Min adventskalendar; 5. desember – sjokoladekake

Det snøar, Big Time, i Dalen i dag. I går var eg og gutane ute og sklei og laga snølykter (som vart både nedsnødde og vekkbrøytte, men det er ikkje nøye). Eg og minsten som har fri frå barnehagen i dag, bakar sjokoladekake (som står nedom her) og skal ein tur ut og brøyte før me skal på Tae Kwondo gradering!

Så i dag heiar eg på mellom guten i familien. Han er 8 år og skal graderast i tae kwondo i dag! Hurra!

snø

Då er det på plass med ei enkel platekake, som er rask og enkel. Takk til Karin, som var styraren min i gamle dagar for den geniale oppskrifta!

Langpannekake
6 koppar mjøl
4 koppar sukker
4 egg
2 koppar mjølk
300 gram smelta smør
3 ts bakepulver
3 ts vaniljesukker
2 ss kakao
Bland alt, rør kun med visp, ikkje mixmaster.
Steik på 180 grader i 30 min.

SJOKOLADEKAKE

Ferdig kake

Kaffi og sjokolade

Prøvesmaking…

Denne er grei å ty til når du skal ha bake-dugnad, t.d. til tae kwondo-gradering og slikt. Og viss du brukar o’boy i glasuren istaden for kakao, vert den lys og fin – så veit du det 😉

Hugs å nyte førjulstida. (Eg innrømmer glatt at førjulstida skjeldan vert koseleg for meg, eg stressar som ein gal. Men i år er eg tidleg ute 😉 Prøver eg stadig å overbevise meg sjølv om – i god NLP-ånd)

-Gudrun-

snø

Utsikten frå stoveglaset i dag tidleg, koseleg å sitte inne og sjå på snøen med kaffikoppen og vite at du ikkje treng køyre bil på Dalavegen i dag 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.