinen som vert kalla Huldrekyrkja.
Steinen som vert kalla Huldrekyrkja.

Inga var budeie på stølen til truloveden sin, Ivar frå Hausa. Dei andre budeiene på Krakksete hadde reist ned att, men Inga vart att på stølen for å gjere ferdig veven sin.

Medan ho dreiv på med veven, fekk ho besøk i stølshuset, det var eit heilt fylgje med huldrefolk som kom inn.

Huldrefolket pynta Inga til brud, og ropte at han dei ville ho skulle gifta seg med skulle «Nysse ho!» Huldrefolket kunne ikkje seie kyss ho.

Inga tok ei stålnål mellom tennene, for ho visste at dette verja ho mot trollskapen.

På stølsvollen gjekk hesten til truloveden hennar, han Ivar. Hesten fatta at noko var gale, og reiste heim etter husbonden sin. Ivar og hesten for tilbake til stølen på Krakksete so fort dei kunne.

Ivar reiv opp seldøra og skaut inn i rommet, slik at eit av spira på brurekruna som Inga hadde på seg, fall av.

Huldrefolket skreik opp og freista å riva av Inga både kruna og anna pynt, men rakk det ikkje før Ivar bar den komande brura si ut. Dei to rei ned att til bygda med huldrepakket etter.

Då dei kom ned att til gardane, rei dei gjennom ein byggåker, der vegane gjekk i kors. Der kunne ikkje huldrefolket ferdast.

Huldrefolket svor hemn fordi Ivar og Inga drog av med huldresølvet; «Det skal verte eit tøle i kvart bøle i ni til ti ledd!» (Det skal verte fødd ein tulling i kvar generasjon i ni til ti ledd. Eg er gift med ein av etterkommarane, og kan bekrefte at i den slekta er det berre tyl og tullingar….)

Brurekruna vart på garden i lang tid, men det avskotne spiret nekta å verte feste på kruna att, sjølv kor mykje dei beste sølvsmedar i Bergen prøvde. Kruna står no utstilt på museet i Bergen.

masse_smart 402

Dette er ikkje huldrefolk, men dei er etterkommarar av Krakksetebruri.

Håpar du kosa deg med segni frammaotte Sogndalsdalen. Kom gjerne med forslag til andre segn som ikkje må gå i gløymeboka.

klem,

Gudrun.