Moro med 20 to-tre åringar

Eg er tilbake med mine kjære to åringar, dei siste 6 åra har eg jobba eit år med eitt åringar og eit år med tre åringar, mens eg har starta på det 5. året med to åringen. Ein finurleg og artig alder.

På tysdag hadde me besøk av ein annan avdeling, ei avdeling med to og tre åringar. 20-25 to-tre åringar var mykje liv og hoi, skal eg seie deg, heilt til me hadde samling.

Eg hadde ikkje planlagt samling, men eg elskar samlingsstund, elskar stjernene i augene, elskar å underhalde desse små, artige menneska. Og me trengde eit sceneskifte. Så samling vart det.

Boksen.

Eg har alltid med meg boksen. Eg kan aldri gå til samling utan samlingsboksen.

Eg hadde med meg ein hjelpesmann, ein liten herremann på to år, som talde til tre kvar gong eg ba han om det. Eg veddar mykje på at eg ikkje hadde fått med meg så mange vaksne til å telje til tre framfor 25 likesinna. Det er artig med dagens unge, dei er vant til å stå framfor andre heilt frå dei er to år som min venn, mens dei snakkar. Kven hugsar vel ikkje med gru særoppgåva? Kvidde seg i fleire veker, for ikkje å snakke om år, heilt frå ein fekk høyre om denne skremmande opplevinga som skulle komme i 9. klasse. Dagens unge har føredrag i hytt og pine, ikkje stressar dei nevneverdig over det heller.

Denne unge mannen har gått i barnehagen vår i snart tre veker og har hatt sin debut framfor alle dei andre.

Tilbake til boksen. Å ha med seg noko inn i samling, er alfa omega. Det er ikkje alltid så mykje som skal til før det vert meir spennande.

Innhaldet

Eg har sjølvsagt mykje kjekt oppi boksen min, konkretar som kan knytast til ein sang, eller vere skodespelarar i eit eventyr, eller brukast til Kims leik osv.

Sjølvsagt er handdokkene frå nettbutikken med. Mikkel Rev fekk komme opp, og me sang «Mikkel Rev» for full hals, før me gjekk over til Hakkebakkeskogen og «Mikkels vise». Og Hakkebakkeskogen hadde to-tre åringane treft på tidlegare, så me fekk repitert opningsscena, og sang «So ro lillemann» før Mikkel måtte oppatt i boksen.

Bamse Brakar dukkar òg ofte opp frå boksen, og då kjem som oftast Bjørnen sover som sangforslag. Me har òg brukt Bamse som konkret i Hakkebakkeskogen, som Bamsefar og Brumlemann. Denne gongen dukka ikkje bjørnen opp av boksen, men me kjem nok til å prøve oss på dette opplegget om sosial kompetanse med Mikkel og Bamse litt seinare i år.

Bamse Brakar og Mikkel Rev i barnehagen.

Sjiraffen Laffen er òg ein fyr som «alltid» dukkar opp av boksen, fordi ungane elskar den sangen. Sjiraffen Laffen, som eg lærte på Høgskulen i Sogn og Fjordane då eg gjekk i 1. klasse på førskulelærarutdanninga i 1994-95, er ein av mine signatursangar. Det er sangen som ei av dei første barnehage-jentene mine nemner; «Eg hugsar Sjiraffen Laffen», sjølv om ho no er over 20 år og utdanna barnehagelærar sjølv.

Elles har eg handdokke av sau og krokodille (kjøpt i anna butikk), edderkoppar i lange baner. Me held oss mest til «Pitte vesle edderkopp» og «Store petter edderkopp» endå, men den sinte og den morosame dukkar nok snart opp dei òg, berre me vert trygge nok.

Mitt tips til deg er å bruke sangar som du likar, bruke masse bevegelsar, bruke blikket, bruke mimikk, og SMILE!

 

Kos deg – nyt samlingsstunda <3 Ha da moro!

 

Klem

  • Gudrun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.