Månedlige arkiver: oktober 2015

Bråkete kvardag? 5 tips til konflikthandtering i skulen.

Ein lærer så lenge ein lever. Og denne hausten har eg lært ein heil del. Av og til møter du ungar, i skulen eller barnehagen, som utfordrar deg. Her har eg samla mine personlege tips, tips eg har lært mest som mamma, men også ting eg har teke med meg gjennom jobben min som barnehagelærar. Kan godt vere at eg berre ser mitt eige synspunkt her, men eg håpar at råda kan ha litt univesell kraft, at du kan ta med deg noko og bruke i din kvardag. Tipsa er skrivne med tanke på skulen, men eg håpar du kan bruke det uansett kor du møter på konflikt.

samlingsboksen_gudrun_2

Har du utfordringar med ein unge i klassen din, så prøv dette;

Tips nr 1. Bygg RELASJON til ungen. 

Minn ungen på kjekke ting de har gjort i lag. Når som helst – kor som helst. Har du treft ungen på fritida? På fjelltur, sykkeltur, fritidsaktivitetar? Har de gjort noko kjekt på skulen? Kjenner du bestefaren? Har du gått på skule med mora? Veit du kva ungen likar å gjere på? Kva interesser har ungen? Korleis ser huset til ungen ut? Kjenner du naboen? Onkelen? Har han ein katt? Minn ungen på at du egentleg er ein kjekk person, at du egentleg er kjempe grei. SMIL!

smil

Tips nr 2. MEDVIRKNING og medbestemmelse. 

La ungen få vere med å medvirke til skulekvardagen sin, la han få fortelje korleis han vil ha det, korleis han vil lære. Korleis ser draumeundervisninga hans ut? Med fokus på læring, korleis trur han at han lærer best? Kva vil han ha meir av? Korleis kan alle få det bedre, han sjølv, lærarane og resten av klassen. Korleis kan de få gjort det de skal gjere på skulen? På ein bedre måte? La ungen verte høyrd. Men; Ungen skal ikkje bestemme, og det må vere med fokus på læring, det må vere seriøse forslag.

ikkje la deg knekke

Tips nr. 3. Ta på ROSA BRILLER

Du må gjere ei endring hjå deg sjølv, vondt, men sant. Er du i konflikt med ein av ungane i klassen, så kan du ikkje halde fram på samme måte som du alltid har gjort og forvente ei endring hjå eleven. Leit etter det som er bra! Ta på deg rosa briller og sjå alt i rosa skjær. Ja, ja, kallar han deg julegris, så er det iallefall mykje bedre enn hore. Og skriv han eit dikt på rim om ein lærar som er sær og manglar klær, så er det super bra og flott rim. Drit i bagatellane. Gi skryt på det som er bra nok. Det du fokuserer på, får du meir av. Det gjeld alltid, over alt! Og viss du endrar litt på synet du har på eleven din, så endrar kanskje han oppførselen òg?

Tips nr. 4. Hald på eit positivt FORELDRESAMARBEID

Dette er eit tips sett frå foreldre sida, og mine tankar om korleis foreldresamarbeidet bør vere, eller ikkje bør vere.

Ikkje gjer dumme ting overfor foreldra og deira unge. Ha fokus på ei løysning og ikkje berre less over på foreldra problema de har på skulen. Foreldra har ingenting med om du søv dårleg, om du ikkje har nokon plass å avreagere. Dette er ting de får ta opp innad i teamet, eller i samtale med rektor. Relasjonen mellom foreldra og skulen vert svekka, og relasjonen mellom foreldra og deira eigen unge vert svekka.

Ta det ved rota, ikkje la det utvikle seg. Er det problem dei tre første dagane etter sommarferien, ta kontakt, ikkje vent ein månad eller to før du snakkar med foreldra. Involver dei tidlegare, slik at de saman kan finne ein veg ut. La foreldra få vere foreldre òg. Dei må av og til ta ungen sin sitt parti. Og dersom du mistenkjer at ungen ikkje har det bra heime, så gjer noko med det, og la skulekvardagen vere so bra som mulig i ein slik situasjon.

Og når du involverer foreldra, ta det steg for steg. Personleg får eg bakoversveis og set på bremsen, dersom eg vert overvelda og brukt som søppelspann. Det er ungen min du snakkar om! Begyn med starten, og fortel litt og litt. Ikkje vent til du har fått meir enn nok.

Tips nr 5. Tenk over korleis du snakkar.

Tenk over kva uttrykk du bruker. Finst ordet PROBLEMELEV i ditt vokabular? Visk det vekk! Jobb med deg sjølv og dine eigne haldningar til ungar og medmennesker.

Veit du heile sanninga?

Ja, eg brukte konsekvent han om eleven/ungen. Det gjorde eg med vilje, for det er EIN unge og EIN elev, og fordi det kjendes rett å gjere det.

Kva meiner du? Er eg heilt på jordet? Lærte du noko? Har du fått tips til eigen praksis? Har du andre tips? Vert glad for tilbakemeldingar. Og del gjerne bloggen vidare, viss du trur andre kan ha nytte av å lese det.

 

-Gudrun-