Vesle Petter Edderkopp

Vesle Petter Edderkopp er ein så genial sang, at den fortjener ein eigen post. Det er ein enkel sang, som er lett å lære, den har enkle bevegelsar som gjer det enklare for ungane å hugse den og etter kvart som ungane vert større, går det an å gjere bevegelsane vanskelegare. Og det som gjer den til ein av mine store favorittar; den kan varierast i det uendelege, og ungane kan vere med å komme med forslag.
Alle kjenner jo dei Vesle Petter Edderkoppen. Men så finst jo òg den Pitte Vesle, som må syngast med lys, lys pipe stemme og ørsmå bevegelsar. Den Store Petter Edderkoppen syng me med djup, høg røyst og svære bevegelsar. Den Gamle med skjelvande stemme og bevegelsar. Den raske syng me fort og med raske bevegelsar, den treige er skikkeleg treig. Den sinte, som jo er litt morsom å syngje, sidan me kan bruke sint stemme berre på tull. Den sinte har brå bevegelsar. Den Tyske har firkanta bevegelsar, den Amerikanske har store bevegelsar… osv. Og den Morsomme som eg skreiv om i første posten, han berre ler.
Edderkoppen over her, har eg kjapt laga på Paint. Ein enkel illustrasjon, som gjer det enkelt å sjå kva sang me skal syngje. Ungane likar illustrasjonar! Og det enkle er ofte det beste <3
-Gudrun-

 

3 kommentarer om “Vesle Petter Edderkopp

  1. Jeps, kjem sikkert ein post med internasjonale edderkoppar òg 😉 Itsy bitsy spider har eg brukt med hell i samlingsstunder! 😀 Stas å syngje på engelsk, spesielt dersom me har engelsktalande barn i gruppa 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *