Månedlige arkiver: november 2013

Adventskalendar!

Jepp!! Som om eg ikkje har det travelt nok før jul, som alle andre, så har eg bestemt meg for å blogge i heile adventstida. Eit innlegg kvar dag. Ikkje so mykje sang, kanskje, men masse tips til kva ein kan gjere på i adventstida. Eg er ikkje ein spesielt julete person, eg er ikkje flink med pynt og fjas. Ungane får ferdigkjøpte kalendarar. Dette òg fordi eg tykkjer 24 pakkar i desember øydelegg litt av stasen med den ordentlege julafta, men eg er veldig lat i tillegg, eg gidd rett og slett ikkje stresse med å finne 72 pakkar og eg gidd vertfall ikkje plukke opp att alt rælet som eg har kjøpt. Men eg har lyst, kvart år, å få ei kjekk og koseleg adventstid. Av og til får me det til, litt, men stortsett er advent ei stressande tid med mykje styr.

Men i år har eg då altså plussa på eit stressmoment, som eg håpar vert kjekt, eg har planlagt eit stykkje fram over, og håpar siste rest kjem av seg sjølv.

Vegar i avisa

Minste mann var på forsida av julemagasinet til lokalavisa her denne veka, veldig stas for oss alle. Her er han i full konsentrasjon og bakar. Er han ikkje fin?

Håpar at du, viss du leser adventskalendaren min, anten skriv ein kommentar, «deler» den på Facebook eller gir meg tilbakemelding på ein annan måte. Det er alltid kjekt å vite at, eller om, nokon er interessert i det eg skriv. Sharing is caring.

Ha ei fin førjulstid, om du er julete eller ikkje.

-Gudrun-

Føler for ein liten presisering…

Vart eit litt «peikepinn»-innlegg forrige gong, og framstilling av meg sjølv som perfekt 😉 Det er eg ikkje, eg har ikkje alltid med meg alle som er på samling, ungane kan miste konsentrasjonen og engasjementet.

Viss det skjer, så gjer eg ein av to ting; anten trekker eg eit eller anna spennade ut av kassen, eller gjer noko sprøtt, eller så AVSLUTTAR eg samlinga. Det er ingen skam å snu, veit du. Avslutt med stil!

Eg har vel sagt det før; eg har fast start og fast slutt på samlinga, slik at ungane veit når me startar og veit når me sluttar. Eg var på ein førestilling her hin dagen, ein musikal, der det ikkje var nokon tydeleg slutt, eg var «lika vise» om det var slutt eller skulle fortsette. Det må me tenkje på når me «underheld» ungane òg, at det er faste rammer, slik at dei kva som skjer.

Eg var òg på eit stand up show forrige veke, har vore veldig kulturell av meg i det siste 😉 der stand up komikaren kom hoppande ut på scena, i rosa ticot. Kollegaen min snur seg automatisk og seier; «Det der, det er sånt som du kunne funnet på, du er sånn passe gal og kan gjøre sånt.» Ehe…javel, det stemmer vel for så vidt, eg trur eg hadde elska å stått på scena. Eg har jo for so vidt prøvd det, *knegg* på russerevyen i Sogndal i 1994 😉  og hadde det kjempe gøy! Hadde ein replikk; «Eg? Nei, eg skal til Kaupanger, eg…!!» Og hugsar det, gjer eg, nesten 20 år etter.

Men; innlegget var altså meint som ein unnskyldning til alle som har slike «skuletime»-samlingar, eller som har kjefta på ungane for at dei ikkje er i ro. Eg har gjort det, eg òg, men eg vert bedre og bedre, på å finne på sprell, eller avslutte samlinga. Gjer det du òg! Og lær for all del ungane om tresortar.

Og; gled deg til 1. desember, då begynner adventskalendaren min! Ungane valde Haribo kalendar, (eg gjer IKKJE pakkekalendar! Ungane får nok pakkar den 24.) Eg var veldig glad at dei tok godteri-kalendar i år, for dei andre plastræl-kalendarane vert liggande som rot og skrot i heimen. Godteriet vert iallefall oppete, og det er advent. Men den kalendaren eg driv og lagar her på bloggen, er meir som ein aktivitetskalendar, der eg deler juleoppskrifter og aktivitetstips. Var og handla litt stash på Søstrene Grene i dag, så no vert det masse fint 😉 Og det deler eg med deg! Og du, ikkje få dårleg samvittigheit over alt du ikkje får gjort, det er meint som inspirasjon! Første posten er nokre super gode italienske julekaker! Gled deg!!

Klem,

-Gudrun-

Kva er målet med samlingsstunda i barnehagen?

