Om meg

Eg og sjiraffen smiler søtt framfor vår nyaste bil.
Eg og sjiraffen smiler søtt framfor vår nyaste bil.

Eg er Gudrun Helvik Stenehjem, gift, har tre barn, katt og hund. Jobbar som barnehagelærar i ein seks avdelingsbarnehage, akkurat no på småbarnsavdeling. Eg vil komme med tips og idear som kan hjelpe deg til ei kjekkare samlingsstund.

Eg har sidan eg var liten, alltid likt å synge, eg nynnar alltid vidare på den siste songen eg har høyrt. Det var litt plagsomt den gongen eg jobba spes-ped og alltid begynte på jobb kl 8.00. Eg høyrde på p1 i bilen, og litt før 8 var det alltid andakt, slik at eg kvar dag vart nynnende på ei salme. Eg likar salmar, altså, men det var litt slitsomt å nynne på det heile tida.

I samlingsstunda med ungane, prøver eg å alltid vere fokusert og engasjert, slik at eg får med meg barnegruppa.

Org nr 997258843

Telefon nr 97170239

Adresse Lauvhaug, Sogndal

4 kommentarer til “Om meg

  1. Hei, kan du jeg spørre deg vedr hakkebakkekogen. Har du bilde av de sangkortene enda? Kunne jeg sett hvordan du har laget de?

    1. Hei! Eg lagar songkorta veldig enkelt, med illustrasjonar som eg har tegna av på framsida og teksten på baksida. I korona-stenginga laga eg songkort til barnehagen ved å dele eit a4-ark i to, og sette inn illustrasjon på eine sida og teksten på andre sida, bretta og laminerte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.