Ro ro ro din båt

Som eg skreiv på Facebook så har eg fått vite at det finst fleire vers på Ro, ro, ro din båt. Når eg ser versa, reknar eg med at det er nytildikta vers 😉 Ser føre meg at her er det ein barnehage som har vore kreative, men eg veit ikkje. Ver snill å sei frå viss du veit opphavet!!

Ro din båt
Ro, ro, ro din båt,
ta din åre fatt.
Vuggende, vuggende, vuggende, vuggende
over Kattegatt.
Gyng, gyng, gyng din båt,
nedover ein bekk.
Viss du ser ein krokodille,
skrik og jag den vekk.
Ro, ro, ro din båt,
snart er vi i land.
Viss du ser ei løve,
må du brøle alt du kan.
No er me godt i gang med sangsamling saman med 1 åringane. Skal skrive litt om korleis me gjer det i ein annan post. Men ein ting som iallefall er viktig for meg når me har samling; det skal vere moro og det skal fengje barna. Dei skal sitte og følgje med fordi dei vil det, ikkje fordi me har sett dei i ein stol. (Me sit alle på madrass på golvet, fritt til å reise oss opp og gå)
Her ser du bildet av den fine båten som bur i småbarnsboksen min. Båten fann eg i min mann sin konteiner. Verdens største forundringspakke. For alle som lurer på om det var fleire båtar, så nei, eg fann berre ein. Men det var veldig mange kinadokker 😉

Er det nokon som har ein idè til kva eg kan bruke dei til? Dei som kjem med ein god idè, får ei dokke i premie 😉

Eg har òg fått spørsmål om kor eg har funne edderkoppen min, den store som ligg midt på bildet her 😉

Den er det dotter mi som har kjøpt på ein eller annan ferietur. Viss du ser slangen bak edderkoppen, så er den òg hennar… Ho har kjøpt mange forskjellige krypdyr oppgjennom åra. Eg har ein draum om å sette i saman samlingskassar til andre, for eg er veldig glad i ting som kan brukast med ein gong, og som slepp å planleggast så veldig. Eg, og sjefen min, er samlarar, me samlar på alt mogeleg som me kan bruke i samlingsstunder. Då har me alltid eit eller anna klart. Hmmm, spørs om eg skal ta turen inn på alibaba (nettside med alt mogeleg krims) og planlegge kassar… 😉 To be continued 😉

Ønskjer du deg ein boks? Har du laga deg boks? Samlar du? Korleis brukar du boksen? (Eg har sikker ti… den første, som var samlingsboks ala hjarteboksen, ein rimboks, ein auditivboks, ein munnmotorisk boks…etc etc…)

No poppar ideane til nye postar opp..! Har du ønskjer for bloggpostar?

klem, Gudrun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.