Regler om kroppen

Jenta mi vart storesyster til den minste broren sin då ho var 8 år, og ho sang sjølvsagt til babyen kvar kveld (mens han var inni magen). Ho sang Kari Bremnes sin «Berg og båre» som er ein aldeles fantastisk nydeleg sang, og gode gamle «Blåmann, bukken min». Den blivande storebroren, som var 5, sang «So ro lillemann» og diverse Bæ-bæ sangar.

Storesøstera laga ei lita fingerregle til vetlebroren som dei to brukar den dag i dag. Ho seier orda med rytme og tek på fingrane hans, og no seier er minsten med og seier orda.

Klovnen Kalle
går mot døra,
spiser på en 
liten BANAN.
Regler om kroppen er morsomme, både for babyar og eldre ungar. Her er eit lite utval av regler eg hugsar frå min eigen barndom og har lært seinare.
Pannebein
Augestein
Nasetipp
Øyreflipp
Munnelipp
Hakeslipp
ooooog Dikkedikkedikk
Banka pao (panne)
kik inn vindauga, kik inn vindauga (augene)
Vri om lykkelen (nasen)
Turka seg på føt’en (haka)
og gå inn (munnen)
Denne under her pleidde pappa å seie til meg 🙂 So denne er takk til pappa 🙂 Har sett denne i fleire versjonar, men dette er min.
Kjemme ein liten rev,
likkande lakkande,
oppette bakkane.
Leita ette eit lite hus,
ikkje der,
ikkje der,
men dikkedikke der.
Og her er ein for ryggen, som eg òg lærte som liten, trur det var av eit søskenbarn.
Fire bank i ryggen
Blodet strømmer.
Edderkoppen spinner,
krokodillen biter,
egget knuses…..
Regle for fingrane
Tommeltott
Sleikepott
Langemann
Gullebrand
og Lille Petter Spillemann
Og to tilslutt for føtene
Ei lita ært
ei lita ært
ei lita ært
ei lita ært,
og ei stor stor bønne.
(og her kiler eg alltid barnet på magen og seier;
Og ei store store BØLLA)
Denne siste er det òg mange versjonar av, mannen min brukar ein annan, men dette er den eg høyrde som barn: 
Little tå
Tå tilla
Tilla ros
Meggel fru
og store skrubbe hesten i skogen.
Alle desse har eg sagt i søvne tidleg tidleg på morgonen, for å få «sove» pitte pitte litt lenger 😉
Kos deg med siste sommar-resten! Las at Lærdal hadde hatt beste sommarværet i år… Så då har vel ikkje eg heller hatt så verst vær samanlikna med resten av landet (Stakkars resten av landet!!) I dag gjekk eg, unge flokken, søstra mi og mamma ein lang fjelltur, litt haustfølelse på toppen, men elles ein flott dag i fjellet!
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *