Kaffi

Skulle egentleg skrive pusekattsangar i dag hadde eg tenkt, men då eg leita etter bilder av pusen min, fann eg kaffikoppen i staden for. Og eg kan ein kjempekul kaffisang, som eg lærde på mitt første Kan-ikkje-syngje-kor-kurs. Det er ein gammal song her frå området nok ein gong, og alle melodiane på «Toneskrin»-sangane finst nok i sangboka «Skumringstimen vokal folkemusikk frå Sogn og Fjordane». Ei sangbok der dei virkeleg har skjønt det; Legg ved cd med lydspor! 😉 Flott bok!!

Koke kaffien
Å hente, brenne, knuse, koke kaffien.
Å henta, brenna, knusa, koka kaffien.
Åso henta me dan, å so knuse me dan.
Å henta, brenna, knusa, koka kaffien.
Dette verset syng me tre ganger, og det siste går slik;
Å henta, brenna, knusa, koka og fortæra kaffien.
Å henta, brenna, knusa, koka kaffien.
Åso henta me dan, å so knuse me dan.
Å henta, brenna, knusa, koka kaffien.
Ein enkel og morsom sang!! Som alle ungar elskar! Men når det er sagt, så kan du få ungane til å elske alle sangar, det betyr mykje korleis du legg den fram. Viss du viser at du likar sangen, og syng med energi og entusiasme, så vert sangen kjekk!
Og så tek me med ein sang til, sjølv om han ikkje handlar om kaffi, så vert det nesten, for det handlar om ei kanne 😉 Og det kan jo vere ei kaffikanne 😉 Denne sangen har ein dans, som står i parantes.
Jomfru Anne
Oppå land (oppå tå), nedpå strand (ned på hælen)
stod ei lita kanne (lag hank med ein arm og tut med den andre)
Åtte dagar føre jul, dansa Jomfru Anne.
Tralalalalalala (4 skrit hit)
Tralalalalaala (4 skritt tilbake)
Tralalalala (4 skritt)
Tralalalalalaa (4 skritt)
Og for dei som ikkje syng nynorsk eller sognadialekt; eg oversetter nesten alle sangar til mi dialekt, og det kan du gjere òg 😉
Kos dikka me’ kaffien i kveld! <3
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *