I møte med sorg.

Eg har skrive om sorg tidlegare, men denne siste veka har vore hendelsesrik, og eg har funne fram nokre nye tekstar.

Ferien er no ubønnhøyrleg over. Me har fått gjort masse saman som familie, først ei god veke med campingtur, med stopp i Hønefoss, Uddevalla og Drammen. Me hadde flott vær heile turen. Så var me heime nokre dagar, med nydeleg vær og fleire fjellturar i nærmiljøet. Siste veka hoppa me på ein tur til Bodrum i Tyrkia, for værmeldingane for Sogn var skikkeleg dårlege.

Då me kom heim, kom me oppi køen i Gudvangen, der vogntoget brann i tunellen. Eg trøsta meg med at me ikkje hadde muligheit å komme borti det, fordi me for frå Bergen så fort me kunne og køyrde nesten i eitt, og var der ein time etter brannen starta. Dessutan var eg glad for at det gjekk bra med alle som vart fanga i ein brennande tunell. I går var me i gravferd i Vik, etter onkelen til mannen min, ein mann som har hatt eit langt og godt liv. Men på veg heim att, kom me i ein ny bilkø. Buss-kollesjon i Fardal. Me brukte fem timar, mot normalt ein, på heimvegen, og vart litt lei av å stå i bilkø. Men likevel, eg var glad for at me kom oss heim, for med to så store ulykker så nært innpå, kjem tankane om kor tilfeldig alt er. Så derfor kjem denne posten.

Ein sang som ofte er i gravferder, er Ein fin liten blome, omset frå svensk av Anders Hovden. Det er ein nydleg sang,

Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Ånei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom han vil sjå.

Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Ånei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogsblome, eg.

Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din?
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.

I går lærte eg to nye vers på denne sangen, det siste her var ikkje med.

Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled deg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav, mi sjel, ho er heime hos Gud.

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus ein gong
i morgonen æveleg klær,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når.

Ein annan song me song i går er Å, eg veit meg eit land, skriven av Elias Blix. Ein kjempe flott song, som eg song for første gong i går.

Å, eg veit meg eit land.
Å, eg veit meg eit land
Langt der oppe mot nord,
Med ei lysande strand,
Mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
Der mitt hjarta er fest
Med dei finaste, finaste band
:/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å , eg minnest så vel dette land :/:

Der eit fjell stig mot sky
Med si krone av snø,
Og i lauvklednad ny
Det seg speglar i sjø.
Og det smiler mot strand
Med si bringe i brann
I den solklåre, solklåre kveld.
:/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette fjell :/:

Å eg lengtar så tidt
Dette landet å sjå,
Og det dreg meg så blidt
Når eg langt er i frå.
Med den vaknande vår
Vert min saknad så sår
Så mest gråta, mest gråta eg kan
:/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette land :/:


Denne er òg ein sang som er god å synge, eg tenkjer alltid på Besten min når eg syng den, for dette verset betydde mykje for han:

Eg er ein fattig ferdamann,
må mine vegar fara
herfrå og til mitt fedreland,
Gud, meg på vegen vara!

Eg er i full gang med å planlegge hausten, og er takknemleg for tips og idear til tema, me blir bedre av å stå saman <3 Skriv ein kommentar i bloggen eller ta kontakt på Facebook. Gledar meg til ein flott haust, der me må hugse på å leve i augneblinken, alle saman. <3 <3 <3

– Gudrun-





Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.