Månedlige arkiver: november 2012

Julesangar

Hjå oss har Juletrallen vorte ein hit, 2 åringane syng «Her er nok å gjera for….» Heime er det framleis lenge til jul, så me har ikkje begynt med julesangar, julebakst eller noko anna julete, bortsett frå at eg spraya grønsåpe i gangen då, slik at det skulle lukte nyvaska… Men det må eg nok gjere mange gonger før jul 😉

Juletrallen omsette eg jo galant til nynorsk, tidlegare har eg brukt salmeboka eg fekk til konfirmasjonen for å få rett versjon. I mi salmebok, står begge versjonane, både på bokmål og nynorsk. Eg tykkjer det er viktig at me held på dei nynorske. (Sler eit slag!!)

(Men eg fekk refs av sjefen hin dagen, for eg sang Indianarsangen på bokmål…. Lovar det aldri skal skje igjen, og skal grave fram ein bedre, og nynorsk, versjon)

Men, sjølv om det kan virke slik, er ikkje Juletrall min favoritt julesang. Det er EIN sang som utmerkar seg, som er min absolutte favoritt, og som er fantastisk å syngje, VISS ein treff rett stemmeleie… Og ein kjekk bonus er at den er DEN nynorske julesangen, over nokon.

Mange har nok allerede gjetta det; Julekveld. Eg kan dei fire første versa på rams, mens det siste oppdaga eg for nokre år sidan. Eg har egentleg valgt å sjå bort i frå det siste verset, fordi eg har høyrt av Sande ikkje likte det sjølv. Prøv å syng den av hjartans lyst, det er heilt fantastisk! Eg føler meg som ei superstjerne når eg trykkjer til.

(Og eg har ikkje berre fått positive tilbakemeldingar på sangstemma mi, nei 😛 Men det er ikkje sangstemma som er avgjerande, det er engasjementet! Ver heilt skikkeleg tilstades, då eig du ungane! Me hadde tre sangstunder i barnehagen i dag, ungar elskar å synge dersom du elskar det! Det er heilt sant!!)

Ein sang som høyrer med i jula, og som ALLTID kjem for brått på, akkurat som alle 17. mai sangar. Eg begynner ikkje å øve på 17. mai sangar i april liksom, men plutseleg er 17. mai der! Kva sang tenkjer eg på? Det er den sangen som har bortimot flest versjonar i barnehagane rundt om; Santa Lucia sangen!

Denne skal me bruke (trur eg, den er skriven ned frå mitt hovud):

 

Santa Lucia
Natta går tunge steg,
kring hus og låve.
Sola ho gjekk sin veg,
jorda skal sove.
Brått her i stova vår,
lys over mørke rår.
Santa Lucia
Santa Lucia
Då eg ein gong for lenge sidan, var det denne versjonen me brukte
Santa Lucia
med den kvite kjolen.
Kom til oss alle,
lær oss å vere snille.
Skinner i små små lys,
heime og i andre hus.
Santa Lucia
Santa Lucia
Det kjem fleire julepostar i tida framover. Legg igjen din favoritt-julesang!
Ha ei flott førjulstid <3
-Gudrun-

Juleførebuing

I morgo (eller i dag då, for dei andre, men eg hadde fri i dag ;)) startar me med juleførebuingar i barnehagen (MERK dette gjeld kun i barnehagen, her heime er det leeeenge til jul 😛 )

I min barnehage deler me alle barnegruppene (4 avdelingar) i 4 nye, blanda grupper. Og 4 dagar i veka er me anten på baking, utegruppe, lesing/synging og forming. I morgo har eg ansvaret for lese/synge-gruppa (eg skal, hinsides all fornuft, òg ha ansvar for eit par formingsgrupper og ei utegruppe, men den tid, den sorg…) Synge- og lesegruppa eg skal ha i morgo, har eg planlagt i dag 😉

Tenkte å lese/dramatisere Alf Prøysen si historie om «Bygda som gløymde det var jul«, det er ei koseleg og morosam historie. Og så skal eg lære dei ein julesang som eg lærte for mange, mange år sidan. Eg googla den, og fann ein variant på bokmål, eg har skrive den på nynorsk, slik eg hugsar den frå då eg lærte den. Men dette er nok litt min versjon dette her. Men den er inspirert av Ingeborg Björk/Carl-Bertil Agnestig sin sang.

