Å prøve noko nytt.

Eg har jobba på mange forskjellege avdelingar og barnehagar i løpet av dei siste 16 åra. Eg starta min karriere med å dele mellom ein 1-6 ein avdelingsbarnehage og ein 0-3, med overtall av 2-3 åringar i ein tre avdelingsbarnehage. Eg har jobba i rein 3-6, med 18 barn, med 24 barn, blanda 1-6 avdelings med tilsammen 27 barn, liten 1-3 avdeling med 6 barn, 2-4 års avdeling med 12-14 barn, rein 2 års avdeling med 8 barn. Med andre ord masse forskjelleg, men til hausten skal eg likevel prøve noko nytt. Eg skal jobbe med ei gruppe med berre 1 åringar.

Mange små nøster som skal ha sitt første møte med barnehagen. Eg har jo allerede skrive eit innlegg om å jobbe med små barn, men no ønskjer eg hjelp til ein idèbank; kva funker med 1 åringar, kva funker med 2 åringar, kva funker med tre åringar, kva funker med 4 åringar, kva funker med 5 åringar, kva funker med 6 åringar?

Med eit åringen, tenkjer eg at Vrimlebøkene må vere perfekte. Dei har ialle fall slått godt an i heimen på den tida, dei funker jo godt oppover i alder òg, set berre litt krav til historieforteljaren. Pål-bøkene likar eg òg veldig godt til små barn, passe enkelt med 2-3 ord i kvar setning. Eg gledar meg til å fylle på denne lista, kva som er moro med 1 åringar. Har du erfaring? Vil du dele? Kva funker ikkje?

Eg jobba saman med ei veldig flink dame for 11-12 år sidan. Ein ting ho hugsa med meg, var at sangane me sang skulle vere skikkelege. Eg er ikkje fan av det eg, litt stygt kanskje, men dog, kallar Labbetuss-sangar. Sangar av typen «Kva for dag er det i dag? Kva for dag er det i dag?» Sangane me syng skal vere morosame, skal gi oss noko når me syng, skal engasjere oss. Eg likar lite monotome sangar som går bortover og som ein nesten gruer seg for å synge. Så eg kjem nok ikkje til å synge slike med eitåringane heller….

Med fare for å ha skremt deg: Kva syng de saman med eit åringar? Kva likar dei?

Og har du tips som fungerer med 2, 3, 4, 5 eller 6 åringen? Skriv ein kommentar, eller ein melding på Facebook Del gjerne posten med andre du trur kan bidar til idebanken <3 -Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *