Månedlige arkiver: oktober 2016

Samlingsstunda – Sju tips

Eg har resirkulert ein eldre bloggpost, om mine tips til samlingsstunda og videoblogga han. Håpar du tykkjer det er lærerikt og at du kan plukke med deg noko til din eigen praksis. Viss du kan få det meir moro i samlingsstunda, er målet mitt nådd. Sjå fleire innlegg om samlingsstunda her.

.

  1. Vær GLAD, SMIL, ha eit «VAKE» blikk.
    Eg held på å utdanne meg til kursinstruktør innanfor sjølvfølelse. I kurskonseptet vårt, har me ein modul som heiter følelsar. Du kan ikkje vere nedfor viss du smiler, rett deg opp i ryggen og kos deg

 

  1. Syng HØGT, KLART og SAKTE
    (med KLART meiner eg klar uttale, gjer ingenting om du syng som ei kråke, berre du er engasjert) Eg er egentleg ei utolmodig sjel, men øver meg på å synge sakte, sakte, spesielt no når eg jobbar på småbarnsavdeling. For at språkstimuleringa skal verte god, så pass på å uttale orda tydeleg. Det e

 

  1. Rørslesangar er moro!
    Gjer rørslene STORE og ENERGISKE.
    Rørslene gjer at det vert enklare for ungane å hugse teksten, gjer rørsla pitte litt i forkant, då hugsar ungane teksten lettare.

 

  1. SJÅ ALLE UNGANE INN I AUGENE!
    Hank dei inn med blikket, la kvar og ein føle seg spesiell. HEILT TIDA! Du let blikket gli over ungane og møter blikket deira. Du ser sjølvsagt ikkje lenge på kvar unge, men du ser dei alle.

 

  1. Drama er moro!
    Du treng ikkje vere skodespelar eller ha eit fansy kostyme, ein skeiv hatt på hovudet, og du er eit troll. Og du får ungane med på ein heilt anna måte. Endre litt på stemma di, og du er plutseleg ikkje Gudrun meir, men ei gammal heks, eller ein liten frosk.

 

  1. Kom aldri tomhendt til ei samling.
    Ha med eit eller anna, noko for å få ungane fokusert. Ei lita kiste med spennande ting, nokre sangkort for å illustrere det du vil ha fokus på.

 

  1. Slutt mens leiken er god.
    Har du ikkje lenger fokuset til ungane, så avslutt, eller finn på noko sprøtt for å hente dei innatt.

 

Eit av dei viktigaste råda er faktisk det siste! Har du ikkje ungane med deg lenger, så avslutt. Du er ei servicebedrift, du skal gi ungane service, det er IKKJE dei som skal gjere noko for deg. Har du klart å underhalde dei i berre 5 minutt, slutt likevel! Har du ikkje fått lese alle bøkene du tenkte, slutt likevel!

Og GLØYM dei vaksne som er med deg, det er heller ikkje dei som betaler for å høyre på deg 😉

KOS DEG! Ungane merkar det, veit du! Ver tilstades mentalt. Likte du denne bloggposten? Del han vidare <3

-Gudrun-

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.