Månedlige arkiver: august 2014

Larver og sommarfuglar

Handdokka Lille Larven Aldrimett

Eg har, overraskande nok (eller ikkje overraskande i det heile tatt, i og med at eg likar boka så godt at eg har kjøpt fleire hundre Lille Larven Aldrimett handdokker), valt boka om Lille Larven Aldrimett som første bok i haust. Eg har lese ho, for heile gruppa, to gonger i samlingsstunda. Ungane sit som tende lys.

Det er litt diskutert dette angåande å lese i samlingsstunda, men så lenge den vaksne som les gjer det underhaldande nok, går det heilt fint.

Korleis gjer du det underhaldande nok?

1. Du kan boka så godt at du ikkje er bunden av teksten, dvs at du kan lese boka mens du viser ungane bilda.

2. Du bruker deg sjølv, stemme, kroppsspråk osv, mens du les. Du speler litt skodespel fpr ungane mens du les. Eg hadde hengt opp eit eple, to pærer, tre plomer, fire jordbær og fem appelsiner på veggen. Desse klipte eg ut av papp og laminerte. Og så brukte eg handdokka Larven Aldrimett og åt meg gjennom frukta på veggen. For å få inn litt tal, talte eg kvar frukt, eit eple, ein, to pærer, ein, to, tre plomer osv.

3. Sjå på ungane, få augekontakt og fang dei inn i historia. La alle ungane kjenne seg sett.

Larven Aldrimett

I boka om Lille Larven Aldrimett kan me finne masse læring.

  • Vekedagar; Larven Aldrimett et seg frå søndag til søndag.
  • Tal; Larven et seg frå eit eple til fem appelsiner.
  • Sunn mat; laurdagen et Larven Aldrimett alt for masse og får vont i magen. Dei andre dagane et ho frukt.
  • Fargar; kva farge er det på frukta?
  • Natur, teknikk, miljø; Korleis Larven Aldrimett utviklar seg til ein sommarfugl. Ungar og vaksne. Me skal ha Larven som tema på gebursdagskalendaren vår i år; ungane skal vere larver og dei vaksne skal vere sommarfuglar.
  • Osv. Kom gjerne med dine tips i kommentarfeltet.

Bestselgar

Larven Aldrimett vart som forventa bestselgaren i nettbutikken, i den grad ein kan seie det etter så kort tid og med relativt få varer. Men Larven Aldrimett er jo spesiell då, kanskje fordi dette er ei bok me kjenner frå då me var små, og så er boka minst like populær no. Det er kjekt å lese ei bok du sjølv høyrde når du var lita, til dine eigne små. Eg reknar med at det er grunnen til at nettopp denne dokka slo så pass godt an. Både barnehagefolk og foreldre kan gjere lesestunda mykje meir spennande med denne dokka, den vert ein skikkeleg bestevenn. Mine toåringar krever at dokka skal ha ein koserunde kvar gong ho er framme.

Kva er dine favorittbøker? Kva alder passar dei til? Larven Aldrimett passar godt frå 2 år, andre favorittbøker er Store Monster gret ikkje og Vesle Monster seier nei, som òg er fine frå 2-3 års alderen. Bøkene om Moi, 2-3 år og oppover, Pål-bøkene er fine første bøker, for 1-2 åringar. Eg har mange favorittar! Ja, og Vrimlebøkene! Sluttar no 😉

Kos deg med kjekke lesestunder. Lik gjerne samlingsboksen på Facebook, og del bloggen med andre viss du likar den <3

Klem,
-Gudrun-

 

 

Barnehagetilvenning? Foreldreråda

Det er tilvenning i barnehagane rundt om, og mange foreldre kjenner seg litt usikre på dette med barnehagetilvenning. Dette er noko eg ofte får spørsmål om, og i dette innlegget har eg samla mine tips til barnehagetilvenning.

Ei hand å halde i <3
Ei hand å halde i <3

1. Stol på personalet. Det er ein grunn til at dette rådet kjem som første råd. Ungen din leser deg, og støttar deg på det han/ho les. Viss du ikkje stolar på personalet, stolar ikkje ungen din på dei heller. Personalet har betalt for å hjelpe deg og ditt barn, dei vil det beste for dykk. Stol på dei!

2. Fortel personalet korleis du vil ha det. Personalet les ikkje tankar, det er like mange meiningar og ønskjer som det er foreldre. Dei som jobbar i barnehagen ønskjer å gjere det slik at tilvenninga vert best for dykk. Nokon foreldre vil at personalet skal ta barnet mens det skrik, mens nokon ønskjer å roe ned barnet sitt sjølv. Fortel personalet korleis du vil at det skal gjerast, og ikkje bli irritert om du må fortelje det til dei fleire gonger. Tilvenninga er hektisk for personalet òg.

3. Ta til deg personalet sine råd. Dei som jobbar i barnehagen, har eit meir objektivt syn enn det du som foreldre har. Råda dei gir, er råd frå pedagogisk kunnskap, frå erfaring frå mange barnehagetilvenningar og frå observasjonar av ditt barn. Personalet vil det beste for dykk.

4. Uenig i noko? Ta det opp med personalet, ikkje med naboen. Eit godt samarbeid går begge vegar, ver med å legg eit godt og ope samarbeid frå starten av. Ikkje føl det som klaging, konstruktiv tilbakemelding er mykje bedre enn baksnakking.

5. Du er eksperten på ditt barn, du veit kva han/ho tåler. Ikkje gløym at det er ditt barn, du kjenner han/ho best. Følg hjarta ditt. Det som funkar for ein, funkar ikkje for ein annan.

6. Ta den tida du treng. Her kjem litt «inside information», det er foreldra sitt behov. Det er du som styrer tilvenninga, barnet ditt reagerer på dine signal.

Er du enig med meg? Mine tips er litt anleis enn dei vanlege tipsa du les over alt, om korte dagar og egentleg fri frå jobb ein månad. Samfunnet er ikkje opplagt til det, du har rett på dine tre dagar, og det er det. Lykke til med tilvenning alle saman, del viss du trur andre kan ha nytte av bloggposten, og legg igjen ein kommentar viss du vil diskutere eller fortelje om eigne opplevingar.

Her er innlegget til personalet når det gjeld tilvenning.

Klem,
-Gudrun-

Dikte sjølv – om dikt og fanteri

samlingsboksen_roser

Gründer søstre

Syster mi er god på språk, og ho har ei forfattarspire i magen. No prøver me så smått (eller egentleg veldig stort, sjølvsagt) å skape oss noko eige. Eg med samlingsboksen og ho med si bedrift www.helviktekst.no. Me hjelper kvarandre og heier på kvarandre. Me gir kvarandre tips og oppmuntring.

Eit av Rønnaug sine tips til meg, var å dikte mine eigne historiar til dokkene mine. Eg tenkte opplegg i samlingsstunder med ein gong, og skreiv innlegget om Bjørnen og Reven og følte meg stolt. Jau, sa ho då, men du må gi dokkene liv, gi dei karakter, dikte dine eigne historiar.

Eg har funne 4 historiar om Bjørnen og Reven, som er på planleggingsstadiet, og har funne ut korleis Sjiraffen Laffen egentleg er, han er litt sjenert, men likar godt samba (Berre spør Karin og Veronika, som tykte det bar over i samlinga i dag.)

Dei tre små griser

OG eg har dikta oppatt eventyret om dei tre små grisene og ulven. I går las eg det for min eigen fire åring, og i dag las eg det for 35 ungar i barnehagen, mellom 2 og 6 år. Og det gjekk rett heim! Det var so moro. Både ungane og dei vaksne var med.

Eg starta med å presentere grisene, Puslegrisen, Sporty Bust og Pelle Gris. Og så ulven, som har fått det flotte navnet Missjø Knit Grybin, du skjønnar at han er fransk, sant?

Missjø Knit Grybin
Missjø Knit Grybin

Og så bygde eg opp historia, stal litt frå Bukkane Bruse og litt frå historiar eg høyrde då eg var lita, om korleis Ola (min granonkel) lurte tyskarane under krigen. Og slutten var ei stor overrasking på meg, sjølv om det var mi historia. Slik er det nok å dikte, å vere forfattar, du veit liksom ikkje kor det endar før det er slutt.

Og det er moro å legge inn litt overraskelsespunkt her og der. Flette inn litt som ungane gjenkjenner, og dei vaksne. Som laurdagsgodteri og økologiske grønnsaker, utan å røpe for mykje….

Og du heilt til slutt, ungane gav meg spontan applaus når eg var ferdig, og ville ha meir… Lever på den ei stund!

Kor du kan få tak i eventyret, seier du? Jau, du får det med når du bestiller i butikken.

Kos deg, og lykke til med eit nytt barnehageår!

Klem,
-Gudrun-

 

Bjørnen og reven

Handdokker av dyr; larve, rev, bjørn, sjiraff
Handdokker; Bamse Brakar, Sjiraffen Laffen, Larven Aldrimett, Mikkel Rev

Bjørnen og Reven har som du kanskje har sett, flytta inn i nettbutikken min. Det er sjølvsagt mogeleg å bruke Bjørnen og Reven kvar for seg, men i dette innlegget vil eg sjå på korleis du kan bruke dei i lag.

