Min adventskalendar; 8, desember – om tradisjonar

2. lyset brenn.

No tenner me det andre lys,
det står der stilt å skin.
Me ventar på at Gud vår far,
skal senda sonen sin.

Dette er den sangen me syng når me tenner lys. Det var den me sang heime, og den syng eg saman med ungane mine eigne òg.

snø

Tradisjon er jo det jula handlar om. Kjekt med nytt òg, altså, men når det er jul, så er me vel alle litt tradisjonsbundne? Kva må du gjere til jul?

Eg må ha tomt vaskerom og skifte på alle sengene. (Hender det skjer elles i året òg, altså, men på julafta må det vere). Og me må bake smoltringar. Før, når eg var liten og så lenge som besta mi levde, baka me smoltringar hjå besta og besten. Dei budde nett over oss, og det var alltid «Texas» når me baka. No steiker me smoltringar hjå mamma og pappa, og «Texas» er det fortsatt. Karameller er ein annan tradisjon, det lagar me kvart år.

Lucia skreiv eg om i fjor, det var ein kjær barndomstradisjon. Me gjekk lucia-tog i nabolaget, sang og delte ut lussekattar. I år er Luciadagen på ein fredag, så i år vert det Luciatog på Lauvhaug òg. Luciadagen er ein ting som ofte har måtta vike pga tidspress. Viss me kjem heim i fem tida på ein skuledag, vert det ikkje tid til tog. Men me prøver alltid å bake Lussekattar iallefall.

Ungane har som tradisjon å bake kakemenn saman med svigermor, det er òg alltid koseleg. Då bakar dei saman med søskenbarna sine, og kjem heim med gode kaker.

Kva er det som gjer oss så tradisjonsbundne i jula? Eg høyrer stadig historiar om foreldre som prøver å gjere om på noko når ungane er vaksne, som møter sterk motstand: Det skal vere som det alltid har vore!

Posten kjem seint, men godt i dag. Grunnen er 1. Me har hatt den tradisjonelle smoltring-bakinga i dag og 2. I går fekk eg brev frå legen min at eg hadde husstøvmidd allergi. Så resten av dagen har vorte brukt til å eliminere litt husstøv midd …  Tek gjerne i mot gode tips til korleis eg kan lindre plagene mine.

Førjulsklem frå

-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.