Eg har hatt «Utviklingssamtale» i barnehagen til min yngste son. Og eg og pedagogen begynte å diskutere samlingsstunda. Kom vel innpå det når ho sa at han ikkje alltid sat i ro i samlinga… Og eg har vore med på min del av kjedelege samlingar, og då har eg virkeleg problem med å sitte stille. Og for ikkje å snakke om kjedelege førelesingar, korleis oppfører du deg då?

DSC01292 (600x800)

Er samlingsstunda rette settingen å lære om dyrelydar og planteartar? For meg er det viktig å ha det moro i samlinga. Ungane skal elske samlingsstunda. Og dei kan lære masse sjølv om dei har det moro! Mine toåringar (treåringar) var (heilt ubeskjedent) dei som sang «best» i fjor. (Jaudå, de var flinke på dei andre avdelingane òg, men ungane mine var berre 2-3 år, hugsar de kor flott dei sang?)

For all del, du må berre lære ungane planteartar, det kan dei ta nytte av når dei er med på ein bildequiz som 38 åring, og nailar (nesten) alle tresortane 😉 Men det må gjerast moro! Og KORT!

Egentleg meiner eg at samlingsstunda kan vere fri for slike teoretiske læringar. Viss det sit 15 ungar i alderen 3-6 år, klarar du ikkje å fengje alle lell, og nokon byrjar å bråke, og du eller andre vaksne byrjar å kjefte. Ungane er ikkje skapte for slikt. Du KAN lage samlingsstunda magisk! Og moro for alle, både ungar og vaksne. Og eg VEIT at alle kan få det til. Det har eg vore så heldig å få oppleve. Det er kjekt det, å sjå ein vaksen blomstre opp frå kjedeleg og monoton til å bruke seg sjølv med stemme og fakter.

Viss du vil lære ungane om tresortar, som eg altså tykkjer er nyttig allmennkunnskap, og heilt naturleg, for meg er det ei sjølvfølgje at alle kan slikt, men eg har jo sett på den nemnde quizen at slett ikkje alle kan slikt, faktisk berre ein (meg) av åtte. Men altså, viss du vil lære dei tresortar, så kan du jo gjere det i grupper etter samlinga? Eller litt meir naturleg, når du går i skogen saman med ungane og kan vise dei det? Så kan du jo trekke eit blad opp av boksen neste samling, og spørje om nokon hugsar kva tresort det er…

DSC01295 (800x600)

Ja, for boks må du ha 😉 Eg fekk forresten støtte for mitt syn på samlingsstunda hjå pedagogen i barnehagen til sonen min, berre so det er sagt 😉

Samlinga brukar eg til å synge sangar, som er flott språktrening BTW, og til drama. Elskar dokketeater! Og det fengjer ungane, frå 1 til 6. Eg hugsar før i «gamle dagar» då me jobba med Kari Lamer sitt opplegg «Du og jeg og vi to». Då jobba me mykje med rollespel for ungane. Me hadde dette som tema i kommunen for mange år sidan, flott program, som er nyttig i dag òg! Lamer gav forslag om forskjellege rollespel til kvart av emnene i programmet. Når dei vaksne spelte kvardagsproblem for ungane, fekk dei eit anna perspektiv, og kom med løysingar til problema. Det vert som å høyre på ein god førelesar, eller stand-up komikar, du kjenner deg att i det som vert sagt og ler, egentleg av deg sjølv….

Kva meiner du, er eg heilt på viddene? Eller kan samlinga vere gøy, utan at du får dårleg samvit for at du skulle lært ungane om dyre ekskrementer? Korleis brukar du samlingsstunda? Har de det moro, du og ungane?

(Dette innlegget sat litt langt inne, har redigert det x antal gonger, og vurdert å slette det, men Here It Goes! Eg meiner Leik, Glede og Humor treng større plass, og at læring er mykje forskjelleg… Ikkje skyt meg, eg er eit fredselskande vesen, av og til, iallefall…)

-Gudrun-

Vore stilt ei stund

Eg har no fått skifta linsa på det andre auge òg. Og har begynt med lesebriller. Eg som alltid har teke ting nært, sidan eg har vore (svært) nærsynt, ser no absolutt ingenting på nært hald. Merkeleg!

Synet mitt er ikkje heilt som det skal endå heller, eg har fått etter-stær på begge augene, og ser gjennom eit skittent vindauga, omtrent som heime.. 😉 Etter-stær er visst enkelt å fikse på, med litt laser.

Fordi eg ikkje skal løfte eller bøyge meg, er eg sjukmeld frå jobb. Eg og tre åringen var på besøk i barnehagen min hin dagen, då konkluderte han med at eg kunne begynne å jobbe att, for han kunne vere med meg og løfte «babyane». Han følte seg stooor blant eit åringane, stas for ein veslebror!