Folkeeventyr

Desse to karane, Bjørnen og Reven, er dukkar ofte opp i folkeeventyra våre, som eit radarpar, der den dumsnille og lettlurte Bjørnen vert lurt av den slue luringen Reven. Bjørnen havnar alltid i trøbbel, og det er alltid Reven si skuld.

Eg dramatiserte eventyret om korleis Bjørnen vart stubbrompa til minstemann i går, han slukte det rått, og gav både Bjørnen og Reven godnattkos etterpå.

Sosial kompetanse

Eg meiner du her har mange muligheiter til å diskutere med ungane kva venner er. Korleis oppfører venner seg mot kvarandre? Er det greit å lure vennene sine?

Du kan prøve å sjå saka frå to sider, saman med ungane. Sette seg inn i både Bjørnen og Reven sine ståstadar.

Korleis trur du Bjørnen føler det når han alltid vert lurt? Korleis er det å få skulda for noko som andre har gjort? Som ikkje er din feil i det heile teke, kjenne litt på urettferidgheitskjensla.

Og Reven, kvifor vil han alltid lure Bjørnen? Korleis er det med samvitet hans? Tykkjer han det er morosamt å lure Bjørnen heile tida?

Korleis føler Reven det når han ser Bjørnen utan hale, og veit at det er sin feil?

Fine samtalar

Du kan få mange fine samtalar med borna kring dette. Viss du òg får med deg ein makkar og dramatiserer for ungane (sjå her for innlegg om dramatisering). Då kan de kle dykk i brunt og oransje, slik at de vert Bjørnen og Reven, og bruke dokkene som ein forlenging, la historia utspele seg gjennom dei. Dramatisering er veldig virkningsfullt, ungane lever seg inn i det, og dei kjem til å ta parti.

Her er eit innlegg om Bjørnen som eg skreiv i vinter

Kva ville du brukt Bjørnen og Reven til? Kommenter gjerne, og hugs å dele bloggen viss du likar han.

Klem
-Gudrun-

Bjørnen og Reven som handdokker
Bamse Brakar og Mikkel Rev

Korleis tilrettelegge for ein god oppstart?

Korleis kan ein gjere tilvenninga i barnehagen best mogeleg?

Godt med litt støtte i motbakkar.
Godt med litt støtte i motbakkar.

Dei fleste ungar byrjar i barnehagen når dei er rundt eitt år, og eg vil ikkje gå inn på diskusjonen om barnehage er bra for eittåringar eller ikkje. Eg vil heller fortelje litt om kva me gjorde i fjor haust, då me ved oppstart fekk 11 eittåringar på avdelinga, alle heilt ferske barnehagebarn.

1. Me gira ned. Alle dei vaksne sette seg ned på golvet, og laga plass til dei som trong det på fanget, det kunne til tider verte trongt. Me hadde overhovudet ingen fancy planar om ting me skulle gjennom. Me hadde eit mål og ein plan; å gjere ungane sitt møte med barnehagen så godt som mogeleg.

2. Song. Me song for ungane, heile dagen. Me skapte gode augneblikk. Er det eit oppstartstips eg vil trekke fram, så er det; SYNG!

3. Leikar med lyd. I starten så hadde me leikar med lyd i overflod. Funka fint som avleiing. Høyrest rart ut, men lydleikane var til god hjelp i oppstarten.

4. Tid og rom. Bruke barnehagen, uterom og innerom. Me skifta beite, var det mykje skrik inne, kledde me på oss og gjekk ut. Når ungane var leie og skreik ute, gjekk me inn. Eit sceneskifte hjelpte ofte på humøret.

5. Tilpassing. Med 11 ungar på mellom 11 og 16 månadar, hadde dei sjølvsagt ikkje like rutinar. Me hadde mat og soving heile dagen den første tida, slik at alle skulle få mat, og alle skulle få sove når dei trong det. Me prøvde ikkje å få ungane inn i same rutine, men let dei behalde si rutine, sjølv om me hadde matservering heile dagen.

6. Tilknyting. Så langt det let seg gjera, fekk ungane velje kven dei ville vere med. Så la me vaksne av oss alle våre såre kjensler, kontakten med alle kom etterkvart.

Lykke til med oppstarten alle søte små, alle foreldre og alle tilsette. Kjenner du nokon som kan ha nytte av tipsa? Del gjerne bloggen vidare! Og del i kommentarfeltet om du har gode tips andre treng.

Klem
-Gudrun-