Dyr, dramaforløp, troll og slikt ;)

Eg har skrive om dyr før, om sauer, edderkoppar, røysekattar m.m. Blant mine 2-3 åringar på jobb, er det «Ford Escort»-sangen som er hit’en for tida, men me har ikkje gløymt «Jeg heter Mikkel Rev» heller 😉

Krokodillesangen er ein annan hit blant 2-3 åringane no for tida, hugsar ikkje om eg har delt den før, men her er den igjen. Dette er ein bevegelsessang, og dei fleste veit vel kor glad eg er i slike 😉

Krokodillesangen
Nyss så møtte eg ein krokodill’
som køyrde rundt i ein bil.
Han var so tjukk og fe’t,
han blåste i trompe’t.
Men bilen var for trang,
og halen var for lang,
so den fekk ligge på eit lite laste plan.
Denne sangen trudde eg ikkje var ein kjent barnesang, eg har berre høyrt han i ein barnehage (bortsett frå dei eg har spreidd han til, sjølvsagt), men ein vikar eg har med meg no, hugsa songen frå då han sjølv gjekk i barnehagen!
Forrige veke hadde me besøk av 2.klasse studentar frå barnehagelærarstudiet, desse hadde ein ganske genialt dramaførløp med oss, og la meg no forklare kvifor dette var så genialt.
Jau, dette var jo små ungar, og studentane var fremmande vaksne, men dei hadde valgt ut ein sang, ukjent for ungane, men ein klassikar for oss vaksne (Hompetitten) Det første geniale trekket; me andre, kjende vaksne kunne hjelpe dei å dra i gang.
Genialt trekk nr. 2; dei hadde laga bevegelsar til sangen; supert! Og genialt trekk nr 3; dei brukte kun denne sangen, og sang den oppatt og oppatt.
Dei dramatiserte sangen, og brukte få og enkle kostymer, slik at dei ikkje vart totalt forandra, men fortsatt var gjennkjennbare, likevel var dei inni andre rollar.
Dessutan trekte dei ungane inn i samlinga, ved å gi dei oppgåver. Ein ting som er viktig å hugse på i den forbindelse, er at alle må få prøve, også dei som brukar litt tid til å tø opp. Sjølvsagt ikkje viss dei ikkje vil, men pass på at dei tøffaste ikkje overkøyrer dei litt meir forsiktige.
Eg har ofte brukt drama saman med ein annan vaksen og 2-4 avdelingar frå 1-6 år, bl.a. har eg dramatisert favoritt eventyret mitt Storetroll og vesletroll Det er vel antakeleg det artigaste eventyret eg veit om! Då har me passa på at kostymene er enkle og «gjennomsiktlege», og vist ungane at det berre er oss. Eventyr om troll kan jo vere skummelt, iallefall viss kostymene er skumle. Ein hatt på hovudet, eller ei pute på magen er greit nok. Til geit brukte me berre ei leikegeit, den største me hadde, men likevel er den liiiiten (slik plastdyr) Men ungane skjønnar tegninga, og ei plastgeit funker som fjell. Ein stol vert til ei fjellhylle og alle er i ein magisk verden. (Til alle som jobber med meg; berre vent til reprise på Storetroll og vesletroll frå meg og Anne Kristin til hausten!! Det vert gøy!)
Merkeleg dette her, dette skulle vere ein post om dyresangar, men det vart visst ikkje det lell. Men fleire av favorittdyresangane mine finst allerede på bloggen, det er berre å søke.
Har du eit favoritteventyr, eller eit tips til dramatisering du vil dele? Har du kanskje ein favorittdyresang? Del med oss andre då vel!! 
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *