Kategoriarkiv: regler

Taktil persepsjon

Ja, i dag spreier eg om meg med framandord. 😉 Me pedagogar er alltid opptekne av å snakke folkeleg slik at alle forstår kva me seier, som jo er viktig det òg. Men får me auka yrkesstatus dersom me ikkje alltid er so folkelege? Me kan jo mykje, og skal vere stolte over det!

Vel, taktil persepsjon, eller berøringssansen, er enkelt sagt evne til å registrere – og reagere på- berøring, temperatur og smerte. Berøring er viktig med tanke på barna si fysiske- og psykiskeutvikling gjennom heile barndommen, faktisk er berøring ein viktig forutsetning for at me skal kjenne oss vel gjennom heile livet. Me kan aldri ta på ungane våre for mykje, derimot kan me ta for lite på dei.

«Ro din båt» er ein fin sang berøringsmessig, ungen sit på fanget til den vaksne, og så ror dei att og fram i første del av verset, og vuggar fram og tilbake i andre del av verset. Regler med berøring, som «Kjemme ein liten rev» er òg lure til taktil stimulering.

Ylva Ellneby (som har skrive fleire fine bøker om barn) seier i boka «Se hva jeg kan!» at det kan vere lurt at dei vaksne har nokre vanlege berøringsleiker i sitt leikerepertoar. Dømer til små barn

  • Bake bollar; Barnet er deig som vert rulla og elta på golvet.
  • Kile leikar; td. «Kjem ein liten rev»
  • Katt og mus; «No kjemme eg og teke deg» Jage og fange – og gi ein god klem.
  • Huskeleik; sitte på fanget til ein vaksen og huske opp og ned eller fram og tilbake, som i «Ro din båt»
Grunnen til at eg tek opp dette temaet no, er at det er oppstartstid i barnehagen. Og det å oppleve nærheit og kontakt er det aller viktigaste for små barn, særleg i situasjonar som kjennes utrygge. Derfor er det viktig å hugse på å gi dei eit fang å søke inn til, både heime og i barnehagen. 
So sagt er det oppstartstid i barnehagen, og litt travlare tider. Så eg rekk ikkje oppdatere bloggen så mykje no før ting har roa seg litt.
Har du fine berøringssangar eller regler, ikkje nøl med å skrive det i ein kommentar 🙂
-Gudrun-

Regler om kroppen

Jenta mi vart storesyster til den minste broren sin då ho var 8 år, og ho sang sjølvsagt til babyen kvar kveld (mens han var inni magen). Ho sang Kari Bremnes sin «Berg og båre» som er ein aldeles fantastisk nydeleg sang, og gode gamle «Blåmann, bukken min». Den blivande storebroren, som var 5, sang «So ro lillemann» og diverse Bæ-bæ sangar.

Storesøstera laga ei lita fingerregle til vetlebroren som dei to brukar den dag i dag. Ho seier orda med rytme og tek på fingrane hans, og no seier er minsten med og seier orda.

Klovnen Kalle
går mot døra,
spiser på en 
liten BANAN.
Regler om kroppen er morsomme, både for babyar og eldre ungar. Her er eit lite utval av regler eg hugsar frå min eigen barndom og har lært seinare.
Pannebein
Augestein
Nasetipp
Øyreflipp
Munnelipp
Hakeslipp
ooooog Dikkedikkedikk
Banka pao (panne)
kik inn vindauga, kik inn vindauga (augene)
Vri om lykkelen (nasen)
Turka seg på føt’en (haka)
og gå inn (munnen)
Denne under her pleidde pappa å seie til meg 🙂 So denne er takk til pappa 🙂 Har sett denne i fleire versjonar, men dette er min.
Kjemme ein liten rev,
likkande lakkande,
oppette bakkane.
Leita ette eit lite hus,
ikkje der,
ikkje der,
men dikkedikke der.
Og her er ein for ryggen, som eg òg lærte som liten, trur det var av eit søskenbarn.
Fire bank i ryggen
Blodet strømmer.
Edderkoppen spinner,
krokodillen biter,
egget knuses…..
Regle for fingrane
Tommeltott
Sleikepott
Langemann
Gullebrand
og Lille Petter Spillemann
Og to tilslutt for føtene
Ei lita ært
ei lita ært
ei lita ært
ei lita ært,
og ei stor stor bønne.
(og her kiler eg alltid barnet på magen og seier;
Og ei store store BØLLA)
Denne siste er det òg mange versjonar av, mannen min brukar ein annan, men dette er den eg høyrde som barn: 
Little tå
Tå tilla
Tilla ros
Meggel fru
og store skrubbe hesten i skogen.
Alle desse har eg sagt i søvne tidleg tidleg på morgonen, for å få «sove» pitte pitte litt lenger 😉
Kos deg med siste sommar-resten! Las at Lærdal hadde hatt beste sommarværet i år… Så då har vel ikkje eg heller hatt så verst vær samanlikna med resten av landet (Stakkars resten av landet!!) I dag gjekk eg, unge flokken, søstra mi og mamma ein lang fjelltur, litt haustfølelse på toppen, men elles ein flott dag i fjellet!
-Gudrun-