Eg kjem sterkare tilbake, no nærmar det seg visst jul har eg høyrt, så då må eg vel plukke fram att julesangane mine att. Juletrall’en var ein Hit i barnehagen i fjor… Kanskje me skal ta den igjen i år òg?

klem,

-Gudrun-

Bjørnen

Eg er, som dei fleste nok har fått med seg, veldig glad i dramatisering. No har eg funne meg nokre flotte handdokker som skal oppi samlingsboksen min. Eg har ikkje bestilt dei endå, så det tek ei stund før du får sjå dei 😉

Men det stoppar meg ikkje i å førebu korleis eg kan bruke dei. Først ute er Bjørnen (sidan eg tykkjer Revar er litt oppbrukt akkurat no, men det er altså ein rev der òg). Eg tenkte då på at eg kan bruke alle eventyra der reven lurer bjørnen. Men kva anna kan eg bruke ein bjørn til?

Bjørnen søv no
Bjørnen søv no, bjørnen søv no,
i sitt lune hi.
Han er ikkje farleg,
berre ein går varleg.
Men ein kan jo,
men ein kan jo
aldri vere trygg.

Det er jo ein slagar i barnehageverda. Må innrømme at det ikkje er ein av mine aller mest favorittsangar, så eg brukar den ikkje so mykje. Men ungane likar den ofte, så det er ein fin sang å hugse på.

Eller er «Jeg fikk av min pappa en teddy» og «Teddybjørnens vise» sangar som kan brukast. Har du andre bjørnesangar på lur? Eller noko anna som ei handdokke av ein bjørn kan brukast til? Del med meg då vel <3

I morgo skal eg operere det andre auga mitt, mogeleg det kjem eit nytt takknemlegheits innlegg 😉

Klem frå

-Gudrun-

Tida går fort… ny fuglejaging på gang!

No er det snart seks veker sidan forrige stæroperasjon, og eg  skal i gang igjen. No har eg hatt -4 på det eine auge og 0/+2/2,5 i lesebrille på hitt. Litt slitsomt, men greit når eg fekk vent meg til det. No er eg spent på korleis det vert å aldri sjå skarpt på nært hald meir… Og kor eg skal gjere av lesebrillene.

November er ein rar månad for meg, som deler året inn i sangar, november er liksom inneklemt mellom FN-sangar/Forut/soldaritet-sangar og julesangar. Eg er aldri tideleg ute med juleførebuingane, så julesangar er liksom litt fy-fy endå, og sangane som me sang til foreldrekaffien på FN-dagen treng me ein pause frå, sjølv om eg likar Malawi-popp.

Eg fekk spørsmål i barnehagen i går kva sangar me syng for tida…og måtte ærleg svare at me syng dei sangane som kjem opp av boksen… Høyres merkeleg ut, men det kan dukke opp all slags sangar frå boksen. På måndag dukka t.d. «MÆ sa ein liten grøn frosk»-opp. Såg ikkje den komme, for å seie det slik. 😉 Merkeleg, seier du? Sidan det er «mi» samling? Nei, ikkje i det heile teke, eg likar impulsivitet og plukkar opp dei sangane som boksen sender meg. 😉 Rar? Jau, det kan eg seie meg enig i. Men samlingsboksar er geniale i så måte! Prøv sjølv, ein boks full av ting, så får du assosiasjonar til sangar du nesten har gløymt.

Kva er dine november-sangar? Heime, når minsten skulle legge seg, sang eg Kurrin Bæ fem gonger hin dagen. Den hadde han sikkert ikkje høyrt før, men når han sa Bæ-bæ, så «kom» Kurrin Bæ, som er min all time favourite saue-sang. Og eg måtte synge den mange gonger, mens han lagra 😉 Spørs om eg må ta med meg Kurrin Bæ i barnehagen òg…

Ha ei fin helg, alle saman. Nyt dagane medan dei er her. Eg skal på den årlege, og før omtala, festen for søstra mi i morgo. Med kviss og Jakob Sande på rams, spennande å sjå korleis dette går…

Klem, Gudrun

 

Ny song, eller nye vers iallefall ;)

Eg (og minsten) har dikta ny sang, eller vidare ført «Tre små griser» til «Tre små bukker» og fått ein ny eventyr sang!

Tre små bukker

Tre små bukker,
la lu la lu la lu.

Dei sang på brua,
la lu la lu la lu.

So kom trollet,
la lu la lu la lu.

Bukkane vart redde,
la lu la lu la lu.

Kva trur du så dei gjorde?
La lu la lu la lu.

Dei stanga trollet i fossen,
ha ha ha ha ha ha.

Stilig sang? Eg har berre sunge den saman med tre åringen, men ser ikkje vekk frå at eg tek den med i barnehagen. Trur denne funkar fint!

Lik gjerne Samlingsboksen på Facebook. Postar ein del andre ting der òg.

Klem, Gudrun, som fortsatt er stolt over klatringa på tysdag..!!