Boksar

Boksar.
Eg er glad i boksar, så her kjem eit barnehage-tips, evt eit heime tips for dei som ikkje likar bøker. For ganske nøyaktig 15 år sidan, var eg ferdigutdanna førskulelærar, dessutan er eg samlar av rang, så eg har etterkvar litt utstyr å velge mellom. I ein del år har eg jobba med spesialpedagogikk, og der kom idèen om boksar dukka opp. Eg skal ikkje påstå at eg har funne det opp sjølv, men eg føler likevel det er litt Mitt 😉 Det starta med ein pose eller boksar med diverse ting oppi, og har no enda opp i ein boks med «Gudruns munnmotoriske krumspring» som er fyllt med munnmotorikk. Den er fyllt med munnmotoriske aktivitetar, som eventyr (Herr Tunge, Trollkjerringa som vasker huset osv), sangar (td. MÆ sa ein liten grøn frosk) og andre munnmotoriske øvelsar. Eg har ein auditiv boks, fyllt med lytteaktivitetar. Og mange fleire…

Viss barnet ditt ikkje likar å lese bøker, er ein boks eller ein pose eit godt hjelpemiddel for å få i gang ein samtale. Putt oppi noko spennande, ta det som interesserer barnet ditt akkurat no, så trekker de opp forskjellige ting og pratar om det. Ikkje still spørsmål, det er ikkje noko intervju, prøv å få i gang ei samtale, der de pratar saman. Det er forøvrig òg eit godt tips viss ungen din ikkje fortel noko frå barnehagedagen/skuledagen; prøv å få i gang ei samtale ved å fortelje kva du har gjort i dag, i staden for å stille spørsmål.

Nyt sommaren <3 -Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.