Ein juletrall

Tekst; Ingeborg Björk/Carl-Bertil Agnestig


Me skal pynta huset med sprake og med blad.
Me skal laga stakar og sette dei på rad.
Me skal baka bollar, store og små.
Me skal laga snippar med melis på.


For her er nok å gjera for
Tommeltott og Sleikepott
og Langemann og Gullebrand
og Petter Spelemann.
Ja, her er nok å gjera for
Tommeltott og Sleikepott
og Langemann og Gullebrand
og Petter Spelemann


Me skal felle grantre når me i skogen går.
Pynte det med lenkjer når det i stova står.
Me skal sette lys på, raude og blå.
Me skal møta nissen som bankar på.


For her er nok å gjera…


Me skal danse ringdans, syng hopp tra-la-la-la
Putte i oss godteri, so mykje me vil ha.
Me skal feira jula, skjønar du no.
Me kan ikkje unna oss rast eller ro.


For her er nok å gjera…


Ein morosam og fengjande sang! Kjekt med litt andre sangar no til jul, eg har alltid tenkt at denne skal eg bruke, og i år dukkar den opp 😀 

Håpar alle får ei kjekk juleførebuing, ikkje stess for mykje! Likar du bloggen min, så del den gjerne på Facebook, Twitter eller andre stader 😉 Kjekt å få fleire lesarar! Og kom gjerne med idear til postar.

-Gudrun-


Gudrun sine favorittar, vol 2

Eg prøver å finne ut kva som er min favoritt sang, men det er vanskeleg gitt.

Bjørnen og Reven som handdokker
Bamse Brakar og Mikkel Rev

Røysekatt er ein av mine favoritt sangar, fordi den er so morosam å syngje 😉 Hugsar ikkje heilt om eg har delt den før, men her kjem den iallefall.

Røysekatt
Røysekatt, røysekatt, kå lika du deg?
Røysekatt, røysekatt, kå lika du deg?
Eg lika meg godt, men kå lika du deg?
Eg lika meg godt, men kå lika du deg?
Inni, inni, ostastabbur, eg.
Inni, inni, ostastabur, eg.
Du rikka kje rompa på røysekatten, du?
Su-de-lu-de-lu-de-lu-de-lu-de-lu-de-lu-du,
su-de-lu-de-lu-de-lu-de-lu-u-du.

Ein annan av mine favorittsongar er Kamelen Klara. Denne songen finst i mange variantar, og min versjon stemmer ikkje heilt overeins med den som står i songbøkene. (Kvifor har alle skrive den oppatt feil, forresten??) Her er min versjon, eg elskar denne songen på grunn av dei artige bevegelsane og den morosame melodien. (Som heller ikkje er heilt lik den på cd’ane.)

Kamelen Klara
Ein tiger er for diger,
og ein flodhest er for brei.
Ei mus er for lita,
og ei løve er kje grei.
Me har ikkje nok vatn til å kjøpe ein sel,
då veit eg kva me gjer’
Kva då?
Jo, me kjøper ein kamel.
Så set me oss og rir på Kamelen Klara,
og snart så er me ved midt i Sahara.
Oh-lakka-lakka-lakka
oh-lakka-lakka-lakka.
Jada-jada-jada-jada.

Samina er òg ein favoritt. Eg lærte den på lærarskulen, og det var signatursongen til klassen vår. Songen fekk jo eit oppsving under fotball VM (eller kva det no var) for nokre år sidan, så den finn du ganske enkelt tonen på ved å google den.

Samina
Samina mina mina
waka waka e-e-e
Samina, mina sangelewa
anawa a-a
x 2

 Django e-e
django e-e-e
Samina, mina sangelewa
anawa a-a

Ford Escort, Gå i jungelen og Kaffi-sangen har eg delt før. Og Puslegrisen til Prøysen, og Jungelsangen (Det tusler og det tasler), og…. og….

Gir meg her for i kveld, men lovar å utvide favorittane med fleire vol 😉

Kva er dine favorittar?

-Gudrun-

 

Gudruns favorittar del 1

Dette vert nok ein del 1, del 2. ….del 10 post-overskrift. Sidan eg skreiv nokre gamle favorittar i forrige post, fekk eg inspirasjon til å starte på ein eg har tenkt på lenge. Mine favorittsangar.

La oss starte med babysangar. Kva eg har sunge til mine når dei var babyar.

Eg har gått på babysang på Frelsesarmeen med alle mine tre, og der har me hatt nokre gjengangar-sangar. Nye for meg, men eg trur det er sangar dei brukar på babysang på Armeen rundt om. Eg dristar meg til å skrive ned teksten på nokre av dei, nynorsk-sogningifisert sådann.

Du er så fin
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Nydeleg sang å synge mens du vugger babyen og snuser inn babylukta.
Får eg gråte med deg
Får eg gråte med deg når du gråter?
Får eg halde deg når du er redd?
Får eg trøyste på mange slags måter?
Får eg sjå deg når du vil bli sett?
Du får gråte med meg når eg gråter.
Du får halde meg når eg er redd.
Du får trøyste på mange slags måter.
Du får sjå meg når eg vil bli sett.
Til minsten var det jo storesøster og storebror som sang godnatt-sangar når nurket låg i magen. Storesøstera (7-8 år) sang «Berg og båre» (sjå tidlegare post) og «Blåmann bukken min», mens storebroren, som då var 4-5 åring sang div Bæbæ sangar, Roro din båt og So ro lillemann.
Til storesøstera sang eg tre sangar kvar kveld (nesten), Den fyrste song, So ro lillemann og Byssanlull koka kittlen full. Og til mellomgutt vart det felles synging med storesøster om kvelden 😉 Hans favoritt sang som liten var Ro ro din båt. Det er ein flott «nærheit»-sang og synge med babyen, halde han (i og med at mine to siste har vore han) tett inntil og vugge med sangen. Søskenbarnet til ungane mine, hadde «Kven kan sigla for utan vind» som favoritt, men bytta om åror med Håvard.
Det er ikkje nøye kva du syng til babyen, eller korleis du syng det. Babyen elskar å høyre stemma di, og at du held han tett inntil deg mens du syng <3
Til babyen er det rolege favorittar eg har, eg lovar deg at når me veks til, er det meir tjo og hei! Med store bevegelsar og meir liv!
Kva syng du til babyen? (Eller sang for dei fleste av oss, sidan babytiden er så utruleg kort…)
-Gudrun-

Simon i Støa

Eg var på fest i går, feira at mi kjære veslesyster fyller år i morgo. Og som seg hør og bør, var me innom ei mengd med forskjellege tema, bl.a. så vart det ein diskursjon om utedo og løe i Jakob Sande sin Simon i Støa og katten. Reknar med det er fleire enn oss som interesserer seg for det temaet, viss du går inn på linken finn du teksten, og ser at det var nok løe det var snakk om, og ingen utedo.

No var eg berre tilhøyrar til denne diskursjonen, og undrar meg framleis på kvifor folk kan dette diktet på rams. Egentleg er jo det rart at eg er forundra over slikt då, som hugsar omtrent alle songar eg har sunge 3 eller fleire gonger. Men det var ikkje noko eg hadde sett føre meg at dei to som diskuterte hadde noko forhald til.

Når det er sagt, er eg veldig glad i gamle sangskattar og dikt frå tidlegar tider, eg har jo tidlegare posta mange gamle songar frå nærområdet. Visst kjem det mange spennande nye sangar til, men det er ikkje nokon motsetning mot dei skikkeleg gamle, gode sangane.

Har du nokon gammal favoritt? Eg er veldig glad i Den fyrste song, og julesangen over nokon, er Det lyser i stille grender <3 Sler eit slag for det gamle i kveld <3 -Gudrun-